Fjordvegen Rute 13 sitt engasjement etter NTP-vedtaket og Stortingsvalet 2021:
Vinter og vår 2022:
Årsmøtet og årskonferansen blei halde 25. april 2022 i Stavanger med god deltaking. Dagsaktuelle samferdselsspørsmål tilknytta riksveg 13 og fag blei presentert og debattert. Statssekretær Mette Gundersen og god parti-breidde av Stortingsrepresentantar, også i salen, deltok med innlegg og i brei debatt, Fylkesordførarar og andre frå dette nivå likeeins. Sidan Stortinget nyleg hadde vedtatt oppfølging i form av å få på plass ein nasjonal rassikringsplan, var temaet godt opplyst og aktuelt. (Foto over: Leiar Hadle E. Bakka for aksjonsgruppa i Suldal, stiller spørmål til det politiske panelet)
Statssekretær Gundersen viste i sitt innlegg m.a. til Hurdalsplattformen for satsinga på rassikring. (Frå kapitel om transport, særleg Veg side 41-42).
Les meir i artikkelen om årskonferansen med fleire av presentasjonane,
Nye politiske framstøyt blir drøfta i styret. Protokollar og presentasjonar (frå Statens vegvesen og Nye veier) finn ein her.
Me er spente på om Rassikringsrapportane frå Statens Vegvesen 2019 blir oppdaterte og reviderte og blir lagt som grunnlag for revidert NTP.
Hausten 2021:
Søre del av riksveg 13:
Kampen for rassikring har ført fram!
Riksveg 13 frå Stavanger til Skare sør i Ullensvang kommune ligg framleis under Statens Vegvesen sitt ansvar. 28. oktober kom eit stort steinras ved Lovraeidet i Suldal. (Foto til høgre NRK / M. Stokka)
Raset er eit av mange som jamnleg skapar frykt og fortviling blant alle som ferdast på denne delen av riksveg 13 på veg til jobb, skule og som yrkessjåførar, men storleiken på steinblokkene denne gangen har vekt oppsikt nasjonalt. Ei aksjonsgruppe vart raskt skipa i Suldal med mål om å påverka til raskare rassikring i form av tunnel på strekket Lovraeidet – Rødsliane. Det som er vedtatt for første periode av NTP 2022-33 gjeld ikkje før i 2026 og dekker opp mot 1/4 del av budsjettert behov. Fjordvegen Rute 13 har kome med støttefråsegn sendt til Stortingspolitikarane frå Rogaland til arbeidet i gruppa.
29.11. kom forhandlingane om Statsbudsjettet 2022 i hamn mellom regjeringspartia og SV. Gledeleg nok har kampen ført fram til at 65 mill kr ekstra går til oppstart og framskuving av prosjektet til 2022! Statens vegvesen førebur tiltak.
Riksveg 13 har heile 34 strekk med høg og middels skredfaktor, og strekket i Suldal er eit av dei farlegaste som gjentatte gangar er presentert på møte og skriftlege innspel til NTP, vår årskonferanse og andre arenaer styret og administrasjon deltek på.
Det kan synast som om høgstandard vegar med komfort for eit fleirtal i befolkninga som bur i sentrale strøk går framfore opplevd tryggleik for alle i landet.
Fjordvegen Rute 13 har og i brev invitert ny samferdselsstasråd Jon-Ivar Nygård til synfaring på strategiske strekk av riksveg 13. Det er svart at departementet og statsråden vil koma tilbake til dette.
Nordre del:
Midt i september arrangerte Fjordvegen Rute 13 busstur med synfaring saman med tre represemtantar frå Nye veier (Asbjørn Heieraas, Christian Altmann og Jon Terje Ekeland) utfrå deira behov for å få ei oversikt over tildelt strekk til Nye veier as i ny NTP. Strekket går frå Skare sør i Ullensvang kommune opp til Sogndal sentrum. Turen starta frå Stavanger 15.9. og vart avslutta 16.9. på ettermiddagen i Sogndal.
Turen hadde grundig orienteringar undervegs frå styremedlemma og andre samt mange stopp på punkt med høg og middels skredfaktor og strekk med særlege låg standard med trafikkale utfordringar. Bilde over viser ordførar og styremedlem Roald Aga Haug som orienterer i Kviturda rett nord for Odda sentrum.
Det vart avhalde møte med informasjon frå Nye veier og inspel frå Fjordvegen sine medlem i Ullensvang 15.9. samt møte i Sogndal 16.9. der og m.a. Nasjonal Rassikrings-gruppe sin leiar deltok. Referat og innspel frå desse møta finst her.
Foto over viser styremedlem og ordførar i Ullensvang Roald Aga Haug på raspunktet Kviturda litt nord for Odda sentrum.
Mange bilde og informasjon frå sjølve turen finst på Fjordvegen sine facebook- og instagramprofilar.
I søre del av riksveg 13 frå Ullensvang gjennom Ryfylke til Stavanger er det i ny NTP tildelt midler til Statens vegvesen for oppstart av noko rassikring i Rødsliane i første NTP-periode. Ingen andre strekk fekk prioritering i ny NTP i søre del av riksveg 13.
Midla til Rødsliane er ikkje på nokon måte tilstrekkelege, berre til ein oppstart. Steinrasa går jamnleg i Rødsliane ved Lovrafjorden og tilliggjande strekk, m.a. i Breivika lengre sør langs Lovravatnet. Stort steinras gjekk t.d. rett sør for Lovraeidet 28.10.2021.
Frykta hjå lokalbefolkninga er stor, og ungane vert gjerne haldne heima frå skule og barnehage når det er store nedbørmengder. Suldal kommune har kontakta ny leiing i Samferdselsdepartementet og statsråd Jon-Ivar Nygård om dei alvorlege hendingane her.
Juni – september 2021:
Styret i Fjordvegen Rute 13 har sett sterkt fokus på prosessen fram til nytt Stortingsvedtak av revidert NTP i juni 2021, og har same fokus og hovudprioriteringar som vart selskapet sin offisielle uttale til sist NTP.
Frå juni og fram til Stortingsvalet 13.9.21 har me prioritert oppfølging av partia, t.d. på Arensdalsuka i august. Nasjonal Rassikringsgruppe hadde der eigen stand, presenterte ny film og hadde eigen debatt.
Oppfølging og dialog med Nye Veier AS som ved NTP-vedtaket har fått tildelt heile nordre del av rv 13 frå Ullensvang til Sogndal, er høgt prioritert. Det har etter NTP-vedtaket vore nettmøte mellom styret og representantar frå administrasjonen i Nye Veier As samt korte møte på deira tur i juni.
Mars – mai 2021:
Regjeringa sitt forslag til Nasjonal Transportplan blei lagt fram av statsråd Hareide 19. mars. Etter dette har styret og administrasjon i Fjordvegen Rute 13 gått nøye gjennom korleis utfordringane med stor rasfare og dårleg standard langs Riksveg 13 er nemnt og behandla.
Ein fann det nødvendig å gje ein større uttale til pressa – som ei «løypemelding» omkring framlegget. Dette har fått god dekning i lokalpressa frå Sogn til Ryfylke.
Det er avklart at Rødsliane i Suldal får ei prioritering med nokre midler i 1. NTP-periode, men ikkje nok til ein fullført tunnel. Det er og skuffande at rassikring ikkje er eit eige tema i dokumentet. Det er vidare mykje uklart rundt forslaget til overføring av ansvar for rassikring og andre tiltak for nordre del, 224 km av Riksveg 13 til Nye Veier as. Hverken prioritering mellom prosjekt, sum midlar, tidspunkt for igangsetting eller fullføring er omtalt. Det er berre vist at strekket på 224 km er føreslått å ta inn i Nye veier sin heilskaplege portefølje. Her har Stortinget tidlegare bestemt at prioriteringa av prosjekt skal skje etter Samfunnsøkonomisk nytte. Slik styring samsvarar dårleg med behova for rasutsette vegar.
Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget heldt høyring om ny NTP over to dagar 12.-13.4. Fjordvegen Rute 13 med styreleiar Gerd Helen Bø (foto over) fekk halda kort innlegg på basis av innspel me sendte på førehand. Under høyringa var riksveg 13 og problemstrekk omtalt av begge fylkesordførarar frå Vestland og Rogaland samt fleire andre høyringsinstansar. Det kom fleire spørsmål frå komitemedlemma, m.a. om tilhøvet og løyvingar til Nye veier AS og om skredsikringspunkt som Vikafjellet og Rødsliane.
Meir frå Stortingsbehandlinga av Nasjonal Transportplan 2021. Innstillinga frå Transport- og Kommunikasjonskomiteen kom 7. juni, Stortingsbehandlinga var 14. juni,
PARTIVISE NETTMØTE 2021:
Frå januar til midt i mai arrangerte selskapet ni partivise nettmøte med grundig presentasjon av utfordringane langs Riksveg 13 for Stortingspolitikarar, rådgjevarar og fylkespolitikarar samt nokre listetoppar til Stortingsvalet. Først møte var med FrP i januar, så dei andre partia kvar for seg. Høgre og Venstre sine politikarar i Transport- og Kommunikasjonskomiteen på Stortinget 16.2., deretter var det tilsvarande nettmøte med partipolitikarar og partiapparat til Arbeiderpartiet, SV, MGD, KrF, Rødt og SP. Fjordvegen Rute 13 presenterte grundig dei viktigaste utfordringane med godt dokumenterte kvardagserfaringar og foto frå dei største raspunkta og flaskehalsane på heile Rv 13.
Dette var nyttige møte med god dialog, råd og avklaringar, som fornuftige skritt på vegen. Les meir om kvart møte på vår facebook-profil
NTP-framlegget
Etter framlegget frå statsråd Hareide til ny NTP, har det vore arbeidd i høve Nye Veier AS for få kunnskap om kva riksveg 13 kan få ut av NTP-forslaget om at nordre del av riksveg 13: Skaret – Sogndal skal inngå i Nye Veier sin samla portefølgje.
2020:
I høyringsrunden i 2020 blei det klart at å heva fokuset på å få på plass ein Nasjonal rassikringsplan for er viktigast i kampen om ressursane i prosessen til vedtak i Stortinget i 2021. Ein slik plan skal innehalda sikring av alle skredpunkt med høg og middels skredfaktor på fylkes- og riksvegar i Norge i løpet av 12 år
Ras har og kome etter at SVV la fram sin oppdaterte Skredsikringsrapport, m.a. fleire steinras i Rødsliane, Suldal t.o.m. våren 2021 og mange snøras eller fare for slik på Vikafjellet slik at riksveg 13 her er hyppig stengt. 21. februar gjekk eit stort og fleire mindre snø- og jordras over riksveg 13 vest av Leikanger i Sogndal kommune.
Oversikt over alle SVV sine skredpunkt på Riksveg 13 (oppdatert hausten 2019)
Heile SVV-rapporten over skredsikringsbehova for vestlandet finst her (fylkes- og riksvegar)
Covid-19 situasjonen har mange årlege konferansar og andre gode arenaer blitt avlyste. Ein har heller auka aktiviteten rundt små møte med inviterte Stortings-representantar på synfaringar på Rv 13 eller ved digitale møte, samt samarbeide med Nasjonal Rassikringsgruppe.
KVA BETYR MEST FOR DEI POLITISKE PRIORITERINGANE VÅREN 2021:
Avveging av risiko for ras samt låg standard sett i høve samfunnsøkonomi og ÅDT er eit kjernepunkt i dei politiske prioriteringane vidare i prosessen til Stortingsvedtaket i juni 2021. Det er grunn til å spørje om vektlegginga av bruk av Samfunnsøkonomisk nytte som einaste hovudkriterium samt eindel av faktorane som er lagt til grunn i dette begrepet.
Les om Samfunnsøkonomi generelt for Statens Vegvesen (Handbok Konsekvensanalyser). Nye kriteria er under vurdering pr 2020 å ta inn i Samfunnsøkonomisk nytte ved vegbygging til NTP.
OVERSIKT:
Ein oversikt over viktige omgrep og kriteria i prioriteringane (pr okt 2020) frå Statens Vegvesen (før politisk behandling), er gjeve i artikkel i Hardanger Folkeblad i intervju med strekningsanvarleg Nils Magne Slinde 7. februar 2021.
T.d. kva betyr Ramme A og Ramme B? Kva er Utbetringsstrekningar? Kva planar må liggja klare før bygging? Les her
SVV sine prioriteringsdokument var levert til Samferdselsdepartementet som vurderer alle faginstansar sine leveransar fram til framlegginga av NTP midt i mars 2021. Så er Regjeringa sitt framlegg eit offentleg dokument, og nasjonal debatt vil skje fram til Stortingsvedtak i juni 2021.
Uttalar – fase 1 (2020): Nasjonal rassikringsgruppe viser at ca 70 milliardar er det nasjonale behovet for skredsikring av punkt med høg og middels faktor på både riks- og fylkesvegar. Det høge talet kjem m.a. av betre plangrunnlag og nøyare utrekningar enn for fire år sidan saman med aukt mengde ras på fleire strekningar. I løpet av 12 år må raspunkta vera sikra, seier gruppa. 70 milliardar er ikkje meire enn 6-7 % av heile NTP-budsjettet.
Ansvaret for fylkesvegane er som kjent flytta tilbake til fylka, og midla hit er ikkje lenger øyremerka.
Leiar i Nasjonal rassikringsgruppe, tidlegare fylkesordførar i Sogn & Fjordane Jenny Følling etterlyser til NRK innsats og krev Nasjonal rassikringsplan.
Fjordvegen Rute 13 støttar kravet om ein slik plan og auka ressursar til dette livsviktige arbeidet.
Fjordvegen Rute 13 har fremja dette kravet i sine presentasjonar og ved uttale til revidert NTP til medlemsfylka Rogaland og Vestland pr april 2020.
Fjordvegen Rute 13 påpeikte vidare at det er uhyre viktig at medlemsfylka samordnar sine uttalar vedk. Riksveg 13 for å få gjennomslag.
Les Uttalen frå Nasjonal Rasikringsgruppe til fylka si høyringsrunde i mars/april 2020. Hovudpunkta i denne er tatt inn i dei politiske behandlingane pr 17.4. i Rogaland og Vestlandsrådet. Vestland fylke har seinare hatt si behandling.
Fjordvegen Rute 13 sin administrasjon saman med styreleiar og fleire styremedlemmer har våren 2020 vore på fleire høyringsmøte med fylkesadministrasjonane og politikarar tidleg på våren 2020. Me har og før april orientert fylkesordførarar og leiarar i samferdsleutvala i Rogaland og Vestland.
Fjordvegen Rute 13 sin Årskonferanse som var sett til 27.4. på Sola måtte avlysast grunna utbrotet av koronavirus.
Vestlandsrådet hadde NTP til behandling i digitalt fjernmøte 20.5.2020 med følgjande saksutgreiing (vedtatt).
Fase 2 – uttale frå fylkeskommunane o.a. til Prioriteringar frå Statens Vegvesen (2020):
Vedtak i medlemsfylka som uttalar om prioriteringar til revidert NTP føreligg pr medio mai 2020. Rogaland fylke i fylkestinget 28. april og Vestland fylke i fylkestinget 12. mai har gitt sine uttalar til NTP til frista 15.5.2020.
Prioriteringane til NTP frå Statens vegvesen: Liste
Alt om NTP-prosessen 2019-2021 og innleverte svar kan du lesa her.
Fjordvegen Rute 13 ga sin uttale til prioriteringane i styremøtet i juni.
Nasjonal rassikringsgruppe har i september 2020 kome med følgjande pressemelding .
Gruppa syner m.a. til ei analyse gjort i Nord Norge av Menon Economics for tidskostnader ved forsinkingar for transport av sjømat frå Nord-Norge.
Kostnader knytt til verditap som følgje av forseinkingar på veg blir i dag ikkje vurdert når staten gjer vurderingar av nye vegprosjekt.
Dette forholdet spelar difor heller ikkje inn i den mer overordna og langsiktige planleggingea av Norges transportinfrastruktur i Nasjonal transportplan (NTP). Dette er problematisk fordi ei rekke strekninger er prega av mykje godstransport der forseinkingar gjev store tap. Ikkje minst gjeld dette frakt av fersk fisk.
Fase 3 – Ytterlegare utrekningar og innspel hausten 2020 og vinteren 2021:
Hausten 2020 er det på bestilling frå Samferdseldepartementet lagt fram nye reviderte rapportar frå Statens Vegvesen. Også Nye Veier AS er komen på banen.
Les meir om NTP her – svarbreva til 15.10: Ytterligere leveranse til Oppdrag 9 Oppdaterte beregninger
Statsbudsjettet for 2021 framlagt av regjeringa som forslag i oktober har og medført politisk debatt om satsing på rassikring.
Frp kom med alternativt Statsbudsjett og forhandla med regjeringa. Frp sitt forslag hadde noko auka satsing på rassikring av fylkes- og riksvegar i 2021, og vedtaket i Statsbudsjettet gav eit tilskot til standardbetring på riksveg 13 mellom Kinsarvik og Hardangerbrua.
Styret i Fjordvegen Rute 13 har i styremøte i november bestemt å visa si bekymring til Statsråd Hareide i brev datert 26.11.2020: brev om Riksveg 13 i ny NTP til Samferdselsdepartementet samt pressemelding om dette. Det har rast fleire større steinras siste halvåret både i Rødsliane fire gongar, ved Ylvisaker og på strekket Odda – Tyssedal.
Sommaren 2020 var trafikksituasjonen sør for Hardangerbrua kaotisk og uforsvarleg i høve beredskapen. Vinterstid er Vikafjellet uberekneleg og får låg oppetid då vegen blir stengt på kort varsel som eit føre-var tiltak i høve snøras og dårleg ver.
_________________________________
Bakgrunnsrapportar til NTP-prosessen 2019-2021:
Statens Vegvesen la i desember 2019 fram ein svært viktig revidert rapport som eit av grunnlaga for prioriteringane i ny NTP: Skredsikringsbehov for riks- og fylkesvegar i Region vest.
Sidan sist Stortingsvedtak om NTP i 2017, har fleira av dei strekka som styret og medlemma utpeikte langs Rv 13 fått forverra situasjon. Ma. er skredfaktor no for delar av Vikafjellet 5,3 (foto øvst), medan høgaste faktor for noko strekk i Region vest er 6.0. Rødsliane på Riksveg 13 gjennmo Suldal har hatt 2-3 støre steinras sommaren 2020, og nm.a. NAF avd Stavanger og omeign har hatt aksjon i Suldal 18.9.
Rv 13 har ca 16 skredpunkt med høg skredfaktor (3,5-6,0), men fleire av desse ligg samla på same strekningane som på og nær Vikafjellet, Odda – Tyssedal, Brattlandsdalen og Rødsliane. (Foto oppe til høgre, Suldalsposten: steinras over riksveg 13 ved Suldalsvatnet hausten 2019)
Statens vegvesen har fått no rekna på fleire av skredpunkta som er definert som problematiske punkt. Det er no tal for alle punkt med høg og middels skredfaktor, men med usikkerheit på 25% der det finst eit plangrunnlag, og 40 % usikkerheit der det ikkje finst plan.
Delfaktoren Omkøyringstid er noko endra til meir reell tilleggstid for omkøyring.
Frå rapporten:
Faktiske forhold på strekninga gir kvar einskild faktor ein verdi frå 0 til 10. Kvar faktor vert vekta som vist under. Skredfaktoren er summen av dei vekta faktorane.
Nr Faktor Vekttal
F1 Trafikkmengdefaktor (basert på vegens trafikkmengde – ÅDT1) 0,20
F2 Skredfarefaktor (basert på skredfrekvens * skredets gjennomsnittlegebreidde på veg) 0,20
F3 Omkøyringsfaktor (basert på ekstra køyretid grunna venting og omkøyring) 0,15
F4 Stengingsfaktor (basert på tal gonger vegen er stengd på grunn av skred) 0,15
F5 Skredfarestengingsfaktor (basert på tal døgn vegen er stengd på grunn av skredfare) 0,10
F6 Naboskredfaktor (basert på fare for nye skred i område kor trafikken ventar/oppheld seg etter at skred har gått) 0,10
Skredpunkta vert delte inn i følgjande skredfaktorkategori:
Skredfaktorkategori Skredfaktor
Høg 3,5 og høgare
Middels 2,5 – 3,49
Låg 2,49 og lågare
17. mars 2020 (korrigert 26.3.) var dokumentet med prioriteringane frå Statens Vegvesen til revidert NTP lagt fram. I tillegg er det utarbeida ei liste over prioriteringar.
Prioriteringane følgjer dei overordna premissane og bestillinga frå regjeringa som er Samfunnsøkonomisk nytte. Dette omgrepet innbefattar ikkje vektlegging av rassikring utfrå liv og helse, men hovudsakleg netto nytte pr budsjettkrone (NNB). Det er difor prioritert store vegprosjekt og lite til rassikringsprosjekt generelt og Rv 13 spesielt i forslaget i 1. periode av ny NTP 2022-2033. Dette er svært urovekkande for Fjordveg-regionen.
Statens vegvesen har og utarbeida ein rapport om Samfunnssikkerheit for samferdselsdepartementet. Her er riksveg 13 sin rolle omtalt i avgrensa omfang knytt til korridor 4 og 5. Det er grunn til i sjå på sikkerheit for lokalsamfunna i større breidde enn det som står i denne rapporten.
Seinare har departementet bedt om ytterlegare svar som kan lesast på departementet sine samlesider for NTP.
Fjordvegen Rute 13 sitt arbeide skjer vanlegvis både gjennom Årskonferansen, støtte til og deltaking i lokale engasjement frå medlemskommunar, møte med Stortingsbenkane, møte og oppfølging med fylkeskommunar og byane.
Selskapet har og kontakt med Statens Vegvesen, Nye veier AS og andre fagmiljø og gått gjennom uttalar, presse og mediaarbeide og samarbeide med t.d. Nasjonal Rassikringsgruppe og næringsliv. Utålmodige lokalmiljø og næringsaktørar som kjenner problema på kroppen dagleg, held trykket på.
Ettersom klimautfordringane aukar, er behovet for rassikring stadig aukande. Dette saman med den krevjande, seinkande og trafikkfarlege situasjonen med sterk standardvariasjon på Rv 13 over lange strekk, gjer arbeidet svært viktig.