Brattlandsdalen og NTP

rasbildet-brattlandsdalen-104016

Ras i Brattlandsdalen, Øvre Lonovatnet, våren 2016

Rassikring i Brattlandsdalen mellom Nesflaten og Røldal kom ikkje inn i Stortingsvedtaket i juni 2017 for revidert Nasjonal transportplan. Heller ikkje i 2021 er strekket nemnt i vedtatt NTP

Prosessen før NTP 2017: Trass i intensiv innsats for nokre av det mest rasutsette strekka langs nokon riksveg i landet og lokalt arbeide med utforming av eigen rapport med planforslag i regi av Ryfylke IKS/Fjordvegen Rute 13, vart strekka utelate.
Fjordvegen Rute 13 og dei berørte kommunane og samfunna er svært skuffa.
Styret i Fjordvegen Rute 13 hadde tiltaka her som 3. prioritet i sitt høyringsbrev for NTP der tunnel gjennom Vikafjellet var sett på topp, deretter rassikring i Rødsliane, Suldal.

Historikk: Etter informasjonsmøtet med presentasjon av rapportane på Nesflaten 26.1o.2016, tok kommunane og regionråda saka til behandling med tanke på å få dei viktigaste rassikringstiltaka inn i revidert NTP 2018-2029. Dette lukkast dessverre ikkje.

I september 2017 hadde Nasjonal rassikringsgruppe saman med Fjordvegen Rute 13 synfaring i Brattlandsdalen: https://tv.nrk.no/serie/distriktsnyheter-rogaland#t=2m42s

Manglande sikring og dårleg standard generelt gjer det vanskeleg å rekruttera folk nordfrå til stillingar  i øvre Suldal. Næringstransport frå Rogaland og Ryfylke som vel riksveg 13 til Røldal og Austlandet , gjerne for omlasting på Gardermoen, får usikker framkomst. Satsinga på utbygging av E134 frå Røldal og austover frå 2022 gjer riksveg 13 enno meir aktuell for last av ferskvare for flyfrakt til kontinentet, særleg fisk.
Låg årsdøgntrafikk trekk ned når ein ser på rasfaktor, men rasfaren er reellt svært høg. På basis av nokre mindre midlar har Statens vegvesen frå 2018 bygd raslommer fleire av dei mest utsette strekka.
Vinterstid etter snøfall blir riksvegen svært smal, og det er langt å rygga når støre køyretøy må møtast.