God infrastruktur for Hjelmeland og Ryfylke – grunnlag for vidareutvikling av næringslivet

Hjelmeland Handels- og Serviceforening (HHSF) har som føremål å ta vare på og utvikla næringslivet sine interesser i Hjelmeland kommune. Samferdsel er viktig for foreninga som vart stifta i 2016. Alle tilhøve knytt til infrastrukt generelt og Riksveg 13 spesielt har høg prioritet.


Riksveg 13 gjennom Hjelmeland på langs er einaste og med det viktigaste vegen både nord og sørover for alle i Hjelmeland kommune. Alternativa er å reisa utan bil med hurtigbåt til Stavanger eller andre plassar på dette avgrensa rutenettet, eller gå over fjella austover (!)
Riksveg-sambandet Hjelmeland – Nesvik er difor særs viktig for all vegtransport nord- og austover. Her blir det no utbygd anlegg for hydrogenelektrisk ferjedrift for ferdigstilling våren 2021.
Riksveg 13 er og omkøyringsveg om E39 skulle bli stengt mellom Stavanger og Haugesund (vegkorridor 4).

Ingfrid Mæland og Tove Lersveen, frå butikkane XL Bygg Ryfylke og Pizzabakeren på Sandetorjå representerer lokal handel tett inntil det viktige ferjeleiet Sande på Hjelmeland. Her går riksvegsambandet på ein ca 10 minutts ferjetur over til Nesvik, og så går riksvegen vidare inn i Suldal.
Ingfrid og Tove er samde om kor viktig trafikken på riksvegen er for deira kundegrunnlag. Kundane er sjølvsagt lokale, men utan gjennomgangstrafikk av hyttefolk på veg til Suldal og lengre nord samt rundreise-turistar i ein lang sommarsesong er grunnlaget for heilårs butikkdrift her dårleg.
Trygg og rassikker veg samt effektiv ferjesamband er to svært viktige faktorar for heilårs drift her.  Å få eit stort nok kundegrunnlag for forretningane her er basis for å vera liv laga.

Ingfrid Mæland styrer ein avdeling av XL Bygg Ryfylke med m.a. byggevarer, trelast, fritid, maling og jernvarer for hus og hytte, hage og fritid. Her er utstyr til både små heimeprosjekt til proffens store prosjekt. Deira produktspekter er ikkje eigna for ein nettbutikk, difor er fysiske møte med kunden og god service og rettleiing nokkelen.

Ho framhevar og behovet for konkurransedyktig og effektiv varetransport inn dagleg. Kundane forventar same service og levering som i ein by. Ho kan ikkje få fullrost at Ryfylketunnelen vart opna ved årsskiftet 2019-2020,  saman med Svotunnelen som var opna i 2013 er vegtilhøva mot Stavanger sterkt forbetra. Ei ferje mindre og mest rassikker veg sørover betyr mykje.

Tove Lersveen har hausten 2020 starta opp avdeling av Pizzabakeren på Sandetorjå, og har over 30 pizzavariantar på menyen for take-away. Ho har oppe alle dagar i veka og har fått mange lokale faste kundar allereie, men ventar seg fleire vegfarande gjester sommarstid.

Ho merkar straks nedgang i tal kundar om vegen forbi Rødsliane i Suldal er rasstengt.

Ho seier: Vegen nordover må betrast skal Riksveg 13 koma opp som ein god og interessant del av ei rundreise for turistar på Nasjonal Trusitveg Ryfylke mellom Preikestolen og Trolltunga. Både buss, bubil og personbilar må oppleva riksveg 13 som attraktiv å køyra heilt til Sognefjorden.
Lokalt må me jobba vidare for å å gjera det attraktivt å stoppa og bli ei stund i Hjelmeland. Fleire butikktilbod, gode korte turstiar, kjekke ting å besøka med lang opningstid er viktig. Å få parkert og å kunne rusle langs fjorden i sentrum og bada på den fine samdstranda på Sande må bli fint igjen etter utbygginga for dei hydrogenelektriske ferjene, seier ho. Det er og viktig at kollektivtilbodet blir bra, både buss og hurtigbåt.

 

Stian Vadla, dagleg leiar i Årdal Landbruk – AK Maskin i Årdal har hausten 2020 kjøpt bedrifta Møgedals Mekaniske på Sand i Suldal. Begge bedriftene ved Sand og i Årdal ligg kloss inntil Riksveg 13. Årdalstunet i Årdal i Hjelmeland har fått ei god samling av landbruksretta bedrifter saman med daglegvare. Stian seier: Effektiv framkomst er særs viktig for å få inn reservedelar og utstyr raskt nok, helst dagleg måndag til fredag. Les meir

Hjelmeland Handels- og Serviceforening ved styreleiar Peter Sigmundstad er særs nøgde med at Ryfast-anlegget er opna frå 2020 som ferjefritt samband sørover direkte til Stavanger saman med auka busstilbod. Saman med at Svotunnelen kom for nokre år sida, gjev dette ein heilt ny standard på dette strekket. No gjenstår ein flaskehals og eitt raspunkt sørover ved Nere Tysdalsvatnet, og foreninga støttar ønskjet om ein god og lang Årdalstunnel.
Ein er likevel uroa for Rogaland fylkeskommune sin vidare prioritering av hurtigbåtsamband med tanke på pendlarane inn og ut, marknaden på øyane og mulegheiter for rundreiser for turistar.

Ryfylkevegen Riksveg 13 er og Nasjonal Turistveg Ryfylke mellom Solbakk ved Ryfylketunnelen og Røldal, noko som næringslivet må utnytta for kva de er verdt. Dessverre er det ikkje blitt fysiske tursitveg-anlegg innafor Hjelmeland, men skilta finst. Auka standard og fjerning av rasfare er nøkkelen for auka utlandstrafikk på Riksveg 13 til og gjennom Hjelmeland og Suldal. Mange av foreninga sine over 50 medlemmer er reiselivs- og handelsbedrifter som har turistar som viktig marknad.

Den opplevde konforten for ein ukjent turist er for låg, dei opplev delar av vegen som farleg. Gul midtstripe er sjølvsagt på ein riksveg, seier Peter Sigmundstad.

Utlands turisme har vore aukande i kommunen frå 90-talet, og vil koma opp igjen etter Korona-krisa.
Hyttefolk som mest er busett innafor Rogaland er svært viktige for handel og service, og god veg og rask framkomst er basis for hyppig bruk av dei fine høgstandard-hyttene og det lokale næringslivet. Nokre blir og å rekna som fastbuande i «bustad 2».
Foreninga er og engasjert i kva som skjer nord for Hjelmeland knytt til rasfare og vanskelege vinterforhold. Rasutfordringane i Rødsliane ved Lovra i Suldal er heile Ryfylke og Rogaland sitt problem, ikkje berre eit problem for Suldal.
Transportbransjen i Hjelmeland og andre aktørar som transporterer i vogntog med nyslakta fisk, kraftfor og anna varetransport nordover på Riksveg 13 i retning Gardermoen, veit kva ufordringar vegen gjev.