Medlemmer

Medlemmene i Fjordvegen Riksveg 13 er kommunar, to fylkeskommunar, interkommunale selskap, samferdselsselskap, næringsforeningar og private bedrifter.

Kven kan bli medlem? Medlemmer i selskapet er fylkeskommunar, kommunar, interkommunale selskap, vegselskap, næringsorganisasjonar, verksemder og andre føretak samt enkeltpersonar som har interesse i selskapet sitt føremål (Nye vedtekter pr 2023).

Vil du med di bedrift eller forening bli medlem?
Her er informasjonsbrev og innmeldingsskjema. Ta gjerne kontakt med styremedlemma eller administrasjonen v/Hanne Sundbø om dette. Send innmeldinga til hanne@hagalid.net.

Kvifor medlem? Det er naturleg å vera medlem for den som ser framover for Fjordvegregionen, og som ser sitt eiga arbeid for betra samferdsle knytt til Riksveg 13 bli styrka i samarbeide med andre. Riksveg 13 har enno over 30 raspunkt med middels og høg skredfaktor, samt lange strekk med dårleg standard, mange standardbrot og manglande gul midtstripe.
Interesseselskapet er eit stabilt og kontinuerleg arbeidande talerøyr for medlemmene sitt fokus knytt til samferdsel på Rv 13. Selskapet skal forsterke og supplere medlemmene sine prioriteringar av tiltak knytt til Riksveg 13, samt sjå på samordnande tiltak over fylkesnivå. Rassikring og trygg, effektiv veg med gul midtstripe er hovudfokus saman med reiseruteutvikling.
Sjå òg Fjordvegen Riksveg 13 sine mål og resultat.

Medlemsfordelar:
Medlemmene blir prioritert i Fjordvegen Riksveg 13 sitt arbeid.
Medlemmene får medlemsskrivet Fjordveg-drøsen tilsendt på e-post 3-4 ganger i året. Bedriftsmedlemmer kan få spalteplass her.
Medlemmene blir prioritert ved møte og arrangement, og får god medlemspris for Årskonferansen.
Medlemmene blir trekte fram på fjordvegen.no og jamnleg på Facebook-profilen.
Medlemmene blir framheva i offentlege presentasjonar og ved pressekontakt.
Fjordvegen Riksveg 13 ønskjer å bli invitert og deltek på lokale møte som medlemma skipar til. Selskapet tek og initiativ til slike møte.
Medlemmene blir prioritert og invitert, m.a. på styret sin møterunde i Fjordveg-regionen kvart 4. år.

Medlemmer pr. oktober 2024 med lenker til deira nettstader:
Vestland fylkeskommune
Sogndal kommune
Vik kommune
Voss herad
Ulvik herad
Eidfjord kommune
Ullensvang kommune

Rogaland fylkeskommune
Sauda kommune
Suldal kommune
Hjelmeland kommune
Strand kommune
Stavanger kommune

Sognarådet IPR
Hardangerrådet IKS
Ryfylke IKS

Sogn Næring AS
Vik Næringssamskipnad
Blix Hotell
Norways Best as (Myrkdalen Fjellandsby)
Fjordtind Hotels
Ullensvang Reiseliv
Ullensvang Handel
Hardanger Industri
Kinsarvik Camping
Mass Hus/SPAR Kinsarvik
Energiselskapet Hardanger AS
Hotel Ullensvang
Lofthus Auto AS
Odda Rutebuss
Suldal Næringsforening
Hjelmeland Handels- & Serviceforening
Heidelberg Materials Tilslag, Årdal
Autagro AS
Ullestad og Jansen Transport AS
Stiftelsen Preikestolen
Fiskå Mølle AS
Felleskjøpet Rogaland Agder SA
Kyrkjetangen AS
Ulsnes gard
Haldor Utne AS
Kjærtveit Camping AS
Hardanger Fjordsafari AS
Mibau Stema Group, Jelsa (Tidl. Norsk Stein)
NAF, avd Stavanger og omegn
Vik Ørsta AS
Trygg Riksveg 13 gjennom Suldal
Bypass Skredsikring AS


Nye medlemmer pr desember 2024 er Bypass Skredsikring AS, foreninga Trygg Riksveg 13 gjennom Suldal, Sognarådet IPR og Vik Ørsta AS. Norways Best AS som konsern har overtatt medlemskapen for Myrkdalen Fjellandsby.
I 2023 kom NAF avd. Stavanger og omegn med. 

På Årsmøtet 4. mars 2024 på Flesland er det vedtatt følgjande kontingentsatsar for 2025 (Desse er uendra satsar i høve 2024): 
Kontingent 2024 for Fjordvegen Riksveg 13:
Medlemskategori 1: Kommunar  kr 45.000
Medlemskategori 2: Næringsselskap/Interesseselskap over 50 medlemmer  kr 5.000
Medlemskategori 3: Næringsselskap/Interesseselskap inntil 50 medlemmer  kr 2.500
Medlemskategori 4: Bedrifter/Andre med over 100 tilsette  kr 5.000
Medlemskategori 5: Bedrifter/Andre med under 100 tilsette  kr 2.500
Medlemskategori 6: Bedrifter med inntil 5 tilsette  kr 1.000
Medlemskategori 7: Vestland fylkeskommune  kr 200.000
Medlemskategori 8: Rogaland fylkeskommune  kr 120.000