Vedtekter

Vedtekter gjeldande frå 2020 for I/S Fjordvegen Rute 13

Vedtekne på Årsmøtet 03.04.2019

  1. Selskapet sitt namn

Selskapet sitt namn er I/S Fjordvegen Rute 13.

  1. Selskapet sitt forretningskontor

Selskapet sitt forretningskontor er i Ullensvang kommune.

  1. Selskapet sitt føremål

Selskapet sitt føremål er:

  1. Å arbeida for utbygging av Fv/Rv13 slik at denne blir ein trygg veg med gjennomgåande høg standard og gul midtstripe for heile strekninga.
  1. Å marknadsføra vegstrekninga som ei effektiv og vakker transportåre ogsom den indre stamvegen frå Nord-Jæren til Sunnfjord.
  1. Medlemmer

Medlemmer i selskapet er fylkeskommunar, kommunar, interkommunale selskap, vegselskap, næringsorganisasjonar, verksemder og andre føretak som har interesse i selskapet sitt føremål.

  1. Årsmøtet

I/S Fjordvegen Rute 13 sitt øvste organ er årsmøtet som skal avhaldast innan utgongen av juni kvart år. Årsmøtet skal kallast inn med minst 2 vekers varsel, og skal handsama følgjane saker:

  • Årsmelding og rekneskap
  • Val av 5 av 7 styremedlemer for 2 år om gongen. Valet vert organisert slik at det høvesvis er 2 og 3 på val annakvart år.
    Val av 3 varamedlemer i nummerrekkefølge for 1 år om gongen.
  • Val av leiar og nestleiar for 1 år om gongen.
  • Fastsetja kontingent for påfølgjande år.
  • Vedta treårig handlingsplan og langtidsbudsjett med rullering for kvart år.
  • Vedta eventuelle vedtektsendringar, jfr. par. 9.
  • Val av valnemnd.
  • Andre saker som er innsende av medlemmer innan 4 veker før årsmøtet og handsama av styret.

Fylkestinga i Rogaland og Vestland oppnemner sjølv kvart sitt styremedlem med personleg varamedlem for 4 år om gongen som følgjer valperioden for val til fylkesting.

Årsmøtet vert leia av styreleiar. Om denne ikkje er til stades vel årsmøtet sjølv møteleiar.

Alle vedtak på årsmøtet vert avgjort med vanleg fleirtal, dersom desse vedtektene ikkje seier noko anna. Alle røyster tel likt som vert gitt ved frammøte eller ved fullmakt.

  1. Styret

Selskapet sitt styre skal ha 7 medlemmer med varamedlemer vald slik det går fram av paragraf 5 i desse vedtektene.

Styret har ansvar for den daglege drifta av selskapet, som m.a. inneber:

  • Gjennomføra dei planar som årsmøtet fastset
  • Syta for at selskapet vert organisert med dagleg leiing og sekretariat
  • Fastsetja detaljert årsbudsjett
  • Gje uttaler på vegne av organisasjonen
  • Førebu og handsama alle saker som skal leggjast fram for årsmøtet
  • Kalla inn til ekstraordinært årsmøte når styret finn det nødvendig, eller dersom 1/3 av medlemmene krev det.
  • Andre saker som føl av styret sitt ansvar.

Styret er vedtaksført når 4 eller fleire medlemmer er tilstades.

Styret vert kalla saman til møte når styreleiar finn dette naudsynt eller når minst 3 av styremedlemene krev det.

Alle saker vert avgjort ved vanleg fleirtal. Ved stemmelikskap avgjer møteleiar si dobbelrøyst.

 

  1. Forvaltning av selskapet

Styret representerer selskapet eksternt. Styreleiar teiknar for selskapet. Selskapet kan ikkje ta opp lån.

 

  1. Kontingent

Vert betalt forskotsvis for 1 år om gongen. Utmelding av selskapet med bindande verknad for kontingentbetaling må vera gjort minst 1 år før det kalenderåret utmeldinga skal tre i kraft.

 

  1. Vedtektsendring og oppløysing

Vedtektsendring på årsmøtet krev 2/3 fleirtal av gjevne røyster enten frå den som er til stades på årsmøtet eller ved fullmakt.

Årsmøtet kan etter lovleg innkalling løysa opp selskapet med ¾ fleirtal, jfr. 1. punktum i denne paragrafen.

Årsmøtet avgjer kva eventuelle unytta midlar skal brukast til.