Aktuelt

Dei nyaste oppdateringane finn du alltid på Facebook.
Innlegg frå Fjordvegen Riksveg 13:

Ryfast - effekten av ein samferdselsrevolusjon i sør

Ryfast – effekten av ein samferdselsrevolusjon i sør

Effekten av Riksveg 13 Ryfast, særleg Ryfylketunnelen er interessant å sjå på etter eitt heilt driftsår. Trafikken er over alle prognosar frå Statens Vegvesen. Dette har konsekvensar for riksveg 13 nordover.
Ryfast er eit nytt stort vegsamband med fleire tunnelar mellom ny E39 i Stavanger kommune og Rv 13 i Strand kommune. Den lengste tunnelen, Ryfylketunnelen var ved opninga 31.12.2019 verdas lengste biltunnel under havet.

Les heile saka →
Brattlandsdalen og NTP

Brattlandsdalen og NTP

Rassikring i Brattlandsdalen mellom Nesflaten og Røldal kom ikkje inn i Stortingsvedtaket i juni 2017 for revidert Nasjonal transportplan trass i intensiv lokal og regional innsats.

Les heile saka →