Det store steinraset som sperra E134 ved Fjæra søndag føremiddag, har stengt ei av dei viktigaste aust–vest-årene i Noreg.
Statens vegvesen melder om omfattande skadar, store kampesteinar i vegbanen og ei fjellside som framleis er ustabil. Vegen vil halde stengd i fleire dagar medan geologar og mannskap vurderer tryggleiken og ryddar rasområdet.
Med E134 ute av drift vert mykje av trafikken no leidd over Rv13, ein veg som ikkje er dimensjonert for å ta over trafikkmengda frå ein europaveg – og som sjølv har store utfordringar knytt til både standard, kurvatur, breidd og rasfare.
Vegvesenet varslar lang stengjetid og krevjande trafikkavvikling, noko som forsterkar presset på Rv13. Samstundes ventar ein ny vurdering av tryggleiken i fjellsida først onsdag.
Rv13 som omkøyringsveg: Ein flaskehals og ei sikkerheitsutfordring
Omkøyring via Rv13 og Fv.46 er no den offisielle alternativruta, og stenginga av E134 flyttar den reelle risikoen over på ein veg som allereie er blant dei mest utfordrande riksvegane i landet. Rv13 er ein smal, svingete og delvis rasutsett veg der standarden varierer kraftig. Den er heller ikkje bygd for tungtransport i store volum – noko situasjonen no krev.
Denne sårbarheita kjem tydeleg fram når Rv13 vert ståande som einaste realistiske omkøyringsmoglegheit for E134, og det i periodar med stor trafikk og utfordrande vintertilhøve. Resultatet er forseinkingar, risiko og redusert framkome for både næringsliv, innbyggjarar og beredskapstenester.
Hans Inge Myrvold, dagleg leiar i Fjordvegen Rv13, seier:
– Raset i Fjæra viser kor sårbart det norske vegnettet faktisk er. Rv13 blir automatisk omkøyringsveg når E134 stenger, men denne vegen held ikkje standarden som ein kritisk riksveg burde ha. Han er ikkje bygd for store trafikkmengder eller tungtransport i samanhengande kolonner. Det set både trafikantar og lokalsamfunn i fare. Regjeringa må no ta ansvar og løfte både E134 og Rv13 inn i eit statleg program for tryggleik og standardheving.
Marta Vange, styreleiar i Fjordvegen Rv13, er tydeleg:
– Når E134 vert stengd, blir all belastninga overført til ein veg som alt slit.
Rv13 fungerer i dag som ein riksveg utan at han held ein akseptabel standard. Dette er ikkje forsvarleg. Dagens situasjon syner at vi treng større tryggleikstiltak, betre kapasitet og ei forsterka statleg satsing – ikkje meir midlertidig lapping.
Fjordvegen Rv13 krev at regjering og samferdselsministeren no grip inn – og løfter vegstandard og rassikring på Vestlandet.
Fjordvegen Rv13 ber regjeringa:
- Setje i verk eit nasjonalt program for ras- og skredsikring, med prioritet for dei kjende og mest utsette ras- og skredpunkta på Vestlandet
- Sikre oppgradering av Rv13 til ein trygg og berekraftig riksveg, med betre vegbreidd, sikrare fjellsider og betre framkome for tungtransport.
- Gi Vegvesenet og Nye Vegar forutsigbare midlar slik at dei kan arbeide langsiktig, ikkje berre akutt og reaktivt etter kvar hending.



