Her kan du lasta ned innlegga som blei haldne under årskonferansen 17. juni 2014 i Balestrand.
Kor står stamvegen og regionane rundt vegen i 2020? Vil professor Jørgen Amdam sin påstand om vidare polarisering i reine vinnar- og tapar-regionar bli sann? Må me akseptera at taparane er innland og kystland med byane er vinnarane? Kan forsert utvikling av Rv 13 redusera slike negative effektar, eller er andre faktorar viktigare? Kva krevst av oss? Korleis vil næringslivet agera?
Kan auka samarbeide over kommune- og regiongrensar motverka negative trendar?
Vegen som føresetnad for reiselivsnæring i distrikta – kva skal til for suksess?
Tidspunkt | Programpost | Merknad | Last ned innlegg |
---|---|---|---|
10.00-11.30 | Årsmøte for IS Fjordvegen Rute 13 | For medlemmer. Møteleiar: Arne Kleppa | |
Frå 10.30 | Registrering | ||
11.30 | Velkomst v/IS Fjordvegen Rute 13. | Ny styreleiar | |
11.40 | Vil indre strok på vestlandet berre tapa på eit ferjefritt E39? Eit scenario for Rv 13-regionen med samfunnsperspektiv | Jørgen Amdam, professor i samfunnsplanlegging ved Høgskulen i Volda | Last ned |
12.30 | Lunsj | ||
13.30 | Vidare utvikling av Rv 13 som stamveg: Kva kan ei stor næringsforening bidra med? | Anne Woie, strategisjef i Stavangerregionen Næringsforening | |
14.00 | Kva skal til for at Fjordvegen Rv 13 skal bli Norges mest profilerte reiserute? | Edmund Utne, 4. generasjon vertskap, Hotel Ullensvang supplert med konst. prosjektleiar Randi Bårtvedt, NCE Tourism Fjord Norway | Last ned |
14.30 | Kaffipause m/frukt | ||
14.45 | Betra regionalt samarbeide for utvikling av Rv 13 eit behov frå det lokale næringslivet | Trude Undebakke, leiar i Vik Næringssamskipnad | Last ned |
15.15 | Frå plan til pengar korleis blir vegen til når målet er klårt? | Kjell Kvåle, Senioringeniør i Statens vegvesen region vest | Last ned |
15.45 | Fjordvegen – nå og i framtida | Arne Kleppa, avtroppande styreleiar IS Fjordvegen Rute 13 | Last ned |
16.00 | Slutt |