Styretur og mange medlemsmøte – oktober 2024

Styret har hatt som rutine å ta ein tur langs heile riksveg 13 kvar 4. år for å ha møte med alle medlemmer som vil blir lytta til. Dessutan treng styret å sjå alle utfordringane som raspunkt og dårleg standard langs traseen og kva som er planlagt og blir gjort av nye prosjekt frå fagetatane Statens vegvesen og Nye Veier.
Pga Covid 19 er det åtte år sidan sist synfarings langs heile riksvegen, og mykje har skjedd sidan den gang. Dessverre er det enno rikeleg med rasstrekk med høg og middels skredfaktor å synfara, ca 30 totalt for riksveg 13.
Ein kortare tur vart utført likevel i 2021 i samband med at Nye Veier skulle overta ansvaret for nordre del Skare – Sogndal.

Turen vil gå 21. – 23. oktober frå Stavanger til Sogndal for styret, varamedlem og representantar for fagetatane i liten buss. Det blir sju faste møte med medlemmer som er inviterte til dette, både kommunar, dei to fylka våre og private medlemmer. Presse er og invitert på møta.

Representantar for Nasjonal Rassikringsgruppe frå Rogaland og Vestland er invitert med.
Sidan 2016 har det vore stor medlemsauke, slik at det er lagt vekt på å møta den breie medlemsmassen og få god dialog sjølv om møta ikkje blir lange. Styreleiar og fagetatane vil orientera på møta og ta spørsmål og få med innspel vidare.
Statens vegvesen vil ha med folk på heile turen og alle møta sidan nordre del av riksveg 13 ikkje skal ha overføring av ansvaret for drift og vedlikehald til Nye Veier før i 2027.

Låg vegstandard Suldal riksveg 13 Vela
Låg standard i form av uoversiktleg sving og smal vegbreidde gjev plutselege utfordringar, her riksveg 13, Vela i Suldal juni 2024. Foto: Ole J. Nøstbakken