Politisk aktivitet: Møte på Stortinget desember 2018


4. desember 2018 fekk styret og administrasjonen i Fjordvegen Rute 13 møte 16 interesserte Stortingsrepresentantar frå Hordaland og Rogaland. Møtet var lenge førebudd, og vart initiert for å orientera om utfordringane langs rv/fv 13. Først og fremst visa dei mange, viktige rassikringspunkta som styret tidlegare har gjort ei samla prioritering for og ha dialog om prosessen fram til revidert NTP 2022-2033. Det kom fleire nyttige innspel, og tilbakemeldingar om eit godt samkøyrd styre.
Fjordvegen Rute 13 vil invitera breidd til årskonferansen 2019 med innlegg og debatt frå Stortingsnivå og medlemsfylka.