Medlemmer og medlemsskap

Medlemmene i Fjordvegen Rute 13 er kommunar, tre fylkeskommunar, interkommunale selskap, samferdselsselskap, næringsforeningar og private bedrifter.

Kven kan bli medlem? Medlemmer i selskapet er fylkeskommunar, kommunar, interkommunale selskap, vegselskap, næringsorganisasjonar, verksemder og andre føretak som har interesse i selskapet sitt føremål (selskapet sine vedtekter § 4, revidert v/årsmøtet 2019).

Vil du og din bedrift bli medlem eller er du som enkeltperson særskilt interessert i dette arbeidet?
Her er innmeldingsskjema og brev. Ta gjerne kontakt med styremedlemma eller administrasjonen v/Hanne Sundbø om dette og send innmeldinga til hanne@hagalid.net.

Kvifor medlem? Det er naturleg å vera medlem for den som ser framover, og som ser sitt eiga arbeid for betra samferdsle knytt til Rute 13 bli styrka i samarbeide med andre. Interesseselskapet er eit stabilt og kontinuerleg arbeidande talerøyr for medlemmene sitt fokus knytt til samferdsel på Rv/fv 13. Selskapet skal forsterke og supplere medlemmene sine prioriteringar av tiltak knytt til Rute 13, samt sjå på samordnande tiltak over fylkesnivå. Rassikring og trygg, effektiv veg med gul midtstripe er hovudfokus saman med reiseruteutvikling.
Sjå òg Fjordvegen Rute 13 sine mål og resultat.

Medlemsfordelar:
Medlemmene blir prioritert i Fjordvegen Rute 13 sitt arbeid.
Medlemmene får medlemsskrivet Fjordveg-drøsen tilsendt på e-post 3-4 ganger i året.
Medlemmene blir prioritert ved møte og arrangement, og får god medlemspris for Årskonferansen.
Medlemmene blir trekte fram på fjordvegen.no, jamnleg på Facebook-profilen, Instagram-profilen og i publikasjonane til Fjordvegen Rute 13.
Medlemmene blir framheva  i offentlege presentasjonar og ved pressekontakt.
Fjordvegen Rute 13 ønskjer å bli invitert og deltek på lokale møte som medlemma skipar til. Selskapet tek og initiativ til slike møte.
Medlemmene blir prioritert og invitert, m.a. på styret sin møterunde i Fjordveg-regionen kvart 4. år.

Medlemmer pr. 31. januar 2020 med lenker til deira nettstader:

Sogndal kommune Vik kommune
Vik Næringssamskipnad Kinsarvik Camping
Ulvik herad Eidfjord kommune
Ullensvang kommune Hotel Ullensvang
Voss kommune Myrkdalen Fjellandsby
Vestland fylkeskommune Hardangerrådet IKS
Ullensvang Reiseliv Hardanger Industri
Eidfjord Fjell & Fjord Hotel Odda kommune
Sauda kommune Suldal kommune
Suldal Næringsforening Hjelmeland kommune
Fiskå Mølle AS Ryfylke IKS
Strand kommune Stiftelsen Preikestolen
Rogaland fylkeskommune Felleskjøpet Rogaland Agder SA
Sandnes kommune Blix Hotell
Mass Hus/SPAR Kinsarvik  Stavanger kommune
NorStone AS  Lofthus Auto AS
Fjordtind Hotels Energiselskapet Hardanger AS
Hjelmeland Handels- & Serviceforening

 

Nye medlemmer i 2019 var Norstone AS,  Hardanger Industri (forening), Fjordtind Hotels, Lofthus Auto AS, Kinsarvik Camping, Energiselskapet Hardanger AS , Eidfjord Fjell & Fjord Hotel (Eidfjord Invest AS) og Mass Hus AS/SPAR Kinsarvik.
Nye medlem i 2020 er Fiskå Mølle AS og Hjelmeland Handels- og Serviceforening.
Medlemsregistreret er elles rydda i namna for kommunar pr 1.1.2020 (Sogndal og Ullensvang kommunar).

Kontingentane for 2020 (vedtatt på årsmøtet 2019):
Medlemskategori 1: Kommunar kr 35.000
Medlemskategori 2: Næringsselskap/Interesseselskap over 50 medlemmer kr 5.000
Medlemskategori 3: Næringsselskap/Interesseselskap inntil 50 medlemmer kr 2.500
Medlemskategori 4: Bedrifter/Andre med over 100 tilsette kr 5.000
Medlemskategori 5: Bedrifter/Andre med under 100 tilsette kr 2.500
Medlemskategori 6: Bedrifter/Andre med inntil 5 tilsette kr 1.000
Medlemskategori 7: Vestland Fylkeskommune kr 180.000
Medelmskategori 8: Rogaland Fylkeskommune kr 100.000

På Årsmøtet 2019 er det vedtatt uendra kontingentsatsar med slikt unnatak: endra kontingentsats 7 for det som frå 2020 er to fylke i staden for tre: Rogaland (100.000,-) og Vestland fylke (180.000,-).