Tilbake til alle aktueltsaker

God framdrift – og felles vilje til vidare satsing på Rv13

Det var eit konstruktivt og framtidsretta møte då Fjordvegen Rv13 inviterte til ope medlemsmøte på Jørpeland i Strand kommune. Med gode innleiingar frå mellom anna Statens Vegvesen, NLF, NAF, Visit Ryfylke og Roadcap blei det rom for gode diskusjonar og refleksjonar rundt viktige prioriteringar for Rv13 i tida som kjem.


Statens vegvesen orienterte om framdrifta i rassikringsprosjektet i Rødsliane, der arbeidet no er godt i gang. Prosjektet vil gi betre trafikksikkerheit og meir stabile transportforhold langs ei viktig strekning på Rv13.


Samtidig vart deltakarane oppdaterte på det pågåande arbeidet med ny Nasjonal transportplan (NTP), som skal legge føringar for prioriteringar fram mot 2028.
Eit sentralt tema i diskusjonen var vidare utvikling av rassikringa langs vegen. Prosjektet mellom Melkeråna og Årdal – Årdalstunnelen – vart trekt fram som eit viktig neste steg. Trass i brei støtte og dokumentert nytte, manglar prosjektet førebels midlar til neste planfase.
Likevel var bodskapen frå møtet tydeleg: Det er vilje til å løfte prosjekta vidare.
– Det er viktig at vi held trykket oppe og står samla om dei viktigaste prioriteringane langs Rv13, var eit gjennomgåande bodskap.


I tillegg til dei større prosjekta vart det peika på konkrete tiltak knytt til trafikktryggleik, framkome og næringsliv, mellom anna behov for døgnkvileplassar for tungtransport og betre tilrettelegging i Bjørheimsbygd.
Reiselivsperspektivet vart også løfta fram, med fokus på å utvikla Rv13 som ei sterkare opplevingsrute.


Samla sett viste møtet breitt engasjement og ei felles forståing av at Rv13 spelar ei nøkkelrolle for utviklinga i regionen – og at vidare framdrift krev målretta samarbeid i åra som kjem.

Skrive av

Hans Inge Myrvold

Publisert

19.06.2026

Andre aktueltsaker