Personvern

Vilkår av 26/09/2018; nettsida fjordvegen.no og nyheitsbrev pr epost:

Eigar av www.fjordvegen.no er Fjordvegen Rute 13 , org.nr. 987 550 341, Kinsarvik. Fjordvegen Rute 13 er ein medlemsorganisasjon med offentlege og private medlemmer.

Følgande gjeld for behandling av personopplysningar og informasjonskapslar (cookies) for fjordvegen.no:

Personopplysningar du avgir til oss vert brukt for at vi skal kunne yte deg betre service og tenester, og blir kun brukt i tråd med dette  føremålet og på ein sikker måte. Dine personopplysningar vil ikkje bli seld eller gitt vidare til tredjepart.

Ved oppkobling til fjordvegen.no, kan vi automatisk (dvs. ikkje ved registrering) innhente ikkje-personlege data (for eksempel type nettlesar, operativsystem, tal besøk, gjennomsnittleg tid du er inne på nettsida og kva sider du har sett på).

Me nyttar Google Analytics for rapportering av bruk på fjordvegen.no. Motivet for å samle denne informasjonen er å få betre forståing for bruken, og kunne tilpasse vår kommunikasjon for å skape brukervennlege opplevingar.

«Cookies»  informasjonskapslar som blir lagra automatisk på din datamaskin: 

Dei fleste nettsider brukar cookies for å ta vare på informasjon på tvers av sidevisningar. Cookie er ei lita tekstfil som blir lagra på din eining. Du kan velje å ikkje akseptere bruk av cookies, men då er det risiko for nettsida ikkje fungerar optimalt. Dei fleste nettleserar lar deg også slette cookies som allereie er lagra på din maskin.

Nyheitsbrev på epost og medlemsskap:
Fjordvegen Rute 13 sender ut nokre få nyheitsbrev pr år til medlemmer og representantar for medlemmer, dvs dei (politikarar) som gjennom sine verv representerer ein kommune eller fylkeskommune som er medlem. Andre, dvs organisasjonar og private bedriftsmedlemmer har aktivt meldt seg inn og får nyheitsbreva som del av medlemsservice. Dessutan blir nyheitbreva sendt til Stortingspolitikarar med verv tilknytta samferdsel og tilknytta våre geografisk område, samt nokre tilsette i Statens Vegvesen og andre interesserte som aktivt har bedt om nyheitsbrev.
Uansett skal det vera lett å melda seg av denne tenesten ved kvar utsending i tråd med ny personvernlovgjeving.

Me henter berre informasjon om deg når  din organisasjon/bedrift blir medlem, når du bed om å få nyheitsbrev og melder deg på ein av våre konferansar. I desse høva blir du spurt om du ønskjer å motta nyheitsbrev frå oss.

Send oss gjerne ein e-post til hanne@hagalid.net om du har spørsmål om våre nettsider eller personvernpolicy.

Meny