Rask og effektiv service løyser me berre med ein god riksveg

Årdal Landbruk AS som ligg i Årdal i Hjelmeland midt i Ryfylke, har gjennom åra hatt hovudfokus på bonden sine behov innan landbruksmaskinar og utstyr. Etterkvart har bedrifta også utvida utvalet i butikken med verktøy, skog, hage og parkmaskinar og mykje meir. Anleggsbransjen og lokalt havbruk er blitt viktige kundar, seier dagleg leiar Stian Vadla.
Ein kunde kan godt ha fleire rollar og behov som Årdal Landbruk gjerne vil dekka.

I dei siste åra har breidda i typar maskinar og utstyr aukt betrakteleg, og det er vanskelegare å halda delelager lokalt. Denne endringa gjeld heile verkstad-bransjen. Det betyr at det alle meste til ein reparasjon må tingast, og varene kjem med bodbil.

Om lag fem ruter går forbi Årdal mest dagleg i veka, seier dagleg leiar Stian Vadla.
God framkomst på hovudferdselsåra vår Riksveg 13 betyr alt. Kundane er «annige» slik me seier på Ryfylke-vis, dei vil ha jobben gjort raskt og effektivt så dei får halda fram md sine oppgåver.
Då hjelp det ikkje med rasstengte vegar og usikkerheit. Bedrifta vinn på rask leveranse og god service.

Tilhøva nordover mellom Hjelmeland og Sand med den svært rasutsette strekninga Rødsliane er noko som bekymrar Vadla. Årdal Landbruk har nemleg kjøpt det godt etablerte og velrenommerte Møgedal Mekaniske Verkstad på Sand i Suldal og skal vidareutvikla denne viktige bedrifta i Suldalssamfunnet. Denne bedrifta har i mange år m.a. arrangert Møgedalsmarknaden kvar haust, ei viktig hending for både Suldals-samfunnet og større delar av Ryfylke.

Ein viktig faktor for bedrifta sine logistikkløysingar er og ferjefrekvensen over Jøsenfjorden i Hjelmeland. Dette riksveg-sambandet er einaste ferjesamband på riksveg 13 fram til neste samband over Sognefjorden i nord. Over Jøsenfjorden går det for det meste fire avgangar pr time, og trafikken aukte raskt etter den siste omlegginga med hyppigare avgangar. Etter opninga av Ryfast, aukte trafikken umiddelbart igjen.
Med den hydrogenelektriske løysinga som skal starta våren 2021, er det planlagt tre avgangar pr time.

Færre bør det ikkje bli, seier Vadla, for det lokale næringslivet sin konkurranseevne er opphald på 20 minutt kanskje grensa.