Kva skjer på vinter og vår 2023:
Samferdselstatsråden har bestemt ein raskare prosess med eitt år kortare tid enn vanleg har vore.
Samferdselsetatane har levert felles svar på utgreiingsoppdraget frå Samferdselsdepartementet til frista 22.1. 23.
I dokumentet om Samfunnssikkerhet står m.a. om veg frå s 15:
Kva skjer på vinter og vår 2023:
Samferdselstatsråden har bestemt ein raskare prosess med eitt år kortare tid enn vanleg har vore.
Samferdselsetatane har levert felles svar på utgreiingsoppdraget frå Samferdselsdepartementet til frista 22.1. 23.
I dokumentet om Samfunnssikkerhet står m.a. om veg frå s 15:
Klimaendringer gir økt fysisk klimarisiko og dermed økt sannsynlighet for naturfarehendelser med
konsekvenser for framkommelighet, materiell, liv og helse. Endring i klimaet kan også øke intensiteten
i hendelsene og dermed konsekvensene av hver hendelse. Disse endringene er i manglende eller
begrenset grad inkludert i de samfunnsøkonomiske tiltaksanalysene i transportsektoren i dag. I tillegg
er det i begrenset grad en del av utfordringsbildet/problembeskrivelsen. Klimavei-prosjektet søker å
bedre integrere fysisk klimarisiko i de samfunnsøkonomiske analysene, og arbeider nå med å forstå
hvordan dette kan gjøres gjennom case-analyser. Arbeidet ferdigstilles i 2023, med mulighet for å
hente foreløpige resultater til NTP-arbeidet.
Eit felles innspelsmøte for organisasjonar inviterte samferdselsdepartementet til 13. februar. Fjordvegen Rute 13 søkte og fekk blant 39 organisasjonar delta med eit kort innlegg. Nestleiar i styret Sigbjørn Hauge la i presentasjonen vekt på fleire tilhøve:
Manglar i framdrift for rassikring, bruk av ny forsking som kan bidra til ein betra NTP for distriktsveger samt manglar i departementet sine bestillingar til etatane. Det er t.d. ikkje bedt om ras-utgreiingar sidan før 2019.

Arrangementet blei strømma.
31. mars kjem m.a. veg-etatane Statens Vegvesen og Nye veier med sine prioriterings-leveransar. Det er varsla ein nøktern NTP, og me fryktar nedprioritering av livsviktig skredsikring og standardheving av både riks- og fylkesvegar i distrikta.
Årskonferansen til Fjordvegen Rute 13 har NTP-prosessen og dei viktige dokumenta som føreligg til då og kva som betyr noko for riksveg 13 som hovudtema. Konferansen er måndag 17. april i Sogndal. kl 10.30-15.30. Statssekretær Tom Kalsås, seks Stortingsrepresentantar, Statens vegvesen, Nye veier og røynde klima og veg-forskarar kjem. God tid til spørsmål og synspunkt frå salen.
Les meir i vårt nyheitsbrev nr 3/23. Konferanseprogram og påmelding innan 30.3. K
onferansen er open for alle. Forprogram sundag 16.4. om kvelden.
Les meir om NTP-prosessen og innkomne leveransar.
Kva skjedde hausten 2022
12. desember hadde statsråden innspelsmøte med hovudsakleg fylka og dei store byane.
Ein grov framdriftsplan for vidare arbeid vart lagt fram (foto):

11. november sendte samferdselsdepartementet detaljert brev til etatane med Prioriteringsoppdrag til NTP 2025-36. Etatane inklusive Nye veier får frist til 31.3.2023 for levering av omfattende stoff.
Sidan NTP-prosessen skal ta eitt år mindre tid enn det som har vore vanleg, må prosessen følgjast tett.

Statens vegvesen v/vegdirektoratet sendte tidleg i september ut på høyring til m.a. fylkeskommunar og Nye veier ny reknemåte for skredfaktormodell. Dette er viktig og langvarig basis for skredfaktor og prioritering av midler til rassikring i revidert Nasjonal Transportplan.
Fjordvegen Rute 13 har prioritert å setja seg grundig inn i dette forslaget og gitt høyringsuttale frå styret 27.10. Saka er følgt opp i media og i tett kontakt med Vestland og Rogaland fylke.
Høyringa frå styret seier m.a. at Fjordvegen Rute 13 tilrår at dagens modell vert vidareført.
At dagens modell har tillit i rasutsette område, i fagetatar, hjå politiske beslutningstakarar og vegfarande er essensielt for at denne bør vidareførast. Konsekvensar ved å ta i bruk ny modell allereie til ny NTP 2025-2036 er ikkje utgreidd.
Dersom modellen likevel må endrast og takast i bruk til revisjonen av NTP 2025-2036, tilrår Fjordvegen Rute 13 at den framlagde nye modellen vert justert på fleire område .

Fjordvegen Rute 13 sitt styre har 26.10. gitt uttale til framlegget til Statsbudsjett 2023 der rassikring er lite synleg.
I samband med utviklinga av Nye veier sitt oppdrag for skredsikring av nordre del av riksveg 13 Skare – Sogndal, har Nye veier AS bestilt ei utgreiing frå Menon om talfesting av opplevd frykt for ras.
Ein heilt ny talmodell for såkalt Velferdsgevinster ved utbetring av skredutsatte vegstrekninger er rekna ut. Dessutan er strekk av riksveg 13 gjennom Hardanger vurdert som døme og talfesta som ein test.
Modellen skal kunne inngå i dei Samfunnsøokonomiske utgrekningsgrunnlaget til ny NTP.
Eit spennande utviklingsarbeide og eit interessant talgrunnlag som me vonar får betydning for prioritering av rassikringa i landet!
Les meir om ramer i brev og møte tilknytta NTP frå Samferdselsdepartementet
Oppstart av NTP-revisjonen 1. halvår 2022:
Brev frå samferdselsdepartementet til etatane av 22.6.22 om å starta innleiande arbeid omtalar utgreiing og prioriteringar frå etatane. Statsråden har vald eitt år kortare tid til revisjonen enn vanleg har vore.
6. september har departementet sendt nytt brev med detaljert vedlegg til etatane med utgreiingsoppdrag med frist allereie 1. oktober og deretter 22. januar 2023.
I vedlegget er m.a. bedt om at «virksomhetene vurdere behov for klimatilpasning av infrastrukturen i NTP-perioden og aktuelle tiltak.».
Også temaet samfunnsøkonomisk nytte og ikkje-prissette konsekvensar er i større grad bedt om vurderingar av, m.a. av opplevd frykt og korleis betre ivareta veger med låg ÅDT i samfunnsøkonomiske nytte-utrekningar. Dette er høgst aktuelt å følgja med på for Fjordveg-regionen.
Kva så med rassikring?
Supplerende tildelingsbrev nr. 6 frå departementet til Statens vegvesen – «Gjennomføringsplan for ras- og skredsikring på riks- og fylkesvei» blei sendt 25. mai. Dette som oppfølging av Stortingsvedtaket til NTP der Stortinget stilte detaljerte punktvise krav.
Hovudtrekka frå Stortingsvedtaket som Statens vegvesen er bedne om å følgja opp raskt, er:
Vedtak nr. 470: «Stortinget ber regjeringa sette fortgang i arbeidet med å få utarbeidd heilskaplege nasjonale ras- og skredsikringsplanar som omfattar alle skredpunkt med høg og middels skredfare, både for riksvegnettet og for fylkesvegnettet. Planane skal vera ferdige før utgangen av 2023.»
Vedtak nr. 466: «Stortinget ber regjeringa følgje opp arbeidet som vert utført av Statens vegvesen i samband med skredfaktormodellen, og at alle relevante prosjekt vert vurderte basert på to sikringsnivå med tilhøyrande tiltak og kostnadsanalysar. Vidare ber Stortinget regjeringa syte for at fylkeskommunane vert godt involverte i arbeidet.«
For riksveger skriv departementet:
«Departementet ber Statens vegvesen sammenstille en gjennomføringsplan på riksvei basert på Statens vegvesens eksisterende planer, i tråd med Stortingets vedtak nr. 470 og nr. 466. Vi ber om at det blir levert sammen med de fylkeskommunale planene i en helhetlig plan for gjennomføring av ras- og skredsikring på riks- og fylkesvei. En del skredsikringsprosjekter er av en slik størrelse at de inngår i porteføljen av store prosjekter i planfasen (prosjekter over 1 mrd. kr). Vi ber om at det i skredsikringsplane går fram hvordan denne henger sammen med systemet for porteføljestyring.«
Seinare er og Nye veier AS kopla inn på dette arbeidet sidan desse og har fått riksveg 13 sin nordre del inn i sin portefølje med klart oppdrag å rassikra.
Statsråd Nygård var i slutten av mars 2022 på ei kort synfaring på riksveg 13 gjennom Suldal saman med vegvesenet sine folk og kommenterte til media om at den vedtekne tunellen for Rødslinae må bli kortare utfrå kostnadsbildet. 65 mill. kr låg i Statsbudsjettet 2022 for oppstarten av dette arbeidet.
Seinare på året har fleire sentrale Stortingspolitikarar vore på synfaringar på utsette strekk av riksveg 13.