Kva er Nye Fjordvegen frå 2020?

 

 

 

 

 

 

 

Rv 13 er frå 2020 «ny» i begge ender:
1. I sør er Stavanger nytt endepunkt frå 30. desember 2019 då Ryfylketunnelen opna (foto over). To kortare tunnelar til på Stavanger-sida skal opnast i februar-mars for å gjera Ryfast-anlegget komplett. Kvalitetssikring av teknisk utstyr pågår før opninga.

2. I nord er Rv 13 lagt om og har fått ny trase som riksveg frå ferjeleiet Hella nord for Sognefjorden og austover til Sogndal som er senter i nye Sogndal kommune.
Tidlegare Balestrand og Leikanger kommunar inngår i den nye storkommunen.

3. Vestland fylke er skipa og Rv 13 får ein viktig funksjon som samanbindingsveg for indre del av dette storfylket.
Det fysiske midtpunktet i Vestland fylke er også oppe på Vikafjellet. Utfordringa knytt til hyppig stenging av Vikafjellet aukar.

 

Sist oppdatert: 27.01.2020