Mål og resultat

Fjordvegen Rute 13 sitt føremål er
 1.   Å arbeida for utbygging av fylkesveg/riksveg 13 slik at denne blir ein trygg veg med gjennomgåande høg standard og gul midtstripe for heile strekninga.
2. 
 Å marknadsføra vegstrekninga som ei effektiv og vakker transportåre og som den indre stamvegen frå Nord-Jæren til Sunnfjord.

HANDLINGSPLANEN stettar hovudmåla for 3-årsperioden:

      • Fjordvegen Rute 13 skal verta den viktigaste reiskapen for regionar, kommunar og verksemder til å skaffa midlar til rassikring, fullverdig vegstandard utan standardbrot og med gul stripe på Riksveg/Fylkesveg 13.
      • Fjordvegen Rute 13 skal målretta støtte reiselivet i Fjordveg-regionen for auka konkurransekraft basert på lokale opplevingar.

     

Kva resultat kan Fjordvegen visa til?
Fjordvegen har sidan selskapet vart oppretta i midten på 1990-talet bidrege til nokre store overordna milepælar er nådd, samt ei rekke større og mindre tiltak langs heile Rute 13 er utført. Stiftarane i 1995 hadde som  «kongstanke» at samarbeid på tvers av fylkes- og kommunegrenser var nødvendig for å løfta fram Riksveg 13 som pulsåra langs den indre nord-sør aksen av fjord-Noreg. Dette samarbeidet gjennom Fjordvegen Rute 13 skulle vera supplement til andre arenaer.
Etter oppretting av Vestland fylke frå 1.1.2020 har Riksveg 13 fått auka betydning som samanbindingsveg i dette nye storfylket. I sør har Stavanger blitt endepunkt etter opninga av Ryfast 31.12.2019. (Foto: Anlegget på Ryfylkesida i aust: Solbakk, Strand kommune.)

Generelt har ein oppnådd desse hovudresultata:

  • Kontinuerlege og sterke  bidrag til å få synleggjort og marknadsført  Rv 13 som høgstandardveg, noko som er særs  avgjerande  for busetting og næringsutvikling i indre del av Vestlandet.  Dette arbeidet for å gjera kommunar og lokalsamfunn robuste og attraktive er første prioritert. Nokre minutt kortare reiseveg og standardheving på «hovudpulsåra» kan vera avgjerande for næringsliv og busetnad. Dette veit næringslivet som særleg etter 2014 har kome med som aktive medlemmer og presentert solide argument for samferdselssatsing.
    Gjennom Årskonferansen, andre politiske møte, bruk av nettstaden fjordvegen.no og facebook har næringslivet sine synspunkt kome fram. Ikkje minst er skaping av slike arenaer med på å få dialog mellom politikk og næringsliv på tvers av fylkesgrensene.   Å få til samstemt syn mellom dei no to fylka om satsinga på Riksveg 13, har vore eit mål  som ein har lukkast med til NTP- høyringa 2020.
  • Sterke bidrag til all standardheving som har skjedd på Riksveg 13 i denne perioden. Svære enkeltprosjekt er fullførte, Sandsfjord bru, Svotunnelen, Goteviktunnelen, Deildo og Ryfast er nokre døme på dette. Andre prosjekt er på beddingen.
    Selskapet si rolle har ikkje alltid vore stor, men smart, slik at samferdselsbiletet er blitt meir komplett. Mykje gjenstår likevel.
    Framover mot vedtak av ny NTP i 2021 er rassikring i fokus hovudsakleg gjennom støtte til og samordning med tiltaka frå den stadig sterkare Nasjonal Rassikringsgruppa, og dernest oppfølging av enkeltprosjekt basert på gradering av rasfare og problem med framkomst. Det er rikeleg av vanskelege strekk å arbeida med ettersom rasfaren aukar med eit våtare og villare klima.
  • Stamveg-status for å få høgste prioritert for vidare utbygging: Hovudfokus i ein vesentleg periode var arbeidet med å få Riksveg 13 oppgradert som del av vegnettet som i dag kallast riksvegar. Fram til revisjonen av ein tidlegare NTP var alle riksvegar i Noreg delt i to grupper: Stamvegar (Europavegar med grøne skilt) og øvrige riksvegar. Mesteparten av Riksveg 13 var då del av den siste kategorien. Selskapet oppnådde ved godt lagspel å få heile strekninga oppgradert som riksveg (grøne skilt) i NTP. Konkret omfatta dette strekninga Vinje – Vangsnes og strekninga Håra – Sandnes. Alternativet? Ein hard konkurranse om midlar til R-13 i samferdselsbudsjetta i tre fylkeskommunar.
    Etter oppretting av Vestland fylke frå 1.1.2020 er fokuset på Riksveg 13 som den indre samanbindingvegen i dette storfylket naturleg aukt.
  • Reiseliv og attraktivitet: Frå 2016 har Fjordvegen Rute 13 engasjert seg sterkt og vore pådrivar for at dei tre fylka skal utvikla tilbodet «Travel like the locals» etter modell frå FRAM Møre og Romsdal. Oppstarten var å skipa til ein eigen Dialogkonferanse hausten 2016. Då fekk ein sterkt fokus på bruk av det ordinære kollektiv rutenettet med buss og båt  for turistar, og godt engasjement og eigartilhøve på høgt politisk nivå i medlemsfylka. Produktet blir vidareutvikla saman med kollektivselskapa og destinasjonane,
    Selskapet har både vore og er sterkt engasjert i å få synleggjort Fjordvegen som ein særs vakker men og trygg veg. Dette for å få markert vegen som attraktiv reiserute, med  aukande ferdsel langs vegen som resultat,  og dermed  styrking for reiselivsverksemder  og andre aktørar. I denne samanheng er det på sin plass å nemna at ingen andre vegstrekningar i dette landet har totalt og samanhengande lengre  strekningar med Nasjonal Turistvegstatus enn riksveg/fylkesveg 13. Det er som kjent 18 slike turistvegar i landet, og langs Fjordvegen ligg to av desse, medan to andre ligg tett ved. Reiseruteutvikling og konsept knytt opp mot reiseruta har hatt ei gledeleg utvikling sidan 1995, noko selskapet har vore bidragsytar til. Ein veit og at attraktivitet som reisemål byggjer opp under regionar som attraktive for busetnad og næringsetablering.
    Discovery Route og Pilgrimsrute-satsing er to retningar for produktutvikling som er interessante for å nå nye målgrupper for heile eller delar av Riksveg 13 og reiselivsaktørane langs ruta.
  • Eit vakent blikk over det heile: Fjordvegen ser på tiltak og tek grep over kommune- og fylkesnivå og har eit godt kontaktnett utover dette. Politiske aktørar i fylkeskommunane og kommunane gjer alle formidabel innsats for Rute 13. Naturleg nok med basis i særleg kompetanse og intensitet i sine respektive geografiske område. Næringslivet  og andre aktørar likeså.
    I dette arbeidslaget er det i tillegg overmåte viktig å ha ein aktør som har auga vidåpne for heile det området som Rute 13 skal tena. Fjordvegen Rute 13 er ein slik aktør!