Ryfast – effekten av ein samferdselsrevolusjon i sør

Ryfast. (Illustrasjon: Statens vegvesen)Trafikktala for Ryfylketunnelen mellom Stavanger og Ryfylke første driftsår var noko å merka seg og gleda seg over. Ikkje minst må ein drøfta tala vidare med tanke på konsekvensa for situasjonen for riksveg 13 nordover.
Effekt av pandemien har bidratt til redusert vekst i trafikken i 2021.  Bompengeinnkrevjinga vart igongsett frå februar 2021. Utviklinga av elbil-kjøp i Rogaland har gitt reduserte bompengeinntekter som i 2022 blir drøfta politisk.

I januar 2021 viste tala etter eitt driftsår fleire ting å merka seg. Heile 2,5 millionar passeringar og 80 % trafikkauke på årsbasis i høve 2019 (med to ferjestrekk) viser klart at ferjer er opplevd som ei barriere.
Nettavisa iryfylke.net har sett på tala i ein artikkel i januar 2021

Etter opning og utover første driftsår 2020 har alle trafikkprognosar vist seg å vera for låge. Grunnen til dette er openbart både ønskje om å besøka Ryfylke og naturkvalitetane sommarstid, samt hyttetrafikk og samstundes situasjonen kor innføring av vedtatte bompengar  er sterkt seinka. Innkrevinga starta 1.2.2021. pga skifte av leverandør av innkrevingsutstyr.
Pga minimal turisttrafikk frå utlandet i pandemiåra, kan ein rekna mykje høgare tal for sommarsesongen når denne trafikken tek til igjen frå Stavanger og inn i fjordane,

 

Fjordvegen Rute 13 vurderte trafikktala langs heile Riksveg 13 hausten 2020.
For målepunkt med store sesong-variasjonar m.a. sør for Hardangerbrua, vert ÅDT (årsdøgntrafikk) i mange tilfelle eit alt for lågt måltal å leggja til grunn for dimensjonering av vegbreidde, møte-plassar o.a. Dette blir aktualisert når ein skal vurdera naudsynte tiltak for å betra trafikkflyt og unngå kork-situasjonar som på desse utsette strekka. (Tal og målepunkt frå SVV). Ryfast vil kunne gje auka trafikk nordover, særleg i sommarferien gjennom Hardanger. Utan raske vegutbetring er det  stor grun til otte for at ytterlegare trafikkauke sommarstid kan gje store konsekvensar for liv og helse pga umuleg framkomst for utrykkingskøyretøy.

Bakgrunn for Ryfast:
Riksveg 13 Ryfast er eit nytt vegsamband hovudsakleg under fjorden mellom ny E39 i Stavanger kommune og riksveg 13 i Strand kommune mellom Tau og Jørpeland.
Ryfylketunnelen, ein 14,3 km fire felts tunnel vart opna med stor festivitas 30.12.2019. Tunnelen er ved opning verdas lengste undersjøiske tunnel rekna for bilar. Det tek ca 11-12 minutt å køyra gjennom mellom Hundvåg og Solbakk i Strand. Dei to tunnelane Hundvågtunnelen og Eiganestunnelen på Stavangersida blei opna digitalt av samferdselsstatsråd Knut Arild Hareide våren 2020 slik at Ryfastprosjektet er fullført.
Ferjesambandet Stavanger – Tau vart nedlagt ved opninga 31.12.2019, medan ferjesambandet Lauvvik – Oanes har fått ny privat men avgrensa løysing.

Rv 13 har med dette fått sin sørlege avslutning i Stavanger kommune. Tidlegare riksveg 13 frå Solbakk via ferje over Høgsfjorden og vidare til Sandnes er no fylkesveg.

Heilt sidan midten av 1970-talet har Ryfylke hatt ein visjon om og arbeidd for eit samband til Stavanger-halvøya. Eit av Ryfast sine hovudføremål var å gje eit enklare og betre samband mellom Ryfylke og Nord-Jæren enn ferje- og snøggbåtsamband.

Ryfast-prosjektet sitt andre hovudføremål var å gje innbyggjarane og næringslivet på Hundvåg/Buøy eit nytt samband til fastlandet for å leggje til rette for utvikling og busetting og næringsliv på øyene.