Handlingsplan 2023-2025

Godkjent av årsmøtet i Stavanger 25. april 2022:

FJORDVEGEN RUTE 13 SITT FØREMÅL (frå vedtektene):

  1. Å arbeida for utbygging av fylkesveg/riksveg 13 slik at denne blir ein trygg veg med gjennomgåande høg standard og gul midtstripe for heile strekninga.
  2. Å marknadsføra vegstrekninga som ei effektiv og vakker transportåre og som den indre stamvegen frå Nord-Jæren til Sogn.

HANDLINGSPLANEN 2023-2025 stettar hovudmåla for 3-årsperioden:

  • Fjordvegen Rute 13 skal verta den viktigaste reiskapen for regionar, kommunar og verksemder til å skaffa midlar til rassikring, fullverdig vegstandard utan standardbrot og med gul stripe på Riksveg/Fylkesveg 13.
  • Fjordvegen Rute 13 skal målretta støtte reiselivet i Fjordveg-regionen for auka konkurransekraft basert på lokale opplevingar.
  1. PROFILERING:

Intern og ekstern profilering og marknadsføring

Legitimiteten og effekten av selskapet er avhengig av kjennskap til og eigarskapen til selskapet sitt arbeide.

Selskapet skal spissa bodskapen sin og vera tydelege på kva føremoner medlemmer vil få av å nytta selskapet. Næringsutvikling i Fjordveg-regionen skal fokuserast.

 

TEMA

1.1. Medlemspleie. Selskapet har som mål å ha direkte kontakt med alle kommunestyra og alle næringsforeiningar minst ein gong pr valperiode. Dette for å orientera og inspirera til aktivt arbeid for Fjordveg-regionen, og å bruka Fjordvegen Rute 13 som samarbeidsorgan for sine veginitiativ.

 

1.2. Informasjons- og dialogkanalar:

Nettsida www.fjordvegen.no – ei god informasjonsside for publikum, styret og andre politikarar. Sidene vert vidareutvikla og jamnleg oppdaterte. Lenker til alle medlemmer og næringsfokus blir
vidareført.
Facebook- og Instagramprofilar – skapa merksemd og vera opne arena for ytringar og dialog og nærare kontakt med befolkninga i Fjordvegregionen
Medlemsskrivet Fjordvegdrøsen kjem ut minst 3 gongar/år. Det profesjonelle epost-verktøyet blir og brukt til informasjon og invitasjonar utover medlemma.
Media: Dynamisk og tematisk arbeide samt informasjon i samband med konferansar,
viktige møte og uttalar
Nyheitsbrevet Fjordvegdrøsen kjem ut minst 3-4 gongar/år. Det profesjonelle epost-verktøyet blir og brukt til informasjon og invitasjonar utover medlemma.

 1.3. Årskonferansen skal fremja selskapet sitt hovudføremål, skapa brei arena for dialog og debatt om aktuelle tema, bidra til målretta nettverksbygging, rekruttering og god ekstern og intern profilering. Dagskonferansen har deltakaravgift og sirkulerer mellom medlemsfylka.

  1. PÅVERKNAD:

Øva trykk på kontinuerleg utvikling av tiltak langs Rv 13.

Gjennomslag hos løyvande styresmakter er avhengig av god informasjon, truverdige nettverk og pågåande og kontinuerleg arbeid frå styret og administrasjon i eit samspel.

2.1 Påverknad og samarbeid med sentrale styresmakter. Samarbeid med utførande aktørar med           ansvar for riksveg 13,
2.2 Statens vegvesen og Nye veier AS. S
ystematisk kontakt, faglegoppdatering og nettverksbygging.       2.3. Støtta kommunar og regionar i deira aktuelle vegtiltak langs Rv 13 og øva påverknad i samarbeid med dei. Utvikle kontaktnett på relevante nivå
2.4. Fylkeskommunane som aktive medlemmer og strategiske alliansar.
2.5. Støtta reiselivsmedlemmer i arbeidet for vegbasert heilårsreiseliv, reiseruteutvikling, kollektiv-prosjektet Travel like the locals og satsinga på Nasjonale turistvegar. Utvikla strategisk nettverk i grensesnittet samferdsel – reiseliv.
2.6. Betre kunnskapsgrunnlag for politisk påverknad.
Fremja faglege utgreiingar o.a. som gir betre argument-base og merksemd rundt Fjordvegen.
Presentasjonar for bruk av styremedlemma til sine parti og på andre arenaer skal vedlikehaldast og kunne leverast raskt.
2.7. Utvikla alliansar som t.d. Nasjonal rassikringsgruppe og andre vegselskap. Skipa felles arenaer ved behov.

  1. MEDLEMSSKAP:

Fleire medlemmer.

Arbeida kontinuerleg for å tilfredsstilla medlemmene sine samferdselsmessige behov knytt til Rute 13.

Arbeida for at alle kommunane, alle næringsforeiningar og stadig fleire enkeltbedrifter langs og rundt Rute 13 vert medlem i perioden 2023-25.

 

Den 3-årige Handlingplanen vert konkretisert med ein årleg revidert tiltaksplan.