Næringsliv og reiseliv

Næringslivet i Fjordveg-regionen er rikt og variert, og vegen gjev både moglegheiter og utfordringar. Framoverlente bedriftsleiarar jobbar for utbetringar i vegnettet, og er offensive med tanke på nye marknader som opnar seg. Mange næringsforeningar og enkeltbedrifter er medlem i Fjordvegen Riksveg 13 for påverka for betre riksveg 13.

Reiselivet i Fjordvegregionen har historie langt tilbake og er tufta på internasjonal interesse for fjordane som reisemål, kjente kulturhistoriske attraksjonar og dyktige bedrifter i området.
Nasjonale turistveger har og løfta produktet for vegfarande gjester opp basert på ny og moderne arkitektonisk utforma stoppunkt og rasteplassar langs både Nasjonal turistveg Ryfylke og tilsvarande i Hardanger.

Hardanger Industri - eit industrielt verdiskapningssentrum

Hardanger Industri – eit industrielt verdiskapningssentrum

Sikker og framkomeleg riksveg 13 gjennom Ullensvang er det aller viktigaste for næringslivet og utviklinga i Ullensvang kommune. Den knyter saman Vestland fylke i indre strøk, frå Rogaland i sør til Sogndal i nord.
Næringsforeininga Hardanger Industri arbeider for å bidra til økt verdiskaping og utviklingsevne for både tilslutta bedrifter og samarbeidande bransjar. Ved å setja samhandling og utvikling av hele Hardanger i sentrum, skal det kome alle innbyggarar og samfunnet til gode. 
Førsteprioritet er å utbetra alle raspunkta som omkransar regionsenteret Odda,

Les heile saka →