I bresjen for næringslivet i Vik – betra samferdsel er lik næringsutvikling

 

Stabil riksveg 13 over Vikafjellet er det aller viktigaste for næringslivet og utviklinga i Vik kommune og i heile regionen. Riksveg 13 er ei uhyre viktig samferdselsåre for heile regionen og nye Vestland fylke.

Vik Næringssamskipnad har som føremål å ta vare på og utvikla næringslivet sine interesser i Vik kommune. Førsteprioritet er å utbetra Riksveg 13.

Styreleiar Åslaug Stadheim Ese seier: Stabil heilårsveg er ei av dei viktigaste sakene vi brenn for – som i praksis betyr tunnel – samt samferdsel elles, kommunikasjon og anna infrastruktur.

Ferjesambandet Vangsnes – Hella  er òg ein del av Riksveg 13. Hyppigheita på avgangane må opp, og det må setjast opp nattferjer.
Vidare er sjølvsagt rassikring særs viktig for vegnettet her. Rassikringstiltaket Goteviktunnelen mellom Vik og Vangnes som opna i desember 2020 er slik sett eit stort framskritt!

Riksveg 13 er blant dei viktigaste samferdselsårene i indre Vestland, og knyter kommunane i Sogneregionen saman med mellom anna Voss og Bergen, via vegen over Vikafjellet.
Fjellovergangen Vikafjellet er definert som heilårsopen, men er den desidert mest vinterstengde riksvegen i Noreg. Vegen blir og tidleg stengt pga rasfare.

Styreleiar Ese forklarar problema: I løpet av dei siste vintrane har vegen vore stengt i periodar på til saman mellom éin og tre månader, i tillegg til kolonnekjøring og nattestenging. Dette er ei enorm utfordring for næringslivet i heile regionen, og særleg for Vik, som i tillegg til fjellet på sørsida har Sognefjorden på nordsida, med eit ferjetilbod som mellom anna manglar tilbod om natta.

Og – vi har frå tidleg i desember 2020 opplevd fleire stengningar. Ikkje alltid so langvarig, men ustabiliteten er nesten det verste. I vinterhalvåret kan vi ikkje stola på vegen – og sjøl om det ser bra ut kvelden før, snur veret i løpet av natta og vegen er stengt når vi vaknar og er klar til avreise. Det er ikkje uvanleg av vi set telefonen på varsling midt på natta, for å sjå korleis veret er og om vegen er farbar – for eventuelt å vera klar om vi må reisa 4-5 timar før planen når vi må køyra lange omvegar.

Dette skaper problem, mellom anna med tanke på rekruttering, å få varer og materiell inn og ut av området, for pendlarar og for møteverksemd. Vårt bu- og arbeidsområde kunne vore mykje større med tunnel gjennom Vikafjellet.

Potensialet i heilårs reiseliv med samanknytning av fjord og fjell vinterstid blir ikkje tatt ut. Samanknytning av Hardanger/Voss og Sogn er ein viktig akse med stort potensiale. Den store reiselivsbedrifta Myrkdalen Fjellandby ved Voss ønskjer sterkt heilårssikker Riksveg 13 for å utvikla dette fjord – fjellproduktet. Profesjonelle storkundar kan ikkje planlegga sine ruter for gruppeturar med ein hovudveg som kanskje ikkje er open og med uendelege omkøyringsruter.

Noko må gjerast. Vidare utvikling og vekst for næringslivet og samfunnet generelt, er avhengig av betre kommunikasjon og infrastruktur, som mellom anna vil gje ein større bu- og arbeidsmarknad, med kortare pendlaravstandard, kortare veg til jernbane og internasjonal flypass og betre høve til planlegging.

Styreleiar Ese framhevar: Det viktigaste poenget å få fram, er at dette ikkje er eit lokalt problem for Vik kommune og næringslivet i Vik: Riksveg 13 er ei uhyre viktig samferdselsåre for heile regionen og Vestland fylke.
Dette momentet får alltid stor merksemd når me har besøk av sentrale politikarar eller får dei i tale på anna vis – med mål om å få dei til å gjera sitt for å få vegen inn att på NTP. Og dette jobbar vi alle for,
både politisk og administrativt: Vikafjellstunnelen MÅ inn i ny NTP! 

Fotoa til høgre: Frå Storehaugtunnelen når Riksveg 13 periodevis er stengt pga rasfare eller dårleg ver over Vikafjellet. Foto: Reidun Ovrid

Les meir om Vestland fylke og intern samanbinding