Betra vegstandard betrar reiselivet – Myrkdalen Fjellandsby satsar vidare

Fjordvegen er viktig for den vidare utviklinga av Myrkdalen Fjellandsby – sa tidlegare eigedomsdirektør til oss, Nils Akselberg, i 2020.

Næringslivet i Fjordveg-regionen er viktige som aktive premissgjevarar for det politiske samferdselsarbeidet med sine innspel og argument for Fjordvegen Rute 13. Mange aktørar jobbar og sjølvstendig og aktivt med konkrete prosjekt. 
Ein av dei verkeleg store aktørane innan reiseliv i regionen er Myrkdalen Fjellandsby nær Voss. Myrkdalen Fjellandsby har i mange år vore eit engasjert Fjordveg-medlem, og jobba i oppstarten sin og med konkrete tiltak som gjorde tunnelløysing muleg.
Frå våren 2020 har selskapet gått saman med Flåm AS for å dekka eit geografisk strategisk viktig område av fjordene samt få større økonomiske musklar å jobba med. Fjord og fjell er produkt-fokuset no.

Eigedomsdirektør Nils Akselberg fortel til Fjordvegen Rute 13 sitt nyheitsbrev Fjordvegdrøsen at det nye selskapsdanninga saman med den nye administrative eininga Vestland er viktig for deira fokus på samferdselsutvikling.

I det nye fylket ligg Myrkdalen strategisk plassert som møtestad, seier Akselberg og reknar med normale tilhøve å få auka tal kurs og konferansar.

E16 Bergen – Voss og Riksveg 13 er begge viktige for Myrkdalen. Rv 13 både nord- og sørover er særleg viktig i ein lang sommarsesong frå mai til oktober for å fanga individuelle rundreiseturistar i Norge. God regularitet i vintersesongen er viktig for å få hyttefolket frå Bergen og omeign trygt inn. Dei har rekna å ha mellom 140.000 og 150.000 skituristar inn frå Bergensområdet kvar vinter.

Betra regularitet over Vikafjellet er høgt ønska for å kunne utvikle heilskaplege turismeprodukt i aksen frå Sognefjorden i nord til sør i Myrkdalen. Dette må vera basert på stabile og forutsigbare samferdselstilhøve over Vikafjellet. Ein tunnel vil sikra dette. Akselberg ser Vikafjellstunnel spesielt og betra samferdsel generelt som basis for næringsutviklinga i det området dei dekker.
Akselberg framhevar den gode dialogen med både Voss og Vik kommunar for samferdselsutvikling og praktiske løysinger.

_________________________

Historia til Fjellandsbyen og samferdsla er m.a. slik:

I desember 2008 opna Myrkdalstunellen, og den har betydd svært mykje for heile lokalsamfunnet. Tunellen – som Myrkdalen sjølv bidrog til og var pådrivarar for – har ført til stor vekst, mellom anna ved at potensielle kundar valte å kjøpa hytte eller leilegheit i Myrkdalen etter at rassikringstunellen var på plass.

Visjonen har vore å bli ein av Nordens beste heilårsdestinasjonar. Då trengst vidare satsing på trygge vegar, mellom anna riksveg 13 og Vikafjellstunellen.

Vikafjellsvegen sine hyppige stengingar vinterstid skapar store problem. Dette er den fjellovergangen i Noreg som oftast blir stengt om vinteren. Slik uvisse kan me ikkje leva med. Planlagt dagsturisme på ein slik veg er umogleg. Vikafjellstunellen vil opna ein heilt ny marknad for oss, både for dagsturisme og sal av hytter.

Myrkdalen Fjellandsby er store på vinterturisme, men ynskjer å bli ein heilårsdestinasjon. Foto: Daniel Rönnbäck/Myrkdalen Fjellandsby

Myrkdalen Fjellandsby saman med Flåm AS ynskjer å bli ein stabil heilårsdestinasjon. På dei første 10 år vaks Myrkdalen Fjellandsby til å bli ein stor destinasjon med skianlegg, 500 fritidsbustader og hotell med 112 rom. Dette har aukt vidare. Betre infrastruktur trengs for å veksa.  Foto: Daniel Rönnbäck/Myrkdalen Fjellandsby

Me vil kontinulerleg kunne tiltrekka oss turistar om sommaren. Då er det fjordane folk kjem for å oppleva. Enklare, raskare og trygg kontakt mot Sognefjorden vil gjera det lettare å lokka til seg dei mange turistbussane som trålar Vestlandet. I eit normalår vil mange av turistane koma til Bergen med fly før dei bussar vidare på E16. Difor er me òg opptekne av å binda saman og betra vegstandarden mellom E16 og riksveg 13.

Vikafjellstunellen vil ikkje berre gjera livet betre for turistar og reiselivsoperatørar, den vil og gjera det lettare både å frakta varer og tiltrekkja seg arbeidskraft. Å utvide arbeidsmarknaden er viktig for Voss.

Me er opptekne av heile lokalsamfunnet, og meiner at trygg veg legg grunnlaget for god bygdeutvikling. I 2008 investerte me for å få på plass Myrkdalstunellen, og resultatet var vekst.

Myrkdalen Hotell er ein del av Myrkdalen Fjellandsby.

Myrkdalen Hotell er ein del av Myrkdalen Fjellandsby.