
Styreleiar Marta Sofie Vange og Hanne Sundbø som slutta 1.2.25.

Ny dagleg leiar i Hardangerrådet Ann Irene Myrheim bak, Hanne Sundbø framføre til venstre og Trude Rinaldo til høgre.
Styret har i januar drøfta status og framtid då Hanne Sundbø har vald å gå av med pensjon frå 1. februar 2025 etter over 11 år i arbeid for Foreninga Fjordvegen Riksveg 13.
Styret ønskjer å satsa vidare på Fjordvegen Riksveg 13 som eit tenleg organ for å fremja utviklinga av riksveg 13 gjennom kontinuerleg påverknad og visa utfordringane med ras og dårleg standard. Styret meiner at ein må halda fram med flere gode og vedvarande tiltak som ein har hatt dei siste 10 åra som t.d. eigen årskonferanse, og samspel om utvikling og tiltak saman med både offentlege og private medlemmer. Kontinuitet og jamn påverknad har gitt foreininga aukande status, gode argument frå eit større geografisk område har ført fram. Dette kan ikkje erstattast med ad hoc-løysingar.
Styret har difor bestemt å lysa ut ei ny stilling som dagleg leiar i eit visst omfang, men med mulegheit for at ein mindre del er tilknytta eitt av dei tre regionråda i Sogn, Hardanger og Ryfylke. Dialog med regionråda om dette skjer for å få til ei full stilling.
Me ønskjer å gjera stillinga attraktiv for aktuelle kandidatar ved å ha fleire alternative kontorplassar som mulege ved utlysinga. Det blir difor muleg for kandidatar frå eit vidt geografisk område – frå Sogndal til Stavanger å søkja når kontorplass kan vera både dei respektive regionråda sine kontor i Hjelmeland, Kinsarvik eller Sogndal, seier styreleiar Marta Sofie Vange. I praksis blir eitt av regionråda vera arbeidsgjevar, slik Hardangerrådet har vore til no.
Fram til ny person er på plass fungerer administrasjonen i Hardangerrådet som før med tenester for Fjordvegen Riksveg 13 med ny dagleg leiar frå januar Ann Irene Myrheim og konsulent Trude Rinaldo.