Styretur og sju medlemsmøte – oktober 2024

Ein innhaldsrik tur med gode møte og ny læring!
Styret har hatt som mål å ta ein tur langs heile riksveg 13 kvar 4. år for å ha møte med alle medlemmer som vil blir lytta til. Dessutan treng styret og nye styremedlemmer å sjå alle utfordringane som raspunkt og dårleg standard langs traseen og kva som er planlagt og blir gjort av nye prosjekt frå fagetatane Statens vegvesen og Nye Veier.
Ein representant for Nasjonal Rassikringsgruppe deltok på heile programmet.

Dokument for synfaringa:
Statens vegvesen: Rv 13-kart og utgreiing av utfordringspunkt for styreturen.
Nye Veier AS: Rv 13-kart og utgreiing av utfordringspunkt for styreturen.

Pga Covid 19 var det i 2024 åtte år sidan sist synfarings langs heile riksvegen, og mykje har skjedd sidan den gang. Dessverre er det enno rikeleg med rasstrekk med høg og middels skredfaktor å synfara, ca 30 totalt for riksveg 13.
Ein kortare tur vart utført likevel i 2021 i samband med at Nye Veier skulle overta ansvaret for nordre del Skare – Sogndal.

Medlemsmøta:
Det første av sju medlemsmøte starta i Stavanger måndag ettermiddag 21. oktober. Møta vidare frå 22. oktober vart gjennomført på Tau, Hjelmeland, Sand og Kinsarvik.
Møta 23. oktober på siste nordlegaste etappe av synfaringa var Voss og Vik. Turen med verdifull fagleg orientering både frå Statens vegvesen og nye Veier gjekk så heilt fram til Sogndal.
I bussen langs heile rv 13 og i møta deltok styret, varamedlem og representantar for dei to fagetatane. Statens vegvesen deltok med seks deltakarar, delvis på forskjellige strekk og møte på heile turen. Dette avdi nordre del av riksveg 13 ikkje skal ha overføring av ansvaret for drift og vedlikehald til Nye Veier før i september 2027. Nye Veier var representert med to deltakarar på nordre del frå Skare til Sogndal.


På dei sju møta deltok over 40 representantar frå medlemmer, i tillegg til styremedlemma kvar for seg også representerer medlemmer. Presse var og invitert på møta.
Ein representant for Nasjonal Rassikringsgruppe deltok på heile programmet.
På dei sju møta deltok over 40 representantar frå medlemmer, i tillegg til styremedlemma kvar for seg også representerer medlemmer. Presse var og invitert på møta.

Styreleiar Marta Sofie Vange sin introduksjon på alle sju medlemsmøta.
Referat frå alle sju møta
Statens vegvesen: Samlepresentasjon for alle sju møta v/Svenn Finden. Prosjekt Rødsliane for møtet på Sand v/Geir Strømstad.
Nye Veier AS: Presentasjonar for møta i Kinsarvik, Voss og Vik v/Håkon Lohne og Kristian L. Karlsen.

Sidan 2016 har Fjordvegen Riksveg 13 hatt monaleg stor medlemsauke, slik at det er lagt vekt på å møta den breie medlemsmassen og få god dialog sjølv om møta ikkje var lange. Styreleiar og fagetatane orienterte på møta og sa seg nøgde over dialog og mange innspel å ta med vidare.

Statens vegvesen v/Svenn Finden som hadde hovudorienteringa frå SVV saman med Ellen Johnsen Haaberg, her med fylkesordførar Ole Ueland og fylkesvaraordførar Svein Erik Indbjo, Rogaland fylkeskommune på møtet i Stavanger.
Frå møtet på Tau 22.10. der ordførar i Strand Irene Heng Lauvsnes hadde mange saker å ta opp.
Synfaring på rv 13 og stoppunkt på toppen av rasfarlege Rødsliane i Suldal med prosjektleiar Geir Strømstad, Statens vegvesen til venstre. Her kjem tunnel innan få år.
Godt frammøte på medlemsmøtet i Kinsarvik 22.10. Styreleiar Marta Sofie Vange orienterer.
Håkon Lohne frå Nye Veier orienterer i Kinsarvik.
Frå det siste medlemsmøtet på Blix Hotel i Vik 23.10. Her var det som på Voss, mange bekymra innlegg frå næringslivetsmedlemma og lokalpolitikarar om behovet for Vikafjellstunnelen.