Reis som dei lokale – Travel like the locals: ordinære kollektivruter tilrettelagt for turistar i heile Fjord Norge

På årskonferansen 3.4. 2019 presenterte prosjektleiar Marit Holen det fylkesovergripande prosjektet for våre tre fylke der testruter for turistar er i drift for sesongen 2019. Prosjektet er sett i verk frå mai 2019. Presentasjonen på konferansen 

Presentasjonsfilm Travel like the locals 2019

Styret i Fjordvegen Rute 13 ser med glede på at dei tre fylkeskommunane som er Fjordveg-medlemmer har bestemt å jobba saman om ei felles løysing for Travel like the locals, etterkvart på heile vestlandet. Hordaland fylkeskommune er vertskap for prosjektet. Programmet har hatt ein testperiode sommarsesongen 2019 i  mange destinasjonar på vestlandet.

Det blir arbeidd for framhald med justert innhald i 2020.

Fjordvegen Rute 13 har frå 2016 tatt initiativ til tiltak innafor kvart fylke for auka bruk av det ordinære kollektive rutenettet i sesongen og gjera det bookbart og godt brukbart til turistar. Ideen er komen frå det gode prosjektet i Møre og Romsdal der FRAM saman med lokale destinasjonar har testa ut og lukkast med satsinga sidan 2016. Sentrale politikarar fekk saman med Fjordvegen Rute 13 sine folk lera om satsinga på studietur til Ålesund i 2017

Årskonferansen 2018 presenterte FRAM og Konrad Lillevevang sine tiltak saman med reiselivet i Møre og Romsdal. Status for Fjordveg-omådet, primært i Rogaland blei belyst m.a. av destinasjonsselskapa Reisemål Ryfylke og Reisemål Hardanger Fjord. Ein god debatt om korleis dette skal jobbast med i Hordaland og Rogaland fulgte.

Bakgrunn: Fjordvegen Rute 13 skipa til Dialogkonferansen i 2016. Fjordveg-regionen som heilårsdestinasjon var ein av hovudutfordringane som blei drøfta her på Ullensvang i september 2016. Utfrå engasjementet og dei gode tilbakemeldingane tilrådde arbeidsgruppa v/fylkespolitikarane i samferdsel Arne Bergsvåg og Nils T. Bjørke  straks etter konferansen om å gå vidare med temaet. På konferansen var mykje god vilje til konkret innsats og mange gode innspel som fundament for politisk og administrativ handling på tvers av tre fylke.

I tillegg til Bergsvåg og Bjørke besto arbeidsgruppa av Noralv Distad, Edmund H. Utne, Hans Jørgen Andersen og Ståle Brandshaug.

Temaet vart fulgt opp på årskonferansen i Stavanger i mars 2017 https://fjordvegen.no/wp-content/uploads/2017/05/Britt-Dalland-RV13-konferansen-270317.pdf

Reiselivet aukar sterkt, korleis kan Fjordveg-regionen få større del i utviklinga når Ryfast opnar i 2019? Er betre reiseruteutvikling og kollektivtransport nøkkelen? Kan det jobbast over fylkesgrensene?

Styret i Fjordvegen Rute 13 bestemte å søkja midler til eit eige prosjekt, og midler vart så ytt frå Hordaland Fylkeskommune og Ryfylke IKS. Prosjektet har oppstart med ein studietur til FRAM – Møre og Romsdal Fylkeskommune i oktober 2017 for å høyre om den vellukka satsinga og samarbeidet mellom samferdselsorgan og destinasjonsselskapa for å få turistane inn på rutegåande transport og auka verdiskapinga i distrikta.

Programpostane på Dialogkonferansen 2016:
Kva veit me om etterspurnad og turistane sine ynskje? Kva besøkande tapar Fjordveg-regionen?
Hans Jørgen Andersen, direktør i Reisemål Hardangerfjord
– Vedlegg 1: Reiselivets Samferdselsløft (NHO)
– Vedlegg 2: Reiselivsstrategi for Vestlandet 2013–2020 (Vestlandsrådet)
Gunhild Vevik, kommunikasjonssjef i Region Stavanger
– Vedlegg 3: Oppsummering av turistsesongen 2016, Reisemal Ryfylke

Samanhengen mellom attraksjonskraft, infrastruktur og produktutvikling: Trendar for framtida?
Britt Dalland, sals- og marknadsdirektør i Fjord Norge

Kva skjer i kvart fylke? Korleis bind kollektiv-rutene attraksjonane i Fjordveg-regionen saman?
Odd Aksland, direktør i Kolumbus AS
Øystein Hunvik, assisterande fylkesdirektør samferdselsavdelinga til Sogn og Fjordane fylkeskommune

Kva må til for å lukkast med tilkomst og intern kommunikasjon i Fjordveg-regionen? Korleis lukkast andre regionar?
Trude Sivertsen, direktør i Authentic Scandinavia

Rundreiser med kollektivtransport, døme frå Fram/Møre og Romsdal sommaren 2016
Konrad Lillevevang, seksjonsleiar i samferdselsavdelinga til Møre og Romsdal fylkeskommune

Korleis jobba med kollektiv-løysingar på tvers av fylkesgrensene?
Det saumlause Vestlandet – Mette Nora Sætre, næringssjef i Hordaland fylkeskommune
Kollektiv-løysingar på tvers av fylkesgrensene – og innanfor – Øystein Hunvik, Sogn og fjordane fylkeskommune

Sist oppdatert: 12.10.2020