NTP 2025 – 2036: Oppstart og rask prosess

Kva skjer på hausten 2022:

11. november sendte samferdselsdepartementet detaljert brev til etatane med Prioriteringsoppdrag til NTP 2025-36. Etatane inklusive Nye veier får frist til 31.3.2023 for levering av omfattende stoff.
Sidan NTP-prosessen skal ta eitt år mindre tid enn det som har vore vanleg, må prosessen følgjast tett.

Vegutbetring på riksveg 13 Hardanger 2022

Statens vegvesen v/vegdirektoratet sendte tidleg i september ut på høyring til m.a. fylkeskommunar og Nye veier ny reknemåte for skredfaktormodell. Dette er viktig og langvarig basis for skredfaktor og prioritering av midler til rassikring i revidert Nasjonal Transportplan.
Fjordvegen Rute 13 har prioritert å setja seg grundig inn i dette forslaget og gitt høyringsuttale frå styret 27.10. Saka er følgt opp i media og i tett kontakt med Vestland og Rogaland fylke.
Høyringa frå styret seier m.a. at Fjordvegen Rute 13 tilrår at dagens modell vert vidareført.
At dagens modell har tillit i rasutsette område, i fagetatar, hjå politiske beslutningstakarar og vegfarande er essensielt for at denne bør vidareførast. Konsekvensar ved å ta i bruk ny modell allereie til ny NTP 2025-2036 er ikkje utgreidd.
Dersom modellen likevel må endrast og takast i bruk til revisjonen av NTP 2025-2036, tilrår Fjordvegen Rute 13 at den framlagde nye modellen vert justert på fleire område .

Ras, riksveg 13, Lovraeidet i Suldal oktober 2021

Fjordvegen Rute 13 sitt styre har 26.10. gitt uttale til framlegget til Statsbudsjett 2023 der rassikring er lite synleg.

I samband med utviklinga av Nye veier sitt oppdrag for skredsikring av nordre del av riksveg 13 Skare – Sogndal, har Nye veier AS bestilt ei utgreiing frå Menon om talfesting av opplevd frykt for ras.
Her har i år dei fått talmodell for såkalt Velferdsgevinster ved utbetring av skredutsatte vegstrekninger. Dessutan er strekk av riksveg 13 gjennom Hardanger vurdert og talfesta som ein test.
Modellen skal kunne inngå i dei Samfunnsøokonomiske utgrekningsgrunnlaget til ny NTP.
Eit spennande utviklingsarbeide og eit interessant talgrunnlag som me vonar får betydning for prioritering av rassikringa i landet!

Les meir om ramer i brev og møte tilknytta NTP frå Samferdselsdepartementet

Fylkeskommunane o.a. er inviterte til fellesmøte i departementet 12. desember. Dei skal då kunne presentera utfordringar og mulegheiter i samband med NTP 2025-36.

Oppstart av NTP-revisjonen 1. halvår 2022:
Brev frå samferdselsdepartementet til etatane av 22.6.22 om å starta innleiande arbeid omtalar utgreiing og prioriteringar frå etatane. Statsråden har vald eitt år kortare tid til revisjonen enn vanleg har vore.
6. september har departementet sendt nytt brev med detaljert vedlegg til etatane med utgreiingsoppdrag med frist allereie 1. oktober og deretter 22. januar 2023.
I vedlegget er m.a. bedt om at «virksomhetene vurdere behov for klimatilpasning av infrastrukturen i NTP-perioden og aktuelle tiltak.».
Også temaet samfunnsøkonomisk nytte og ikkje-prissette konsekvensar er i større grad bedt om vurderingar av, m.a. av opplevd frykt og korleis betre ivareta veger med låg ÅDT i samfunnsøkonomiske nytte-utrekningar. Dette er høgst aktuelt å følgja med på for Fjordveg-regionen.

Kva så med rassikring?
Supplerende tildelingsbrev nr. 6 frå departementet til Statens vegvesen – «Gjennomføringsplan for ras- og skredsikring på riks- og fylkesvei» blei sendt 25. mai. Dette som oppfølging av Stortingsvedtaket til NTP der Stortinget stilte detaljerte punktvise krav.

Hovudtrekka frå Stortingsvedtaket som Statens vegvesen er bedne om å følgja opp raskt, er:
Vedtak nr. 470: «Stortinget ber regjeringa sette fortgang i arbeidet med å få utarbeidd heilskaplege nasjonale ras- og skredsikringsplanar som omfattar alle skredpunkt med høg og middels skredfare, både for riksvegnettet og for fylkesvegnettet. Planane skal vera ferdige før utgangen av 2023.»
Vedtak nr. 466: «Stortinget ber regjeringa følgje opp arbeidet som vert utført av Statens vegvesen i samband med skredfaktormodellen, og at alle relevante prosjekt vert vurderte basert på to sikringsnivå med tilhøyrande tiltak og kostnadsanalysar. Vidare ber Stortinget regjeringa syte for at fylkeskommunane vert godt involverte i arbeidet.
«

For riksveger skriv departementet:
«Departementet ber Statens vegvesen sammenstille en gjennomføringsplan på riksvei basert på Statens vegvesens eksisterende planer, i tråd med Stortingets vedtak nr. 470 og nr. 466. Vi ber om at det blir levert sammen med de fylkeskommunale planene i en helhetlig plan for gjennomføring av ras- og skredsikring på riks- og fylkesvei. En del skredsikringsprosjekter er av en slik størrelse at de inngår i porteføljen av store prosjekter i planfasen (prosjekter over 1 mrd. kr). Vi ber om at det i skredsikringsplane går fram hvordan denne henger sammen med systemet for porteføljestyring.«

Seinare er og Nye veier AS kopla inn på dette arbeidet sidan desse og har fått riksveg 13 sin nordre del inn i sin portefølje med klart oppdrag å rassikra.

Statsråd Nygård var i slutten av mars 2022 på ei kort synfaring på riksveg 13 gjennom Suldal saman med vegvesenet sine folk og kommenterte til media om at den vedtekne tunellen for Rødslinae må bli kortare utfrå kostnadsbildet. 65 mill. kr låg i Statsbudsjettet 2022 for oppstarten av dette arbeidet.

Seinare på året har fleire sentrale Stortingspolitikarar vore på synfaringar på utsette strekk av riksveg 13.