Skredsikring – gamal og ny reknemodell for skredfaktor i høve NTP

RASSIKRING – Kva er basis for vegstyresmaktene sine prioriteringar av skredutsette strekningar?
Revisjon av skredfaktormodellen hausten 2022:

Fram til 2022 har Statens vegvesen hatt ein felles modell for å rekna på ras og skred i Norge.
Til revisjonsarbeidet for NTP 2025-2036 arbeider Statens vegvesen hausten 2022 med ny forenkla modell. Modellen har gått ut på høyring til berørte fylkeskommunar og Nye veier i september 2022.

Fjordvegen Rute 13 samt fleire fylkeskommunar har gitt kritisk uttale til nytt forslag pga manglnde konsekvensutgreiing for bruk av forslaget allereie til førstkomande NTP. Les meir i annan artikkel om NTP 2025-36.

Ylvisaker Sogndal 2013, Foto Håvard Nesbø

Statens Vegvesen la i desember 2019 fram ein svært viktig revidert rapport som eit av grunnlaga for prioriteringane i ny NTP: Skredsikringsbehov for riks- og fylkesvegar i Region vest. 
Faktorane for kvart utsette strekk blir løpande revidert etter nye ras.  

Faktiske forhold på strekninga gir kvar einskild faktor ein verdi frå 0 til 10. Kvar faktor vert vekta som vist under. Skredfaktoren er summen av dei vekta faktorane.
Nr Faktor                                                                                                                                     Vekttal
F1 Trafikkmengdefaktor (basert på vegens trafikkmengde – ÅDT1)                                             0,20
F2 Skredfarefaktor (basert på skredfrekvens * skredets gjennomsnittlegebreidde på veg)      0,20
F3 Omkøyringsfaktor (basert på ekstra køyretid grunna venting og omkøyring)                       0,15
F4 Stengingsfaktor (basert på tal gonger vegen er stengd på grunn av skred)                           0,15
F5 Skredfarestengingsfaktor (basert på tal døgn vegen er stengd på grunn av skredfare)        0,10
F6 Naboskredfaktor (basert på fare for nye skred i område kor trafikken ventar/oppheld seg etter at skred har gått)  0,10

Skredpunkta vert delte inn i følgjande skredfaktorkategori:
Skredfaktorkategori    Skredfaktor
Høg                                        3,5 og høgare
Middels                                 2,5 – 3,49
Låg                                         2,49 og lågare


Rv 13 har ca 16 skredpunkt med høg skredfaktor (3,5-6,0), men fleire av desse ligg samla på same strekningane som på og nær Vikafjellet, Odda – Tyssedal, Brattlandsdalen og Rødsliane/Lovradalen.
Data for rasa sidan 2019 er ikkje alle lagt inn i vegdatabanken og dermed grunnlag for prioriteringane vidare.