Overskrifta for konferansen var:
Trygge vegar for liv og helse – blir behovet dekt av ny NTP?
Rassikring og utbetring av kvardagsvegar som riksveg 13
PROGRAM
Fjordvegen Riksveg 13 ønskte på konferansen å fram fakta og gode argument for større satsing på liv og helse og samfunnssikkerheit i neste Nasjonale Transportplan. Dette må skje gjennom rassikring generelt og for Riksveg 13 spesielt. Dette er i tråd med nokre av dei overordna fem måla for neste Nasjonale transportplan. Det faglege kunnskapsgrunnlaget for auka klimafare er betra og fortel tydeleg kvifor det er smart å rassikra vegnettet raskt.
Under første bolken Ny kunnskap og nytt syn på klimafare presenterte fag- og næringsfolk inspirasjon, læring og sterke synspunkt frå LO/fagrørsla, Hardanger industri, Vestlandsforsking, Statens vegvesen og Nye veier. Nye rassikrings-løysing frå Bypass blei vist.
Marta Sofie Vange, styreleiar: Velkomst. Kva er viktig for riksveg 13
Carlo Aall, Vestlandsforsking: Frå Klimaveg-prosjektet; korleis tilpassa vegtransport til klimarisiko. Barrierar for klimatilpassing
Tone Oppedal, Ellen Johnsen Haaberg, Statens Vegvesen: Ny NTP: status, ramer, innspel. Status for rv 13
Arild Nygård, Nye veier: Strekninga riksveg 13 Skare – Sogndal. Innspel til NTP
Kjell Fylkesnes, Bypass Skredoverbygg: Ny teknologi for rask og god skredsikring
Andre bolken var via Ein ny politikk for rassikring? Partipolitiske syn og brukarerfaringer, debatt og ny mobilisering:
Randi W. Frisvoll, Nasjonal Rassikringsgruppe: NTP må møta dagen og framtidas rassikringsbehov
Frode Engen og Stian Ollila, Norsk Arbeidsmandsforbund/LO: HMS på vegen?
Dei store Stortingspartia møtte opp og viste noko om kva dei eigentleg vil prioritere i første del av ny NTP, og om dei verkeleg vil setja av midler til rassikring i budsjetta framover.
Til slutt vart drøfta: Kva skal til for å lukkast i NTP og dei påfølgjande budsjetta?
Desse stilte:
Statssekretær Tom Kalsås i Samferdselsdepartementet stilte og presenterte regjeringa sine overordna ramer for ny NTP.
Frå Stortinget til debatt stilte fem parti: Hans Inge Myrvold (Sp ) frå Energikomiteen, og desse fire frå Transport- og kommunikasjonskomiteen: Liv Kari Eskeland (H), Frank Sve (nestleiar, FrP), Marte Mjøs Persen (A) og Mona Fagerås (SV).
Frå fylka våre stilte tre politikarar for sjå framover saman med næringslivet v/Ingvald Torblå, Hardanger Industri: fylkesordførar Jon Askeland (Sp) og Arve Helle (A) – leiar for Samferdsel- og mobilitetsutvalet i Vestland, samt Lasse Fredheim (H) leiar for samferdselsutvalet i Rogaland.