Kva er Nye Fjordvegen frå 2020?

 

 

 

 

 

 

 

Rv 13 er frå 2020 «ny» i begge ender:
1. I sør er Stavanger nytt endepunkt frå 30. desember 2019 då Ryfylketunnelen opna (foto over). To kortare tunnelar til på Stavanger-sida er opna våren 2020 og gjer Ryfast-anlegget komplett. Reisetida er sterkt nedkorta, fleksibiliteten er på plass og avstand til flyplass (Stavanger lufthavn Sola) og havn er korta ned.

Vegen sin attraktivitet: Det var i normalmånaden februar 2020 merkbar auke i trafikk på Riksveg 13 målt på ferja Hjelmeland – Nesvik. Etter nedstenginga av landet våren 2020 har trafikken tatt seg sterkt opp sommaren og haust/vinter 2020, langt over Statens vegvesen sine prognosar. Bompengeinnkrevinga er ikkje igongsett grunna tekniske problem før 1. februar 2021.  Frå 1.2.2021 har trafikken gått noko ned, medan bruk av kollektivtransport har auka. Les meir.

2. I nord er Rv 13 lagt om og har fått ny trase som riksveg frå ferjeleiet Hella nord for Sognefjorden og austover til Sogndal som er senter i nye Sogndal kommune.
Tidlegare Balestrand og Leikanger kommunar inngår i den nye storkommunen.

3. Vestland fylke er skipa og Rv 13 får ein svært viktig funksjon som samanbindingsveg for indre del av dette storfylket.
Det fysiske midtpunktet i Vestland fylke er også oppe på Vikafjellet. Utfordringa knytt til hyppig stenging av Vikafjellet vinterstid aukar, og behovet for ei permanent endring i form av tunnel er presserande.

 

Sist oppdatert: 09.02.2021