Nasjonal Transportplan-prosessen denne gangen var en hurtigare prosess enn vanleg; over tre år i staden for fire år. Konsekvensane er likevel store. Hausten 2024 har styret i Fjordvegen drøfta tiltak og lytta til medlemma som møtte godt opp under dei sju medlemsmøta knytt til styreturen i slutten av oktober.
Innspurten av NTP-prosessen, våren 2024 :
Fjordvegen Riksveg 13 hadde ein vellukka årskonferanse tidleg i sluttfasen av NTP-prosessen til 4. mars på Flesland nær Bergen. Fem stortingsrepresentantar samt statssekretær Tom Kalsås deltok. Mange gode faginnlegg blei levert og debattert av ein aktiv og variert møtelyd.
Tittelen var Trygg veg for liv og helse – blir behovet dekt av ny NTP? Rassikring og utbetring av kvardagsvegar som riksveg 13
NTP-forslaget frå regjeringa vart lagt fram rett før påske 22. mars. Det inneheld ikkje noko sporbart nytt for riksveg 13 og blei opplevd svært negativt. Dessutan er det spesifisert at Vikafjellet skal inngå i Nye Veiers portefølgje, men utan ekstra løyvingar. Det betyr i praksis at prosjektet ikkje vil bli gjennomført. Oppsummert er dette eit svært dårleg NTP-forslag for riksveg 13.
Det positive gjeld Rødsliane med tunnel på riksveg 13 i Suldal, dette går som ein parallell prosess med endeleg Stortingsbehandling våren 2024.
Fjordvegen Riksveg 13 sendte uttale om situasjonen for riksveg 13 spesielt og rassikring generelt til Transport- og kommunikasjonskomiteen før deira høyring i april 2024.
Fjordvegen deltok på Mobiliseringskonferansen på Flesland for heile vestlandet 9. april og hadde felles innlegg saman med Haukelivegen/E134 og industribedrifta Boliden Odda.
Heller ikkje i revidert nasjonalbudsjett 14.5.2024 kom regjeringa med noko sporbart for riksveg 13.
21. mai fekk Fjordvegen Riksveg 13 møta Stortingsbenkane for våre fylke, og ni representantar frå Stortinget møtte oss for presentasjon av riksveg 13 sine utfordringar i høve NTP-forslaget. Dessutan blei rassikring som generell utfordring drøfta sidan riksvegane ikkje har fått det ønskte tildelinga av midler som må til, 2 mdr kr meir pr år. Dette kravet er Fjordvegen Riksveg 13 og Nasjonal Rassikringsgruppe samde om.
Endeleg NTP 2025-36 bestemt gjennom Stortingsbehandling i juni gav ikkje ønskt resultat for riksveg 13 sine mange utfordringar, sjølv om tunnel i Rødsliane i Suldal ligg inne men var bestemt før.
Behandlinga gav i praksis som resultat at Statsbudsjetta dei enkelte åra i stor grad vil bestemma prioriteringane. vidare. Tildelinga i samband med NTP-vedtaket til Nye veier AS gav heller ikkje von om auka satsing for rassikring og riksveg 13 i deira portefølje.
Vinteren 2023-24:
Det var mange uhyggelege rashendingar på riks- og fylkesvegar på vestlandet denne vinteren og fleire rundt juletider og framover vinter og vår på riksveg 13.
Hausten 2023:
NAF har både lokalt og sentralt engasjert seg for rassikring, og har 27. november følgt opp med ei tydeleg pressemelding knytt til den oppdaterte skredpunktlista frå vegvesenet. Her figurerer riksveg 13 som kjent med mange punkt med svært høg rasfaktor.
NTP-framlegget frå fagetatane var levert til Samferdselsdepartementet 3. oktober som siste ledd i fleire innleveringar. Denne leveransen er det ikkje høyring på, sidan høyringsfrist var 3.7. på prioriteringane frå fagetatane.
Alle høyringssvar
Fylka og dei store byane deltok på fire spreidde innspelsmøte med samferdselsdepartementet i start november. Vestland, Rogaland og Stavanger som alle er Fjordveg-medlemmer møtte Statsråden og departementet 7. november. Tilknytta same møteserie valde statsråden og å høyra større næringsorgan, m.a. LO og NHO.
Nye veier AS og nordre del av riksveg 13, Skare – Sogndal:
Sidan tiltak til Nye veier som gjeld på strekninga frå Skare sør i Ullensvang til Sogndal i nord ikkje er del av NTP, har Fjordvegen Riksveg 13 og kommunane direkte kontakt med Nye veier om deira prioriteringar og framdrifta i prosjekta. Nye veier og Statens vegvesen orienterer vanlegvis på alle styremøte.
Nye veier heldt i samarbeid med Ullensvang kommune eit ope informasjonsmøte 25.9. om det første konkrete rassikrings-tiltaket dei planlegg og skal iverksetja på Byrkjenes i Odda.
Høyringsuttalar 3.7.23 til etatane sine forslag:
3. juli gjekk høyringsfristen ut, og ei lang liste med instansar har kome med uttale.
Styret i Fjordvegen Riksveg 13 har svart etter å ha deltatt på høyringsmøta med begge fylka i mai. Vestland og Rogaland fylkeskommunar har gitt uttalar der riksveg 13 er nemnt. Begge fylka har stadfesta sine uttalar med prioriteringar i møte med statsråden i starten av november.
Nasjonal Rassikringsgruppe gav ein fyldig og vel grunngjeve uttale som fleire andre støttar.
Fleire av våre kommunar, regionråd, KS og Vestlandsrådet har og kome med uttalar der behovet for rassikring er nemnt.
Andre organisasjonar:
NAF (Norges Automobilforbund) skriv m.a. om manglande veg-vedlikehald og rassikring: NAF mener det er kritikkverdig at etterslepet på rassikring har fått øke over mange år. Det har bygget seg opp et behov som krever tydelig prioriteringer i årene som kommer.
Norsk lastebileier-forbund har naturleg nok ein lang uttale som representant for storbrukarane i teneste for næringslivet av vegnettet. Forbundet skriv m.a. at rasfaren på vegnettet særleg i nord og vest er eit alvorleg trykkleiks- og framkomstproblem som vil kunne auka som følgja av klimaendringane. Dette må få særleg merksemd. Dei skriv og at innspela frå Nasjonal rassikringsgruppe må vektleggjast tungt.
Dei nemner og i si lange prioriteringsliste Rv 13 Vikafjellet som Sør-Norges mest stengte fjellovergang med stort behov for å få løyst denne utfordringa.
Norsk arbeidsmannsforbund (NAF) skriv i sin uttale om at skredsikringstiltak må få høgare prioritet, og at kartleigging må fortsetja med full styrke slik at ein når måla med skredsikkert vegnett innan 2030.
Stian Ollalia, hovudtillitsvald ved Norsk Stein, Jelsa fekk og delta med NAF/LO på høyringsmøtet for næringslivet i Bergen 7.11.
Han seier: Vi kan ikke akseptere at medlemmene våre først skal dra på jobb med en klump i magen pga dårlige veier, og når de har kommet på jobb så skal de tenke på at unger og partner skal ut og kjøre på de samme farlige veiene på vei til skole og arbeid.
Aktivitet før fylkes- og kommunevalet:
Ca ei veke før kommunevalet, laurdag 2. september, arrangerte NAF-avdelingane på vestlandet 4 timars aksjon for å få fokus på trygge kvardagsvegar. Aksjonen som lokale tillitsvalde tok ansvaret for var knytt til åtte punkt langs riksveg 13 frå Hjelmeland til Sogndal. Initiativet kom frå lokalavdelinga Stavanger og omegn. Fjordvegen Riksveg 13 berømmer initiativet, og deltok aktivt i dette samarbeidet. Fleire frå styret og administrasjonen stilte på aksjonspunkta langs riksveg 13.
Før valet har det og vore aktivitet mange plassar der riksveg 13 har vore i fokus, her m.a. på valmøte i Ullensvang:
Sommar 2023:
Arendalsuka august 2023:
Styret ved Toralv Mikkelsen deltok med innlegg og debatt i arrangementet Rasfaren øker og pengene minker. Men det fins håp! 17. august. Sentrale representantar for Statens vegvesen og Nye veier deltok m.a. saman med arrangøren Nasjonal Rassikringsgruppe.
Opplysningsrådet for veitrafikken (OFV) held arenaen for arrangementet som blei strømma. Fjordvegen Riksveg 13 opplevde møtet og deltakinga her svært positivt med god møteleiing frå OFV. Det er viktig i den harde konkurransen om merksemda å få løfta rassikring opp på denne nasjonale arenaen.
Juni: Styret i Fjordvegen Riksveg 13 har deltatt med innlegg på innspelsmøta med Rogaland fylke og Vestland fylke og gitt dei uttalar til NTP i mai/juni.
Samstundes rasar det på fleire vegar. Eit steinras gjekk over riksveg 13 heilt sør i Ullensvang nær grensa til Suldal om natta 3.-4. juli etter hard nedbør.
Kva skjedde vinter og vår 2023:
Samferdselstatsråden har bestemt ein raskare prosess med eitt år kortare tid enn vanleg har vore.
Samferdselsetatane har levert felles svar på utgreiingsoppdraget frå Samferdselsdepartementet til frista 22.1. 23.
I dokumentet om Samfunnssikkerhet står m.a. om veg frå s 15:
Klimaendringer gir økt fysisk klimarisiko og dermed økt sannsynlighet for naturfarehendelser med
konsekvenser for framkommelighet, materiell, liv og helse. Endring i klimaet kan også øke intensiteten
i hendelsene og dermed konsekvensene av hver hendelse. Disse endringene er i manglende eller
begrenset grad inkludert i de samfunnsøkonomiske tiltaksanalysene i transportsektoren i dag. I tillegg
er det i begrenset grad en del av utfordringsbildet/problembeskrivelsen. Klimavei-prosjektet søker å
bedre integrere fysisk klimarisiko i de samfunnsøkonomiske analysene, og arbeider nå med å forstå
hvordan dette kan gjøres gjennom case-analyser. Arbeidet ferdigstilles i 2023, med mulighet for å
hente foreløpige resultater til NTP-arbeidet.
Eit felles innspelsmøte for organisasjonar inviterte samferdselsdepartementet til 13. februar. Fjordvegen Rute 13 søkte og fekk blant 39 organisasjonar delta med eit kort innlegg. Nestleiar i styret Sigbjørn Hauge la i presentasjonen vekt på fleire tilhøve:
Manglar i framdrift for rassikring, bruk av ny forsking som kan bidra til ein betra NTP for distriktsveger samt manglar i departementet sine bestillingar til etatane. Det er t.d. ikkje bedt om ras-utgreiingar sidan før 2019.
Arrangementet blei strømma.
31. mars kom m.a. veg-etatane Statens Vegvesen og Nye veier med sine prioriteringar.
Det er varsla ein nøktern NTP, og me fryktar nedprioritering av livsviktig skredsikring og standardheving av både riks- og fylkesvegar i distrikta.
Statsråd Nygård seier 31.3: Forslagene er ingen fasit
– Virksomhetenes svar på NTP-oppdragene de har fått er et viktig grunnlag for regjeringens arbeid med NTP. Forslagene til prioritering fra de enkelte virksomhetene er likevel ingen fasit for hvordan den endelige transportplanen blir. Regjeringen har ansvaret for at helheten ivaretas. Det skal vi gjøre med en transportpolitikk som følger opp viktige områder som verdiskaping og klimakutt, innenfor realistiske og forsvarlige økonomiske rammer. Mange spørsmål vil først få sine svar når vi legger fram NTP 2025–2036, sier Nygård.
Årskonferansen til Fjordvegen Rute 13 har NTP-prosessen og dei viktige dokumenta som føreligg til då og kva som betyr noko for riksveg 13 som hovudtema. Konferansen er måndag 17. april i Sogndal. kl 10.30-15.30. Statssekretær Tom Kalsås, seks Stortingsrepresentantar, Statens vegvesen, Nye veier og røynde klima og veg-forskarar kjem. God tid til spørsmål og synspunkt frå salen.
Les meir i vårt nyheitsbrev nr 3/23. Konferanseprogram og påmelding innan 5.4. (utsett frist!).
Konferansen er open for alle. Forprogram sundag 16.4. om kvelden.
Les meir om NTP-prosessen og innkomne leveransar.
Kva skjedde hausten 2022
12. desember hadde statsråden innspelsmøte med hovudsakleg fylka og dei store byane.
Ein grov framdriftsplan for vidare arbeid vart lagt fram (foto):
11. november sendte samferdselsdepartementet detaljert brev til etatane med Prioriteringsoppdrag til NTP 2025-36. Etatane inklusive Nye veier får frist til 31.3.2023 for levering av omfattende stoff.
Sidan NTP-prosessen skal ta eitt år mindre tid enn det som har vore vanleg, må prosessen følgjast tett.
Statens vegvesen v/vegdirektoratet sendte tidleg i september ut på høyring til m.a. fylkeskommunar og Nye veier ny reknemåte for skredfaktormodell. Dette er viktig og langvarig basis for skredfaktor og prioritering av midler til rassikring i revidert Nasjonal Transportplan.
Fjordvegen Rute 13 har prioritert å setja seg grundig inn i dette forslaget og gitt høyringsuttale frå styret 27.10. Saka er følgt opp i media og i tett kontakt med Vestland og Rogaland fylke.
Høyringa frå styret seier m.a. at Fjordvegen Rute 13 tilrår at dagens modell vert vidareført.
At dagens modell har tillit i rasutsette område, i fagetatar, hjå politiske beslutningstakarar og vegfarande er essensielt for at denne bør vidareførast. Konsekvensar ved å ta i bruk ny modell allereie til ny NTP 2025-2036 er ikkje utgreidd.
Dersom modellen likevel må endrast og takast i bruk til revisjonen av NTP 2025-2036, tilrår Fjordvegen Rute 13 at den framlagde nye modellen vert justert på fleire område .
Fjordvegen Rute 13 sitt styre har 26.10. gitt uttale til framlegget til Statsbudsjett 2023 der rassikring er lite synleg.
I samband med utviklinga av Nye veier sitt oppdrag for skredsikring av nordre del av riksveg 13 Skare – Sogndal, har Nye veier AS bestilt ei utgreiing frå Menon om talfesting av opplevd frykt for ras.
Ein heilt ny talmodell for såkalt Velferdsgevinster ved utbetring av skredutsatte vegstrekninger er rekna ut. Dessutan er strekk av riksveg 13 gjennom Hardanger vurdert som døme og talfesta som ein test.
Modellen skal kunne inngå i dei Samfunnsøokonomiske utgrekningsgrunnlaget til ny NTP.
Eit spennande utviklingsarbeide og eit interessant talgrunnlag som me vonar får betydning for prioritering av rassikringa i landet!
Les meir om ramer i brev og møte tilknytta NTP frå Samferdselsdepartementet
Oppstart av NTP-revisjonen 1. halvår 2022:
Brev frå samferdselsdepartementet til etatane av 22.6.22 om å starta innleiande arbeid omtalar utgreiing og prioriteringar frå etatane. Statsråden har vald eitt år kortare tid til revisjonen enn vanleg har vore.
6. september har departementet sendt nytt brev med detaljert vedlegg til etatane med utgreiingsoppdrag med frist allereie 1. oktober og deretter 22. januar 2023.
I vedlegget er m.a. bedt om at «virksomhetene vurdere behov for klimatilpasning av infrastrukturen i NTP-perioden og aktuelle tiltak.».
Også temaet samfunnsøkonomisk nytte og ikkje-prissette konsekvensar er i større grad bedt om vurderingar av, m.a. av opplevd frykt og korleis betre ivareta veger med låg ÅDT i samfunnsøkonomiske nytte-utrekningar. Dette er høgst aktuelt å følgja med på for Fjordveg-regionen.
Kva så med rassikring?
Supplerende tildelingsbrev nr. 6 frå departementet til Statens vegvesen – «Gjennomføringsplan for ras- og skredsikring på riks- og fylkesvei» blei sendt 25. mai. Dette som oppfølging av Stortingsvedtaket til NTP der Stortinget stilte detaljerte punktvise krav.
Hovudtrekka frå Stortingsvedtaket som Statens vegvesen er bedne om å følgja opp raskt, er:
Vedtak nr. 470: «Stortinget ber regjeringa sette fortgang i arbeidet med å få utarbeidd heilskaplege nasjonale ras- og skredsikringsplanar som omfattar alle skredpunkt med høg og middels skredfare, både for riksvegnettet og for fylkesvegnettet. Planane skal vera ferdige før utgangen av 2023.»
Vedtak nr. 466: «Stortinget ber regjeringa følgje opp arbeidet som vert utført av Statens vegvesen i samband med skredfaktormodellen, og at alle relevante prosjekt vert vurderte basert på to sikringsnivå med tilhøyrande tiltak og kostnadsanalysar. Vidare ber Stortinget regjeringa syte for at fylkeskommunane vert godt involverte i arbeidet.«
For riksveger skriv departementet:
«Departementet ber Statens vegvesen sammenstille en gjennomføringsplan på riksvei basert på Statens vegvesens eksisterende planer, i tråd med Stortingets vedtak nr. 470 og nr. 466. Vi ber om at det blir levert sammen med de fylkeskommunale planene i en helhetlig plan for gjennomføring av ras- og skredsikring på riks- og fylkesvei. En del skredsikringsprosjekter er av en slik størrelse at de inngår i porteføljen av store prosjekter i planfasen (prosjekter over 1 mrd. kr). Vi ber om at det i skredsikringsplane går fram hvordan denne henger sammen med systemet for porteføljestyring.«
Seinare er og Nye veier AS kopla inn på dette arbeidet sidan desse og har fått riksveg 13 sin nordre del inn i sin portefølje med klart oppdrag å rassikra.
Statsråd Nygård var i slutten av mars 2022 på ei kort synfaring på riksveg 13 gjennom Suldal saman med vegvesenet sine folk og kommenterte til media om at den vedtekne tunellen for Rødslinae må bli kortare utfrå kostnadsbildet. 65 mill. kr låg i Statsbudsjettet 2022 for oppstarten av dette arbeidet.
Seinare på året har fleire sentrale Stortingspolitikarar vore på synfaringar på utsette strekk av riksveg 13.