Arbeidet med revidert NTP 2025-2036

Fjordvegen Riksveg 13 har engasjert seg i fleire store vegprosjekt, og bidratt til auka framdrift og politisk gjennomslag for rassikring og standardheving.

For å kunna fremja prosjekta og rassikring generelt inn i revidert NTP, må ein samarbeida tett og ha engasjerte medlemmer som ser på ytinga frå Fjordvegen Riksveg 13 som eit tillegg til sitt eige arbeid. Samarbeide med Nasjonal rassikringsgruppe, NAF sine lokalavdelingar og andre vegutviklingsorgan, er i tillegg viktig for å vera synlege og ha gjennomslag.

Vikafjellet, Lovreidet – Erfjord og Rødsliane, Brattlandsdalen, Ylvisaker, Ryfast er døme på strekningar og prosjekt som Fjordvegen Riksveg 13 har engasjert seg i.
Frå Nye veier as si overtaking av ansvaret for utvikling av nordre del av rv 13 Skare – Sogndal, har det blitt viktig med informasjon og dialog med Nye veier sin administrasjon tilsvarande den etablerte kontakten med Statens Vegvesen.

Vossapakko

Vossapakko

Vossapakko er namnet på ein utbyggings- og finansieringsplan for tre vegprosjekt på E16 og rv. 13 i Voss kommune og Granvin herad.

Les heile saka →