Sandsfjordbrua

Sandsfjordbrua stod ferdig i november 2015, og sikrar eit døgnope vegsamband over Sandsfjorden i Suldal kommune. (Foto: Statens vegvesen)

Sandsfjordbrua stod ferdig i november 2015, og sikrar eit døgnope vegsamband over Sandsfjorden i Suldal kommune. (Foto: Statens vegvesen)

Kjelde: Statens vegvesen

Sandsfjordbrua i Suldal kommune blei opna 27. november 2015, med ei total lengde på ca. 580 meter og hovudspenn på 290 meter. Seglingshøgda er 65 meter i ei breidde på 150 meter.

Brua er bygd som ei «fritt fram bygg»-bru i betong. Det betyr at brua har blitt bygd i balanse frå brutårna, og har bore si eiga vekt under bygginga. Bruk av lettbetong har gjort bygginga av den enorme brua mogleg.

Byggjefasen starta våren 2013. Sandsfjordbru-prosjektet har vore delt i to, der fem kilometer med tilføringsvegar blei bygde først, og deretter Sandsfjordbrua. Terrenget var så bratt og ulendt, at vegane måtte på plass før brua kunne byggjast. Tilføringsvegane inkluderer fem tunnelar på til saman 1450 meter.

Frå støypinga av fundamentet for det første hovudtårnet i Sandsfjordbrua. Betongen blei pumpa gjennom eit 150 meter langt røyr, frå 70 meters høgde. (Foto: Statens vegvesen)

Frå støypinga av fundamentet for det første hovudtårnet i Sandsfjordbrua. Betongen blei pumpa gjennom eit 150 meter langt røyr, frå 70 meters høgde. (Foto: Statens vegvesen)

Gjennomføringa av prosjektet har etablert eit fast, døgnope vegsamband i Suldal kommune, og erstattar ferjesambandet Sand–Ropeid.

Bebuarane på vestsida av Sandsfjorden er no knytte saman til resten av kommunen og kommunesenteret på Sand. I tillegg sikrar Sandsfjordbrua eit døgnope samband nordover til Sauda og vestover mot Haugesund.

FV. 46 SANDSFJORDBRU-PROSJEKTET

Veg Fv. 46
Fase Opna
Kommune Suldal
Fylke Rogaland
Vegeigar Rogaland fylkeskommune

http://www.youtube.com/watch?feature=player_embedded&v=rS3Ois9w48o