Hardanger Industri – eit industrielt verdiskapningssentrum

Hardanger Industri  frontar industri- og næringsutvikling 

Samferdsel er blodårene i utviklinga, seier styreleiar Ingvald Torblå.

Sikker og framkomeleg riksveg 13 gjennom Ullensvang er det aller viktigaste for næringslivet og utviklinga i Ullensvang kommune. Den knyter saman Vestland fylke i indre strøk, frå Rogaland i sør til Sogndal i nord.

Næringsforeininga Hardanger Industri arbeider for å bidra til økt verdiskaping og utviklingsevne for både tilslutta bedrifter og samarbeidande bransjar. Ved å setja samhandling og utvikling av hele Hardanger i sentrum, skal det kome alle innbyggarar og samfunnet til gode

 Førsteprioritet er å utbetra alle raspunkta som omkransar regionsenteret Odda, spesielt på RV13, FV49 og FV550. I parallell med rassikring må også breidding av svært mange vegstykke gjennomførast slik at turisttrafikk og næringstrafikk også går uhindra. Me må klara begge deler samtidig.

Styreleiar Ingvald Torblå seier:
Sikker veg er ei av dei viktigaste sakene me brenn for – me har i dag hovudvegar som om hausten og vinteren rasar svært uforutsigbart og til tider må stengast heilt om det blir meldt nedbør. Her køyrer skulebussane, pendlarane og varetransporten fram og tilbake mange gonger om dagen.
Mange bedrifter og institusjonar har 24 timars drift og kan ikkje stoppa, dette skapar store utfordringar for drifta.

Haust og vinter når det er stengde vegar må transporten på RV13 erstattast med båttransport. Ambulansetrafikken vært då ofte hindra då det heller ikkje er flyvêr i slike periodar.
Om sommaren er det turisttrafikken som kjem i tillegg til nyttetransporten som gjer at alt korkar seg på smale vegar, til stort hinder for fastbuande som skal på jobb og varer som skal ut til kundane.

Rv13 er ein cocktail av problem året rundt og til stort hinder for verdiskapinga i alle bransjar, dette er ikkje AS Noreg tent med!

Riksveg 13 er blant dei viktigaste samferdselsårene i indre Vestland. Industrien ser spesielt traseen frå E134 ned til Odda og ut til Tyssedal som eit svært viktig knutepunkt mellom sør/nord og aust/vest, der hovud-industritrafikken mellom industrisentra i Norge går.

Frå E134 og ned til Odda/Tyssedal går det allereie opp mot 10 000 lastebilar i året, noko som kjem til å auke kraftig med dei store utbyggingane som no er i gang. Dette kjem i tillegg til stor turisttrafikk i sommarhalvåret på heile strekka frå Jøsendal til Bu der det er svært mange smale parti som må utbetrast.

I Ullensvang er det no enorme industri-utvidingsprosjekt på gang, Bolidens 7,4 milliardar utbygging er fastlands-Norges største for tida og det blir jobba med ein tilsvarande utbygging i Tyssedal. I tillegg er det store potensial i både turisme og landbruk med fruktdyrking.
Alt dette krev at mange nye medarbeidarar må rekrutterast inn til regionen. Skal me lykkast med dette, må vegane væra sikrare og framkomelege. Bedriftene har alle høge standardar på det interne HMS arbeidet, men me kan ikkje snakka høgt om standarden på vegane når me rekrutterer.

Styreleiar Torblå framhevar:  Riksveg 13 er ei svært viktig samferdselsåre for heile indre region, Vestland fylke og landet elles. Når Hardanger Industri jobbar med industriutvikling på nasjonalt nivå vert også vegane automatisk sett fokus på som eit viktig middel til å få utviklinga realisert. Dette gjev RV13 status som ein svært viktig riksveg i eit nasjonalt perspektiv. Me jobbar difor parallelt med både industriutvikling og vegutvikling.

  Om Hardanger Industri:
Visjonen til foreninga er:
Hardanger Industri ønskjer å vere ein aktiv part i utviklinga vidare av næringslivet og slik  bidra til at lokalsamfunnet blir eit attraktivt stad å bu, leve og arbeide i.

Hovedmål
Hardanger Industri skal arbeide for å bidra til auka verdiskaping og utviklingsevne for dei tilslutta bedrifter. Ved å setje samhandling og utvikling av heile Hardanger i sentrum, skal det kome alle innbyggjarar og samfunnet til gode. 

 Medlemmer:
Foreningar har pr 2021 80 bedrifter som medlemmer med tilsaman 1200 tilsette.