Handlingsplan 2025–2027

Revidert Handlingsplan for tre år 2025–27 er godkjent av årsmøtet på Flesland ved Bergen 4. mars 2024.

FJORDVEGEN RIKSVEG 13 SITT FØREMÅL (frå vedtektene): 

  1. Å arbeida for oppgradering og vedlikehald av riksveg 13 slik at denne blir ein trygg veg med gjennomgåande høg standard for heile strekninga. 
  2. Å marknadsføra vegstrekninga som ei effektiv og vakker transportåre og som den indre stamvegen mellom Stavanger og Sogndal. 

HANDLINGSPLANEN stettar hovudmåla for 3-årsperioden:

  • Fjordvegen Riksveg 13 skal verta den viktigaste reiskapen for regionar, kommunar og verksemder til å skaffa midlar til rassikring, fullverdig vegstandard utan standardbrot og med gul stripe på Rv 13.
  • Fjordvegen Riksveg 13 skal målretta støtte reiselivet i Fjordveg-regionen for auka konkurransekraft basert på lokale opplevingar.

1. PROFILERING
Intern og ekstern profilering og marknadsføring

Legitimiteten og effekten av selskapet er avhengig av kjennskap til og eigarskapen til selskapet sitt arbeide. Selskapet skal spissa bodskapen sin og vera tydelege på kva føremoner medlemmer vil få av å nytta selskapet. Næringsutvikling i Fjordveg-regionen skal fokuserast.

TEMA
1.1. Medlemspleie

Selskapet har som mål å ha direkte kontakt med alle kommunestyra og alle næringsforeiningar minst ein gong pr valperiode. Dette for å orientera og inspirera til aktivt arbeid for Fjordveg-regionen, og å bruka Fjordvegen Riksveg 13 som samarbeidsorgan for sine veginitiativ.

1.2. Eigne informasjons- og dialogkanalar

Nettsida www.fjordvegen.no
Ei god informasjonsside for publikum, styret og andre politikarar. Sidene vert vidareutvikla og oppdaterte. Lenker til alle medlemmer og næringsfokus blir vidareført.

Facebook- og Instagramprofilar
Skapa merksemd og vera opne arena for ytringar og dialog og nærare kontakt med befolkninga i Fjordvegregionen

Nyheitsbrevet Fjordvegdrøsen kjem ut minst 3 gongar/år. Det profesjonelle epost-verktøyet blir og brukt til informasjon og invitasjonar utover medlemma.

Media
Informasjon i samband med konferansar, viktige møte, tema i tråd med føremålet og uttalar.

1.3. Årskonferansen

Skal fremja selskapet sitt hovudføremål, skapa brei arena for debatt om aktuelle tema og bidra til målretta nettverksbygging nasjonalt og over fylkesgrenser, rekruttering og god ekstern og intern profilering. Dagskonferansen har deltakaravgift for å gå i balanse og sirkulerer mellom medlemsfylka.

2. PÅVERKNAD
Øva trykk på kontinuerleg utvikling av tiltak langs Rv 13.

Gjennomslag hos løyvande myndigheiter er avhengig av god og spissa informasjon, truverdige nettverk og pågåande og kontinuerleg arbeid frå styret og administrasjon i eit samspel.

2.1. Påverknad og samarbeid med sentrale styresmakter

2.2. Samarbeid med utførande aktørar med ansvar for riksveg 13, Statens vegvesen og Nye Veier AS. Systematisk kontakt, fagleg oppdatering og nettverksbygging.

2.3 Støtta kommunar og regionar i deira aktuelle vegtiltak langs Rv 13 og øva påverknad i samarbeid med dei. Utvikle kontaktnett på relevante nivå.

2.4 Fylkeskommunane som aktive medlemmer og strategiske alliansar.

2.5 Støtta næringsmedlemmer og reiselivsmedlemmer i arbeidet deira. Prioritere å utvikla og bruka strategisk nettverk i grensesnittet samferdsel – næringsliv. Vegbasert heilårsreiseliv, reiseruteutvikling og satsinga på Nasjonale turistvegar skal ha spesielt fokus.

2.6 Betre kunnskapsgrunnlag for politisk påverknad. Fremja faglege utgreiingar o.a. som gir betre argument-base og merksemd rundt rassikring og utbetringsarbeid generelt og riksveg 13 spesielt. Presentasjonar for bruk av styremedlemma til sine parti og på andre arenaer skal kunne leverast raskt.

2.7 Utvikla alliansar som t.d. Nasjonal rassikringsgruppe og andre vegselskap. Skipa felles arenaer ved behov.

3. MEDLEMSSKAP
Fleire medlemmer.

Arbeida kontinuerleg for å tilfredsstilla medlemmene sine samferdselsmessige behov knytt til Riksveg 13.

Arbeida for at alle kommunane, alle næringsforeiningar og stadig fleire enkeltbedrifter langs og rundt Rv 13 vert medlem i perioden 2025-27.