Årskonferansen blei halde med over 75 deltakarar frå politikk nasjonalt, fylke og lokalt, næringsliv og lokalsamfunna langs riksveg 13 .
Tema som var i fokus: Nye Fjordvegen Rute 13 – utfordringar for ny utvikling frå Ryfast til Sogndal. Prioriteringar etter NTP 2022-2033 frå Statens vegvesen og Nye veier AS. Signal frå samferdsels-departementet for ny NTP-prosess. Dialog og debatt.
Konferansen vart opna av fylkesordførar Marianne Chesak.
Fleire innlegg viste at attraksjonskrafta til Fjordveg-regionen er høg, ressursane rike og verdiskapinga er høg men har svært stor potensiale føreset utvikling av riksveg 13.
Innlegg frå nokre innleiararne:
Stein Ove Rolland, adm. dir. i landsdelsselskapet Fjord Norge AS: Attraktiv og bærekraftig, vår veg som framtidsnæring for vestlandet
Ingvald Torblå, styreleiar i næringsforeninga Hardanger Industri: Verdiskaping i Fjordveg-regionen, indre Hardanger / Ullensvang
Dei gjenståande utfordringane rundt manglande rassikring og mange standardbrot gjeld framleis etter gjeldande NTP for mange strekk av Rv 13 samstundes som både nærings- og turisttrafikken vil auka. Omsynet til liv, helse og beredskap vert utfordra. Nokre tiltak blir gjort i 2022, men dårleg framkomst for næringstrafikken vedvarar mange plassar.
Til vedtatt NTP lagar Statens vegvesen Gjennomføringsplan og Nye veier tilsvarande planar.
Innlegg frå
Kjell Inge Davik, utbyggingsdirektør i Statens Vegvesen: Oppfølging av NTP 2022 – 2033
Anette Aanesland, administrerande direktør i Nye veier AS: Nye veier – nye prosjekter
Ein ny NTP-prosess blir starta opp, aktørane sine rollar er endra – Blir det fortsatt kamp mellom store prosjekt og trygge vegar?
Klimafaren gjer ein nasjonal rassiktingsplan høgst aktuell – kva skjer etter Stortingsvedtaket i april? Korleis skredfare-rapporten frå 2019 revidert og følgt opp?
Innlegg frå
Marius Chramer, sekretær for Nasjonal Rassikringsgruppe: Vi kan ikkje vente i 40 år
Politiske innlegg og debatt var først med fylkesordførar Jon Askeland og fylkesvaraordførar Arne Bergsvåg, begge Sp.
Innlegg kom og frå statssekretær Mette Gundersen (Ap), deretter debattbolk med stortingspolitikarane Erling Sande (Sp), Ingrid Fiskaa (SV), Kirsti Leirtrø (Ap), Charlotte Spurkeland (H), Terje Halleland (FrP) samt fylkespolitikar i Vestland Terje Kollbotn (Rødt).
Tema som m.a. vart debatterte:
- Vektlegging av Samfunnsøkonomisk nytte med noverande innhald for enkeltprosjekt gjev ein sterk driv for sentralisering. Spriket i standard mellom sentralt vegnett og distriktsveger aukar. Høg komfort på veg og høg grad av mobilitet (reis trygt og effektivt når du vil) er velferdsgode, men ikkje for alle?
- Samfunnssikkerheit og beredskap har dårlege vilkår: Strekk av riksveg 13 blir heilt stengt vinterstid, får kolonnekøyring både sommar og vinter eller må fungere som omkøyringsveg. Og – er heilt stengt veg akseptabel rassikring?