Me vil ynskje Alexander Papas (SV), velkomen til styret i Fjordvegen Rv13. Han blei utnemnd av Fylkestinget 9. desember då Marthe Hammer (SV) blei valt inn på Stortinget i haust.
Alexander Papas er 24 år og kjem opphaveleg frå Stord, men er no busett i Bergen. og har eit sterkt engasjement for samferdsle og mobilitet. Han er medlem av SV i Vestland Fylkesting og Hovudutval for samferdsle og mobilitet. Han er i tillegg 1. vararepresentant til Stortinget i perioden 2025-2029.
Samferdsle handlar om kvardagen til folk og om tryggleiken deira. Fjordvegen har i lang tid vore ei tydeleg stemme for liv og helse først i samferdslepolitikken, og eg ønskjer å vera med og løfta dette arbeidet vidare.”, uttrykkjer ein offensiv Papas om sitt engasjement for Fjordvegen Rv13.
Alexander peiker på Rv 13 som livsnerva for mange lokalsamfunn og næringsliv på Vestlandet. Han ser veldig fram til arbeidet i styret, for ein trygg og rassikker Rv13, – ikkje minst i møte med eit tøffare klima i åra som kjem.
Me vil samstundes takke Marthe Hammer for den store innsatsen ho har lagt ned for styret, og ser fram til vidare samarbeid med henne i ny rolle.




