Frå 2021 då regjeringa bestemte at Nye veier AS skulle tilførast nordre del av riksveg 13 frå Skare (Ullensvang) i sør til Sogndal i nord til sin portefølgje, har Nye veier arbeidd aktivt med utvikling av prosjektet. Sommaren 2023 vedtok styret i Nye veier at det er klart for første konkrete tiltak.
– Nye Veier er godt i gang med prosessar for å utbedre riksveg 13. I haust har vi kunngjort konkurranse til ein verdi av 200 millioner kr for sikring av rasutsett strekning ved Byrkjeneset (nord for Odda). Det neste store prosjektet blir å utvikle reguleringsplan for strekninga Kyrkjeneset – Berget. Slik det ser ut nå kan planarbeidet starte i 2024, fortel planprosjektleiar Håkon Lohne i Nye Veier.
Planprosjektleiaren fortel om høg aktivitet knytt til planlegging og kartlegging av heile riksveg 13 sin nordre del. Det var i 2021 at Nye Veier blei tildelt oppdraget med å sjå på korleis riksveg 13 kan bli rassikra på ein effektiv måte.
– Vi gikk deretter i gang med analysar og kartlegging for å treffe med tiltak der behovet er størst, fortel Lohne.
I haust kunngjorde Nye Veier konkurranse til ein verdi av 200 millioner kr for å rassikre riksveg 13 ved Byrkjeneset. Målet er anleggsoppstart så raskt som muleg neste år.
Redusere skredfare og opplevd utryggheit for vegbrukar
Nye Veier jobbar med korleis ein kan rekne samfunnsøkonomisk lønsemd knytt til å ta ned skredfare og velferdsgevinstar ved å fjerne opplevd utryggheit for vegfarande. Det vil bety noko for prioritering av oppdrag som etter planfase skal konkurrere om plass på lista over andre prosjekt.
Nye Veier er tufta på eit tydeleg mandat. Selskapet utfordrar dagens metodar og vil sørge for meir effektiv planlegging, utbygging, drift og vedlikehold.
– Målet er å redusere kostnadane og auke nytten for samfunnet og brukarane av veg. For å få dette til skal ein prioritere etter samfunnsøkonomisk lønsemd. Vi har lang erfaring ved bruk av og utvikling av kost-nytteanalyser på nye vegstrekningar. Tradisjonelt har prioritering av t.d. skredprosjekt i Norge vore basert på skredfaktormodellen. Dette er ein modell som i liten grad vurderer den samfunnsøkonomiske lønsemda av dei ulike tiltaka, forklarer prosjektleiar Håkon Lohne.
Nye Veier tok initiativ til å inkludere nytten av utryggheit som vegbrukarane opplev når ein kjører langs veger med stor fare for ras. Nye Veier AS er av den formeining at det finst eit nyttepotensial knytt til velferdsgevinstar ved utbetring av skredutsette strekningar. Dette gjør seg spesielt gjeldande på Rv. 13. Det har blitt gjennomført ein studie (Menon 2022) av korleis velferdsgevinstar knytt til fjerning av skredfare kan inkluderast i samfunnsøkonomiske analyser av utbedringstiltak. Studien viser at det er til dels store samfunnsøkonomiske gevinstar knytt til å redusere eller fjerne skredfaren på vegstrekninger.
– Nye Veier jobber vidare med å nytte disse gevinstene inn i dei samfunns-økonomiske analysene til prioritering. Vi veit det er ein nytteeffekt her, så da meiner vi det må teljast med når vi skal regne lønnsemda av tiltaka våre. Arbeidet blir gjennomført i tett dialog med både Sintef og Transportøkonomisk institutt, for å få modellane gode nok til at vi kan ta i bruk dette aktivt på riksveg 13, men også for våre andre utbetringsstrekninger, sier planprosjektleiar Håkon Lohne i Nye Veier.
Betydelig kartleggingsarbeid er gjennomført.
NV har gjennomført kartlegging av heile strekninga fra E134 Skare til Sogndal. Det er gjort ein kartlegging av heile strekninga, og gjort detaljerte vurderinger av delstrekningar som gjennom den overordna kartlegginga blei vurdert som å ha størst behov for utbetring.
Gjennom detaljvurderingane har Nye Veier funne at følgjande punkt/strekk skal jobbast mest med framover:
- Kyrkjenes-Berget ved Kinsarvik
- Osgjelet ved Vinje
- Aurskreda/Midtskreda ved Odda
- Freim-Djupevik ved Odda
- Skarvabjørg nord for Tyssedal
Vegen vidare – kva med Vikafjellet?
I tillegg til å gjennomføre prosjektet ved Byrkjenes, jobbar Nye Veier vidare med å prioritera dei neste prosjekta som skal gjennomførast. Det blir arbeidd systematisk for å vurdera den samfunnsøkonomiske lønsemda i prosjekta, inklusive dei verdiar som ikkje er direkte målbare i slike analyser.
NV har utarbeidet ein samfunnsøkonomisk analyse for ny Vikafjellstunnel. Analysen er oversendt til Samferdselsdepartementet. Nye Veier er klare for at å ta prosjektet inn i sin portefølje, føreset at det følgjer med finansiering. Det er no opp til departementet om prosjektet skal igangsetjast.
Samarbeid med Statens vegvesen
Nye Veier samarbeider godt med SVV om ansvars- og oppgavefordeling. Det er pr hausten 2023 vegvesenet som er formell vegeigar. Statens vegvesen har ansvar for drift og vedlikehald på riksveg 13 per i dag, medan Nye Veier har ansvar for utbedringer av ras- og framkomstprosjekt, seier planprosjektleiar Håkon Lohne i Nye Veier (foto under).