Årskonferansen 2018 Vik i Sogn og 2019 i Ullensvang

Les om Konferansen i Ullensvang april 2019

 

2018: Årsmøtet og årskonferansen til Fjordvegen Rute 13 er i stadig større grad årets viktigaste arena for å drøfta samferdselsutfordringar knytt til Rv 13-regionen på tvers av fylkesgrenser. Fokus i 2018 på Blix hotell var: Fjordveg-regionen etter opning av Ryfast 2019. Ca 70 personar deltok.
ProgramÅrskonferansen 2018 Program

Dagen hadde tre overskrifter:
– Reiseliv og reiseruteutvikling
: Kva kan dei Nasjonale turistvegane bety for verdiskaping og næringsutvikling? Kollektivprosjekt – Travel like the locals, kva skjer i 2018 og -19?

– Ryfast opnar om litt over eitt år – status 2018. Kva med framtida? Innleiarane skal sjå inn i glaskula og spå om samfunnsutviklinga for heile Fjordveg-regionen etter 2019

– Fjordvegen Rute 13 etter vedtaket av Nasjonal transportplan 2018-2029 – kva med neste NTP? Kva kan me læra av prosessen, korleis koma i posisjon for neste prosess? Dei store prosjekta i investering i høve dei indre fjorder sitt presserande behov for rassikring og standardheving.

Presentasjonar:

FRAM Møre & Romsdal – Konrad Lillevevang: Travel like the locals – erfaringar og råd
Reisemål Ryfylke – Liv Jorunn Tjelmeland: Travel like the locals i Ryfylke & Rogaland?
Reisemål Hardanger Fjord – Hans Jørgen Andersen: Kva skjer i kollektivtrafikken i Hardanger
Tide – Hege Sandtorv: Nye reiselivstankar frå Tide! Ny rute i 2018?

Nasjonale Turistveger – Trine K. Zerwekh: Dei tre Nasjonale turistvegane i Fjordvegregionen:
Frå undersøking om verdiskaping og næringsutvikling. Nasjonale turistveger sine forventningar til det lokale.
Filmpremiere: Vinteren 2017-18 langs Fjordvegen Rute 13; brøyting over Vikafjellet og snø- og isras.

Tide Buss – Arild Skeie – Vinteropplevingar frå trafikken langs Rv 13 i Hardanger
Silje Løvås – Kruse-Smith – Entreprenøren sin vinkel
Statens vegvesen – Helge Eidsnes – Status for prosjekt langs Rv 13

Vedtatt NTP og kvardagsutfordringar i Fjordveg-regionen. Kvvil skje etter opning av Ryfast 2019? Tre innlegg:
Nasjonal Rassikringsgruppe – Åshild Kjelsnes
Vik Næringssamskipnad – Jorunn Å. Røyrvik
Ullensvang Næringsforum – Geir Midtun

Stavanger kommune – Bjarne Kvadsheim: Kva er Ryfast og kva blir ringverknadane for Fjordvegregionen
sett frå Stavanger, bymedlem i sør.

Fjordvegregionen i skugge eller sol? Kva samfunnsutvikling ser me for oss etter opning av Ryfast 2019? Korte innlegg og debatt.
Rogaland fylkeskommune – Janne Johnsen

Første bolk etter velkomst frå Fylkesordførar Jenny Følling, dreide seg om Reiseruteutvikling. FRAM Møre og Romsdal ved Konrad Lillevevang presenterte den interessante vidareutviklinga av kollektivreise-suksessen for turistar på ordinære transportmiddel, og oppfølginga i våre eigarfylke blir presentert og drøfta av Liv Jorunn Tjelmeland og Hans Jørgen Andersen.
Nasjonale turistvegar ved Trine K. Zerwekh presenterte undersøking om verdiskaping og næringsutvikling som resultat av satsinga. Tide Buss og Hege Sandtorv fortalde om kvifor dei ikkje fekk lansert sitt nye produkt i mai, for strekket Voss – Vik pga sein saksbehandling.

Vik Næringssamskipnad hadde ein effektfull demonstrasjon av den hyppige stenginga av Vikafjellet i samband med lunsjen.
Den store bolken dreide seg om Samferdselpolitikk og konsekvensar for Fjordveg-regionen. Me fekk filmpremiere med vintersituasjonar langs Fjordvegen og entreprenøren Stokkebø Maskin ved Erling Stokkebø og transportnæringa ved Tide Buss – Arild Skeie sine opplevingar frå vinteren 2017-18.

Kvardagen og utfordringane langs rv 13 blei presentert av Nasjonal rassikringsgruppe v/Åshild Kjelsnes og næringslivet ved Jorunn Å. Røyrvik og Geir Midtun.
Bjarne Kvadsheim orienterte om Ryfast og korleis Stavanger kommune ser på effekten av satsinga.
Entreprenøren Kruse-Smith viste frå rassikringsprosjekt Vik – Vangsnes og Statens vegvesen v/regionvegsjef Helge Eidsnes trakk linene frå erfaringane med sist revisjon av NTP til neste revisjonsprosess som allereie har starta opp.
Eit breidt panel av fylkes- og lokalpolitikarar og næringsliv slapp til med fleire vinklar i høve kva skjer etter opning av Ryfast 2019. Her deltok desse politikarane med innlegg og debatt med ein aktiv sal: Pål Kårbø, Janne Johnsen, Bjarne Kvadsheim, Noralv Distad, Jon Askeland og Olav Turvoll.

Ottar Wiik leia det tett programmet med stødig hand og gode kulturinnslag.
Styremedlem Marthe Hammer oppsummerte konferansedagen.

Årsmøtet: det vart attval på styremedlemma, og styreleiar Gerd Helen Bø, Suldal og nestleiar Sigbjørn Hauge, Voss fekk fornye tillit.
Det vart og vedtatt endra medlemskontingentar med lågare satsar for næringsforeningar og ein ny låg sats for enkeltmannsføretak og mindre bedrifter.