Trafikkutvikling på Rv 13 – sesongvariasjonar og endringar etter opning av Ryfast

Trafikkutvikling

Trafikkmengda langs Rv13 i 2020 t.o.m. oktober syner ulik utvikling på målepunkta som Statens vegvesen nyttar for sine trafikkteljingar.
For dei fleste målepunkta ser ein i 2020 ein nedgang i trafikk samanlikna med same periodar i 2019. Mykje av dette skuldast lågare reiseaktivitet grunna koronapandemien, men for turistsesongen syner tala for målepunkta nord for Seljestad at særskilt i juli månad var trafikken i 2020 høgare enn i 2019. Den norske fellesferie-trafikken slo kraftig ut.

Di lengre sørover ein ser på Rv13, jo høgare vert trafikktala samanlikna med 2019. Dette skuldast truleg den omtala “Ryfast-effekten” som har gjeve stor trafikkauke. For Ytre Eiane på nordsida av Jøsenfjorden (Hjelmeland) ser ein t.d. ein trafikkauke på 46% for oktober 2020 samanlikna med 2019. På dette målepunktet har trafikken auka alle månader fom juli om ein samanliknar med 2019.

“Ryfasteffekten” vert sterkare di lengre sør mot Stavanger ein måler trafikkmengda. For målepunktet Kvam i Strand kommune ser ein tydeleg auke for samtlege månader etter mai. Dette må sjåast med bakgrunn i at Ryfasttunnelane førebels er utan bompengeinnkreving.

 

Sesongvariasjonar og bruk av ÅDT i grunnlagsmateriale for prioritering av vegprosjekt i revidert NTP.

Trafikken på Rv13 viser svært ulike trafikkmengder på dei ulike målepunkta langs vegen. For punkta med høgst trafikk til punkta med lågast trafikk (unnateke fellestrekningar med E16 og E134) varierer månadstrafikktala for oktober 2020 mellom 7859 og 284.
Samanliknar ein diagrammet for Kvam (over) og Bu ved Hardangerbrua (under) ser ein tydeleg korleis sesongvariasjonar gjev auka trafikkmengder om sommaren samanlikna med vinter.

For målepunkt med store sesong-variasjonar vert ÅDT (årsdøgntrafikk) i mange tilfelle eit alt for lågt måltal å leggja til grunn for dimensjonering av vegbreidde, møte-plassar o.a. Dette blir aktualisert når ein skal vurdera naudsynte tiltak for å betra trafikkflyt og unngå kork-situasjonar som på utsette strekk sør for Hardangerbrua.

For dei aktuelle målepunkta langs Rv13 viser tabellen under kor høg sommarrafikken i 2019 var pr. døgn samanlikna med gjennomsnittstalet for året (ÅDT):

Stedjebergtunnelen                            115%

Fatlatunnelen                                     117%

Storhaugtunnelen (Vikafjellet)            230%

Myrkdalstunnelen                              139%

Palmafossen Aust                               132%

Svelgane                                            175%

Vallaviktunnelen                                198%

Hardangerbrua                                   218%

Bu Vest                                                238%

Hovland                                              208%

Låtefoss                                               197%

Nesflaten                                            218%

Berge Øst                                            121%

Berge Sør                                            124%

Lovra                                                   149%

Ytre Eiane                                          178%

Årdal                                                   131%

Kvam                                                  119%

Tau Sør                                              108%

 

Tabellen over syner at ved å sjå berre på ÅDT kan ein i plansamanheng gjera prioriteringar og konklusjonar på feil grunnlag.
Dette vil Fjordvegen Rute13 ha fokus på når utkast til NTP 2022-2033 vert lagt fram i mars 2021.