Sogn og riksveg 13 – eit mangfoldig bilde av utfordringar

Ein tenkjer gjerne at riksveg nummer tretten, «berre» er ein smal vegstubb blant mange andre vestlandsvegar.
Ein veg som ålar seg fram under bratte fjellsider, frå Rogaland i sør til Sogn i nord. Ein veg som har som føremål å knyta saman små grender utan det heilt store
folketalet.
Ein veg som er har spelt ut si viktige rolle, etter at spesielt E16, E39 og RV. 5 er vorte bygde og oppgraderte.

Avløysarvegen
Ordføraren i Sogndal Kommune, Arnstein Menes blir utfordra på spørsmålet om kor viktig funksjon RV.13 har.
– Ein ting isolert sett, er jo vegen sin funksjon til å knyte bygder saman.
Eit anna veldig viktig moment å ta med, og som ofte ikkje kjem så godt fram er funksjonen RV.13 har som omkøyringsveg mellom Oslo og Bergen, noko som er
gjeldande her hjå oss i Sogn, forklarar Menes.

Underdimensjonert sløyfe

Omkøyringsfunksjonen er svært viktig i Sogn. Frå Vinje nord om Voss går RV.13 gjennom Myrkdalen, over Vikafjellet vidare over Sognefjorden med ferje. Frå ferjeleiet på Hella føl vegen Sognefjorden inn til Sogndal. Frå Sogndal kjem ein inn på RV. 5. Føl ein den vidare austover kjem ein til Lærdal og Håbakken, der den koplar seg på E16 att. Ergo ei naturleg sløyfe som gjer til ein slepp unna dei store tunnellane på E16 mellom Stalheim og Lærdal. Ei utsett og belasta strekning på fleire måtar.
– Strekket mellom Vinje og Lærdal har fleire belasta moment. Rasfare i Nærøydalen, og høg trafikk i tunnelane som gir ein høgre risiko for ulukker og tunnelbrannar. Me har sett fleire dømer på dette. Tunnelar som ikkje er bygd og dimensjonert for trafikkmengda som er i dag, forklarar Menes.

Tunnelar er naudsynte flaskehalsar
Lærdalstunnelen skal også til med ei oppgradering, eit arbeid som tek 6 år. Det er mange tunnelar på E16, og ein vil ofte ha vegarbeid også i framtida. Tunnelane som gjer køyretida kortare er også blitt flaskehalsar. Så det er i følgje Menes heilt klart ei stor betydning å få på plass ein betre og eit mykje meir robust omkøyringsalternativ som alltid er ope.
RV.13 det beste og faktisk einaste fornuftige alternativet. Når vegen er stengd grunna uhell eller det er større vegarbeid med lengre periodar med stengning, er ein av dei enklaste og mest brukte omkøyringsmulegheiten lagt via RV. 13 i Sogn. Dette på ein riksveg som ikkje er dimensjonert for trafikken, hevdar Menes.

Det reelle alternativet for fleire
Menes held fram
– RV. 13 fungerer som beste omkøyring for alle dei store vegane i området; E16, E 39 og RV5, vegar som alle går rundt oss her i Sogn. Dette er jo ikkje primæroppgåva til RV. 13. Dette gir eit voldsomt trykk på vegstrekninga, så dette er ein svært viktig faktor å ta med når ein tenkjer på framtidige utbetringar på RV. 13.
No har det blitt nevnt aust-vest parsellen. Men ein må også tenkje på at heile RV.13 frå Stavanger til Sogndal er jo alternativet til E 39 som går i ytre og er
hovudsambandet på Vestlandet. RV. 13 går mest parallelt nord sør, men lenger inn i landet. Ytre trase erstattar ikkje riksveg 13.

Blodåra for reiselivet
Han legg til at utanom heilårsdriven veg har jo RV. 13 ein veldig sentral og viktig funksjon knytt til turismen i Sogn:
– Det er ei hovudferdselsåre gjennom det ein kan kalle indrefileten av dei absolutt største reisemålsdestinasjonar, fjordane våre på Vestlandet. RV 3. knyt Fjordnoreg saman, turisttrafikken på vegen aukar samstundes som slitasjen gjer til at standarden går ned når behovet vert større. Det ser ein også att på ulukkestala. Og det er berre å sjå til blant anna tal på overnattingsdøger som blir lagt att på til dømes hotell og camping. I Sogn er det fleire flaskehalsar mellom Hella og Leikanger, og vegen er mykje innom 60 km-soner og nokre skredutsette område.

Vikafjell – akilleshælen
Menes trekk fram stoda på RV.3 i Sogn i dag. Den absolutt største utfordringa er å få ein sikker heilårsveg over Vikafjellet. Det meste har allereie vore sagt om denne
fjellovergangen.
Her må me ha tunnel, så enkelt er det.

Ferjefrekvens
Men det ligg også store utfordringar heilt lokalt. For det første må det hyppigare avgangar til på ferja over Sognefjorden, Det må vera betre tilrettelagt for god trafikkflyt. I sommarmånadane er det blitt betre med raskare frekvens, men det er utfordring endå i vinterhalvåret.

Strekket Hella – Sogndal
Ser ein parsellen frå Hella ferjekai og inn til Leikanger treng vegen ei større utbetring. «Hedlasvingane» er strekket mellom ferjekaien og Leikanger, det er smalt, svingete og med ein stadig aukande skredproblematikk. Eit utfordrande og belasta vegstykke heile året den dag i dag.
I 2022 vert det rett nok gjort nokre små utbetringar når det kjem til møteplassar, men det er på langt nær nok. Heile vegstrekket treng umiddelbar oppgradering, seier Menes og held fram:
– Frå Leikanger til Sogndal har ein fått to viktige tunnellar på plass under dei verste rasutsette områda. Fatlatunnelen er 2250 meter lang og Stedjebergtunnelen har ei lengd på 2100 meter. Samt ein har og driv i dag å utbetra stykkvis vegen til betre standard og gul stripe. Det er jo då litt forunderleg at ein ikkje i same vende løyver midlar til rassikring av det spesielt utsette området ved Ylvisåker.

Raspunkt Ylvisåker

Meir detaljert forklart er det knappe ein kilometer langt rasutsett vegstrekke mellom Ølmheim og Ylvisåker. Der det er ein relativt høg frekvens med steinsprang.
– Det går nok ikkje ei veke utan det rasar ned ny stein i vegbana her. I 2013 og 2020 gjekk der to større steinras som begge krevde eit større opprydningsarbeid. Det har også vore fleire tilfeller der store steinblokker på fleire kubikk ramlar ned i vegen. Skulebussen stoggar ved avkøyringa til skulen som ligg tjue meter frå der raset gjekk i 2020. Hendinga gjer at det går kaldt nedover ryggen når ein tenkjer på kva som kunne ha skjedd. Sjølv med alle hendingane og innmeldingar om steinsprang så er det endå store mørketal, seier Menes.
(Bilde frå raset ved Ylvisaker i 2013, foto Håvard Nesbø)

Med mørketal meiner han steinsprang som ikkje vert innmeldt til vegstyresmaktene. Alle innmeldte steinsprang er med på å synleggjere frekvensen i nedfall. Ved høgre frekvens, større fare for nye steinsprang, jo høgre opp på prioriteringslista kjem det utsette raspunktet.
– På vegstrekket mellom Sogndal og Leikanger er det det om lag 3500 køyretøy som passerer kvar dag. Det er ein viktig pendlarveg for skuleungdom, tilsette i
verksemder på Leikanger busett i Sogndal og vice versa. Dette gir ein veldig høg risiko, og det hastar med ei betre rassikring av området. Så eg legg til at det er viktig at alle som ser stein som er komen ned der melder dette inn, slik ein får ein nøyaktig registrering.

NTP og ny organisering gjev håp
Menes trekk avslutningsvis fram at det no er opp til Nye Vegar AS å sjå viktigheiten til å få oppgradert den hovudpulsåra RV. 13, som vegen faktisk er. Eg har god dialog med ordførarane til dømes både i Ullensvang, Voss og Vik. og «Fjordvegen» er ofte eit omtala tema. Me koordinerer i oss imellom og har tett dialog inn mot Nye Vegar i tillegg. Eg har både tru og håp at me skal få utbetra vegen for alle som er avhengig av denne hovudferdselsåra gjennom kommunen vår.