Handlingsplan 2019-2021

Godkjent av årsmøtet 8. mai 2018 etter justeringar:

 HANDLINGSPLAN 2019-2021

FJORDVEGEN RUTE 13 SITT FØREMÅL:

  1. Å arbeida for utbygging av fylkesveg/riksveg 13 slik at denne blir ein trygg veg med gjennomgåande høg standard og gul midtstripe for heile strekninga.
  2.  Å marknadsføra vegstrekninga som ei effektiv og vakker transportåre og som den indre stamvegen frå Nord – Jæren til Sunnfjord.

HANDLINGSPLANEN stettar hovudmåla for 3-årsperioden:

  • Fjordvegen Rute 13 skal verta den viktigaste reiskapen for regionar, kommunar og verksemder til å skaffa midlar til rassikring, fullverdig vegstandard utan standardbrot og med gul stripe på Riksveg/Fylkesveg 13.
  • Fjordvegen Rute 13 skal målretta støtte reiselivet i Fjordveg-regionen for auka konkurransekraft basert på lokale opplevingar.
  1. PROFILERING:

Intern og ekstern profilering og marknadsføring

Legitimiteten og effekten av selskapet er avhengig av kjennskap til og eigarskapen til selskapet sitt arbeide.
Selskapet skal spissa bodskapen sin og vera tydelege på kva føremoner medlemmer vil få av å nytta selskapet. Næringsutvikling i Fjordveg-regionen skal fokuserast.

TEMA

1.1. Medlemspleie. Selskapet har som mål å ha direkte kontakt med alle kommunestyra og alle næringsforeiningar minst ein gong pr valperiode. Dette for å orientera og inspirera til aktivt arbeid for Fjordveg-regionen, og å bruka Fjordvegen Rute 13 som samarbeidsorgan for sine veginitiativ.

 

1.2. Informasjons- og dialogkanalar:

Nettsida www.fjordvegen.no – ei god informasjonsside for publikum, styret og andre politikarar. Sidene vert vidareutvikla og jamnleg oppdatert. Lenker til alle medlemmer og næringsfokus blir vidareført.

Facebookprofil og Instagram  –
skapa merksemd og vera opne arena for ytringar og dialog og nærare kontakt med befolkninga i Fjordvegregionen

Medlemsskrivet Fjordvegdrøsen
kjem ut minst 3 gongar/år. Det profesjonelle epost-verktøyet blir og brukt til informasjon og invitasjonar utover medllemma.

Ny enkel versjon av foldaren, næringsfokus i innhald. Målretta distribusjon for ein perioden på inntil tre år.

Media vert orienterte i samband med konferansar, viktige møte og uttalar og elles med mål å påverka og gjera Fjordvegen Rute 13 godt synleg.


1.3. Årskonferansen
skal fremja selskapet sitt hovudføremål, skapa brei arena for debatt om aktuelle tema, bidra til målretta nettverksbygging, rekruttering og god ekstern og intern profilering. Dagskonferansen har deltakaravgift og sirkulerer mellom medlemsfylka.

        2. PÅVERKNAD:
Øva trykk på kontinuerleg utvikling av tiltak langs Rv/Fv13.
Gjennomslag hos løyvande myndigheiter er avhengig av god informasjon, truverdige nettverk og pågåande og kontinuerleg arbeid frå styret og administrasjon i eit samspel.

2.1. Samarbeid med vegstyresmaktene.
Systematisk kontakt, fagleg oppdatering og nettverksbygging.                Eiga oppfølging i høve Nasjonale  turistveger.         .

2.2. Støtta kommunar og regionar i deira aktuelle vegtiltak langs Rv/Fv 13 og øva påverknad i samarbeid med dei. Utvikle kontaktnett på relevante nivå

2.3. Fylkeskommunane som aktive medlemmer og strategiske alliansar.

2.4. Ta initiativ til møte med sentrale styresmakter i enkeltsaker.

2.5. Støtta reiselivsmedlemmer i arbeidet for vegbasert heilårsreiseliv, reiseruteutvikling og satsinga på Nasjonale turistvegar. Utvikla strategisk nettverk i grensesnittet samferdsel – reiseliv.

2.6. Betre kunnskapsgrunnlag for politisk påverknad. Fremja faglege utgreiingar o.a. som gir betre argument-base og merksemd rundt Fjordvegen.

2.7. Identifisera og utvikla alliansar som t.d. andre vegselskap

2.8. Reiselivet i Fjordvegregionen etter opning av Ryfast 2019: Eige prosjekt utvikla frå Dialogkonferansen hausten 2016 i regi av Fjordvegen og Hordaland og Rogaland fylkeskommunar (Travel with the locals / Saumlause reiser i Fjordvegregionen.) Oppstart og finansiering frå 2017. Oppfølging av arbeid på fylkesnivå. Mål om synleg resultat innan 2019.
 

         3. MEDLEMSSKAP:
Fleire medlemmer. Arbeida kontinuerleg for å tilfredsstilla medlemmene sine samferdselsmessige behov knytt til Rute 13.
Arbeida for at alle kommunane, alle næringsforeiningar og stadig fleire enkeltbedrifter langs og rundt Rute 13 vert medlem i perioden. (kontingensatsane er justerte)

Den 3-årige Handlingplanen vert følgt opp av to årleg reviderte tiltaksplanar: Tiltaksplan for påverknadsarbeide og Tiltaksplan for profilering og samarbeide.

 

Meny