Særlege vegstrekk og prosjekt langs riksveg 13

Fjordvegen Rute 13 har engasjert seg i fleire store vegprosjekt, og bidratt til auka framdrift og politisk gjennomslag i kampen om ressursane.

For å kunna få til dette, må ein samarbeida tett og ha engasjerte medlemmer som ser på ytinga frå Fjordvegen Rute 13 som eit tillegg til sitt eige arbeid.

Vikafjellet, Brattlandsdalen, Ryfast er døme på strekningar og prosjekt som Fjordvegne Rute 13 har engasjert seg i.

Brattlandsdalen er ei av mange utfordrande vegstrekningane langs Rv13, med særlele utfordringar vinterstid:

[embedyt] https://www.youtube.com/watch?v=Hs6Bo91RP-Q[/embedyt]

Ryfast - effekten av ein samferdselsrevolusjon i sør

Ryfast – effekten av ein samferdselsrevolusjon i sør

Effekten av Riksveg 13 Ryfast, særleg Ryfylketunnelen er interessant å sjå på etter eitt heilt driftsår. Trafikken er over alle prognosar frå Statens Vegvesen. Dette har konsekvensar for riksveg 13 nordover.
Ryfast er eit nytt stort vegsamband med fleire tunnelar mellom ny E39 i Stavanger kommune og Rv 13 i Strand kommune. Den lengste tunnelen, Ryfylketunnelen var ved opninga 31.12.2019 verdas lengste biltunnel under havet.

Les heile saka →
Brattlandsdalen og NTP

Brattlandsdalen og NTP

Rassikring i Brattlandsdalen mellom Nesflaten og Røldal kom ikkje inn i Stortingsvedtaket i juni 2017 for revidert Nasjonal transportplan trass i intensiv lokal og regional innsats.

Les heile saka →
Årdalstunnelen

Årdalstunnelen

Rassikring av riksveg 13 forbi den store og rasfarlege ura på Øygjaneset i austenden av Søre Tysdalsvatnet i Hjelmeland, var utgangspunktet for Statens vegvesen sitt planarbeid for tunnel frå Svotunnelen til Årdal.

Les heile saka →
Vossapakko

Vossapakko

Vossapakko er namnet på ein utbyggings- og finansieringsplan for tre vegprosjekt på E16 og rv. 13 i Voss kommune og Granvin herad.

Les heile saka →