Pga den alvorlege situasjonen i Norge grunna utbrot og spreiing av Coronaviruset som ser ut til vara ein lang periode, har styret i Fjordvegen Rute 13 pr 1. april vald å avlysa Årskonferansen for 2020.
Årsmøtet vart gjennomførd digitalt 15. juni.
Det er pr mars 2020 enno eit år igjen til ny Nasjonal transportplan skal vedtakast.
Programmet for den avlyste konferansen hadde fokus er på revisjonen av Nasjonal Transportplan 2022-2033 og rassikring og standardbetring for Rv 13 i denne.
Styret skal i november 2020 avgjerda om det kan bli årskonferanse våren 2021.
Sju Stortingsrepresentantar og sentrale politikarar hadde sagt ja til å ha innlegg og delta i debatt: Helge Orten, Øystein Langholm Hansen, Bengt Fasteraune og Morten Stordalen alle frå Transport- og Kommunikasjonskomiteen. Dessutan Geir Toskedal og Solfrid Lerbrekk. Aleksander Rügert-Raugstein frå MDG Rogaland.
Nasjonal Rassikringsgruppe med leiar Jenny Følling med innlegg. Ny samferdselsstatsråd Knut Arild Hareide og den sentrale leiing i NTP-sekretariatet var og invitert.Våre to fylkeskommunar v/fylkesordførar Marianne Chesak, Rogaland, fylkesvaraordførar Natalie Golis i Vestland fylke samt varaordførar i Stavanger Dagny Sunnanå Hausken skulle drøfta fylka og byane si nye rolle i NTP-prosessen og korleis få til samla uttale for Rv 13.
Fagprogram: Statens Vegvesen v/avdelingsdirektør Tone Oppedal, SVV Leikanger. Næringslivsprepresentanten Fiskå Mølle v/Leif Kåre Gjerde samt Norsk Elbilforening med Erik Lorentzen. Industriklusteret i Odda/Ullensvang og verdiskapinga v/ordførar Roald Aga Haug.
Årsmøte var lagt i etterkant av konferansen. Felles sightseeing med buss gjennom Ryfast til Solbakk med kort stopp, Strand kommune som vertskap.