Etter Stortings-vedtak av Nasjonal Transportplan i juni 2017 er lang Årdalstunnel lagt inn som skredtiltak i siste planperiode 2024-2029.
Rassikring av riksveg 13 forbi den store og rasfarlege ura på Øygjaneset i austenden av Søre Tysdalsvatnet i Hjelmeland, var utgangspunktet for Statens vegvesen sitt planarbeid for tunnel frå Svotunnelen til Årdal.
Historikk: I konsekvensutgreiinga til kommunedelplanen (hausten 2015) kom det fram at ny 5 kilometer lang tunnel direkte til Årdal vil kunna koste meir enn 1,4 milliard kroner. Lang tunnel vil gje 8-9 minutt innsparing i reisetida, samt ein god reduksjon i høgdeforskjell. Ein vil ikkje minst unngå den berykta Tveitebrekka (mot Årdal), der det ofte er utfordringar med utforkjøringar ved glatt føre.
Statens vegvesen har vurdert lang tunnel direkte til Årdal opp mot to rimelegare alternativ, som ikkje kortar inn reisetida. I plandokumentet tilrådde Vegvesenet berre kort tunnel innanfor området i Tysdal, ut frå omsynet til rassikring. Vegvesenet vurderer det likevel slik at lang tunnel til Årdal vil ha størst samfunnsnytte.
Dei berørte Ryfylke-kommunane, fylkesutvalet i Rogaland, Fjordvegen Rute 13 og mange andre høyringsinstansar aksepterte ikkje tilrådinga frå Vegvesenet. Dei viste mellom anna til følgjande moment:
- Kort tunnel er neppe i samsvar med Stortinget sin merknad i NTP, sidan det der er nemnt tunnel heilt til Årdal.
- Rammevilkåra for mykje av det transportavhengige næringslivet i Ryfylke vil bli vesentleg betra.
- Havbruksnæringa i Rogaland har ambisjonar om ekspansjon med m.a. ny regionalplan for sjøområda. Ei innkorting i reisetid vil verta spesielt viktig for denne næringa, som kan demma opp for ein del av negativ utvikling i oljenæringa.
- Utviding av felles arbeidsmarknad og busetnad vil nyta godt av lang tunnel.
Etter usemje mellom Hjelmeland kommune og Statens vegvesen, gjekk saka til Fylkesmannen for mekling og til slutt til Kommunal- og moderniseringsdepartementet for endeleg avgjerd. Departementet har 28.4.2017 bestemt at alternativ 2b (lang tunnel) skal leggjast til grunn for vidare planlegging.
Les meir om saka på regjeringen.no «Hjelmeland og Strand kommunar – motsegn til kommunedelplan for rassikring av rv. 13».
Statens vegvesen sin nettstad for prosjektet
Veg | Rv. 13 |
---|---|
Fase | Planfase |
Kommune | Hjelmeland |
Fylke | Rogaland |
Vegeigar | Statens vegvesen |