Arbeidet med revidert NTP 2025-2036
Fjordvegen Riksveg 13 har engasjert seg i fleire store vegprosjekt, og bidratt til auka framdrift og politisk gjennomslag for rassikring og standardheving.

Låtefossen ved Odda, ein av dei kjente naturattraksjonane langs riksveg 13, ligg mellom dei Nasjonale turistvegene i Hardanger og Ryfylke.- Foto: Frid-Jorunn Stabell
For å kunna fremja prosjekta og rassikring generelt inn i revidert NTP, må ein samarbeida tett og ha engasjerte medlemmer som ser på ytinga frå Fjordvegen Riksveg 13 som eit tillegg til sitt eige arbeid. Samarbeide med Nasjonal rassikringsgruppe, NAF sine lokalavdelingar og andre vegutviklingsorgan, er i tillegg viktig for å vera synlege og ha gjennomslag.
Vikafjellet, Lovreidet – Erfjord og Rødsliane, Brattlandsdalen, Ylvisaker, Ryfast er døme på strekningar og prosjekt som Fjordvegen Riksveg 13 har engasjert seg i.
Frå Nye veier as si overtaking av ansvaret for utvikling av nordre del av rv 13 Skare – Sogndal, har det blitt viktig med informasjon og dialog med Nye veier sin administrasjon tilsvarande den etablerte kontakten med Statens Vegvesen.

Styretur og sju medlemsmøte – oktober 2024

Kva skjer etter vedtaket av NTP 2025 – 2036:

Årskonferansen måndag 4. mars 2024 – Flesland

Skredsikring – gamal og ny reknemodell for skredfaktor i høve NTP

Vikafjellstunnelen – fjern rasfaren og bind samfunna saman

Sogn og riksveg 13 – eit mangfoldig bilde av utfordringar

Oppfølging av NTP 2022 – 2033. Aktiv handling for skredsikring og standardheving frå Fjordvegen Rute 13

Ryfast – effekten av ein samferdselsrevolusjon i sør








