Om Fjordvegen Rute 13

Fjordvegen Rute 13 jobbar for at Fjordvegen Rute 13 (RV 13) skal bli ein trygg, effektiv og attraktiv veg med gjennomgåande høg standard. Rassikring og trygg veg med gul midtstripe er hovudfokus.

Medlemmene i Fjordvegen Rute 13 er kommunar, fylkeskommunar, interkommunale selskap, samferdselsselskap, næringsselskap og mange varierte enkeltbedrifter langs heile strekninga frå Stavanger til Sogndal.

Sidan 1995 har Fjordvegen Rute 13 vore ein viktig aktør i all standardheving og engasjement for rassikring av Riksveg 13. Me kjem kontinuerleg med sterke bidrag for å synleggjera og marknadsføra Fjordvegen Rute 13 som ein høgstandardveg med stort potensiale lokalt, regionalt og nasjonalt. På 90-talet oppnådde ein stamvegstatus for å sikra høgaste prioritet for ny vegutbetring.

Dei norske fjordane er kåra til det beste reisemålet i heile verda, og tre av dei nasjonale turistvegane ligg langs riksveg/fylkesveg 13. Fjordvegen Rute 13 følgjer opp turistvegsatsinga og anna reiselivssatsing knytt til vegen, slik at reiselivsbedrifter og samfunna langs Fjordvegen får auka si konkurransekraft i høve til både busetnad og vegfarande gjester heile året.

Dei siste åra har reiselivsengasjementet vore tilknytt Travel like the locals med eit eige prosjekt samt Pilgrimsruteutvikling.

Fjordvegen Rute 13 ynskjer å marknadsføra vegstrekninga som ei effektiv og vakker transportrute, og som den indre
hovudvegen på Vestlandet.

Bli medlem hjå oss. Saman blir me sterkare!