Nasjonale turistvegar

Eplebløming i Hardanger. (Foto: Finn Loftesnes)

Eplebløming i Hardanger.
(Foto: Finn Loftesnes)

kringleRiksveg/fylkesveg 13 ligg i vakker og vekslande natur gjennom Ryfylke, Hardanger, inn i Sogn og over Gaularfjellet. Dette har ført til at heile tre strekningar har turistvegstatus:

Nasjonale turistvegar byr på reiser langs fjell og fjord, følger kyst og hav, mellom fosser og stryk. Statens vegvesen, Turistvegprosjektet utviklar på oppdrag av Samferdselsdepartementet og Stortinget 18 Nasjonale turistvegar innan 2020.

18 turistattraksjonar i storslått natur vekkjer allereie internasjonal interesse for å få deg som vegfarande til å bruke vakre Norge som ditt feriemål. Dei Nasjonale turistvegane skal være strekningar der det gode samspelet mellom vegen og det landskapet gir ei rik oppleving og ein variert kjøretur. Strekningane skal både saman og kvar for seg være et reiselivsprodukt med høg internasjonal kvalitet. Fleire internasjonale turoperatørar har funne denne samanhengen svært interessant og laga turprogram på turistvegane i dei indre fjordane.

Nasjonal turistveg Ryfylke blir i 2016 utvida med riksveg 13 frå Lovraeidet, langs Suldalsvatnet, gjennom Brattlandsdalen fram til Røldal, med avstikkar til Sand. Det er Kvalitetsrådet for nasjonale turistvegar som har kome med tilrådinga. Styret i Fjordvegen Rute 13 er gledeleg overraska og ser svært positivt på forlenginga av turistvegen opp Suldalsdalføret, samt sikring av søre del til Lysefjorden. Dette styrkjer Fjordvegen som reiserute.

Langs Fjordvegen kan du sjekka inn og finna roen hjå Blix hotell, Myrkdalen Hotel, Hotel Ullensvang og Spa-hotell Velvære.

Nasjonal turistveg Ryfylke – langs frodige fjorder og nakne fjell – (artikkel frå magasinet Bobilen, mars 2016)

Sist oppdatert: 06.03.2019