Vikafjellstunnelen – fjern rasfaren og bind samfunna saman

No må det vera Vikafjellet sin tur

Ytring ved Marta Sofie Vange, styremedlem i Fjordvegen Rute 13 og varaordførar i Vik:
Den 13. september 1957 vart Vikafjellsvegen offisielt opna. Det var ei storhending og eit samferdslepolitisk løft, ikkje berre for næringsliv og folk flest på begge sider av fjellet, men for heile Vestlandet. 65 år har no  gått, og vegen – med nokre få unntak – er i dag i grove trekk den same vegen som  han var på opningsdagen. På dei same 65 åra har det derimot skjedd svært mykje i samfunnsutviklinga på begge sider av Vikafjellet og i heile regionen Vestland. Over tid har det såleis utvikla seg ein       
Marta S. Vange. (Foto: H. K Thorbjørnsen)
utvikla seg ein ubalanse mellom tidsmessig vegstandard og regularitet på den eine sida og samfunns-utviklinga med dei krav som me har lov å stilla i 2022 på den andre
. Dei klimatiske endringane me har vore vitne til, forsterkar denne tendensen.

Riksveg 13 over Vikafjellet er ei livsnerve for næringslivet både i Vik og i regionen elles. Fjellovergangen er definert som heilårsopen, men statistisk er Vikafjellet den mest stengde riksvegen i Noreg. I snitt har han vore vinterstengd 40 dagar i året grunna snøras og rasfare. I tillegg kjem periodar med kolonnekøyring under vanskelege køyretilhøve.
Sommaren 2022 opplevde me også ei sommarstenging midt i travlaste turistsesongen på til saman 6 dagar pga steinras, vedvarande rasfare og rydding langs strekket Skredna på Vik-sida nord for fjellet.

At vegen ikkje er å stola på, skapar store økonomi-  og logistikkutfordringar for næringslivet både i Vik og regionen elles. Ras både vinter og sommar skapar frykt og ekstra store belastningar for brukarane av vegen. Ein ny tunell gjennom Vikafjellet vil vera den einaste fullgode løysinga i dag.
Ein ny tunell vil korta ned reiseavstanden med 8,5 km i høve til no. Reisetida mellom Vik og Voss vil også kunna bli redusert til under 50 minutt – og då på veg med god standard. Ikkje minst vil reisetida til næraste sjukehus på Voss bli sterkt nedkorta. Med stengt Vikafjellsveg vil alternativet vera sjukehuset i Førde, 2,5 timar unna.

Eit særdeles viktig poeng med å byggja ny veg under Vikafjellet gjeld beredskap noko me legg stor vekt på I dagens samfunn. Viss det hender noko alvorleg, må det finnast planar for å løysa kritiske samfunnsoppgåver på ein fornuftig og rasjonell måte. Dei siste åra har me opplevd stengingar på viktige vestlandsvegar som E39 og E16. I dag finst det ingen beredskapsveg til E16 bortsett frå Vikafjellet – når det er ope.

I eit miljøfokus vil tunell gjennom Vikafjellet koma godt ut både rekna i høgdemeter og køyrelengd. I deg brukar operatørane ca 10 000 liter diesel i veka på brøyteoppgåver i vintermånadene.  Med tunell blir dette forbruket då sterkt redusert, og i tillegg vil bruk av mannskap og materiell også gå kraftig ned om vinteren. Denne miljøgevinsten vil også visa att i den dagleg bruken av ein ny tunell der alle køyretøy får denne innvinninga.

Slik situasjonen er i dag, er Vikafjellsvegen til hinder for å kunna byggja eit større bu- og arbeids-marknadsområde i regionen. Kortast mogeleg pendlaravstand, lett og sikker tilgang til jernbane og flyplass er viktige konkurransefaktorar for å skaffa kvalifisert arbeidskraft. Person- og varetransport ut og inn av regionen tel mykje i dagens samfunn.  Ikkje minst reiselivsnæringa som ein av bærebjelkane i næringslivet i regionen ser den store nytten av å få ein ny tunell på plass snarast råd for saman å kunna utvikla både eksisterande og nye fjell- og fjordtilbod på ein god måte. Ikkje minst Myrkdalen og Voss har eit stort potensiale i så måte til liks med fjorddestinasjonane Vik og Balestrand.

Her midt på Vestlandet ligg det store bedrifter med kontorstad på fleire stader i regionen. Vestland fylkeskommune som skuleeigar vil kunna tilby skuleplassar på Voss i rimeleg dagpendlaravstand frå Vik. I dag har ikkje Vik eigen vidaregåande skule, og elevar frå sørsida av Sognefjorden går i dag for det meste på vidaregåande skule i Sogndal der dei bur på hybel heile veka. Vestland fylkeskommune er dessutan lokalisert både på Leikanger og i Bergen, og Vikafjellet vil opplagt bli førstevalet når folk må treffast både med omsyn på avstand og tid med ein ny tunell. Mykje av det same gjeld Høgskulen på Vestlandet med adresser i Bergen, Sogndal og Stord/Haugesund. Store offentlege verksemder som NAV, Statens Vegvesen og Statsforvaltaren har tilhald i Leikanger og i Bergen, alle desse kan ha store føremoner med å ha gode fysiske relasjonar mellom kontora. Med ny tunell vil arbeidsdagen for mange bli mange hakk lettare med vesentleg kortare veg både i kilometer og i tid.

Vinterregulariteten på riksveg 13 over Vikafjellet er så usikker at fjellovergangen bør erstattast med tunell. Arbeidet med å få til tunell under Vikafjellet har vart i om lag 50 av dei 65 åra Vikafjellsvegen har eksistert. Mange såg tidleg begrensningane på standarden på høgfjellsovergangen i Midtre Sogn med ras, rasfare, hyppig stenging og kolonnekøyring. No må tida vera overmogen til å gjera noko med dette.  Vikafjellstunellen må koma på kartet att mot ei snarleg realisering då den samla samfunnsnytten med denne tunellen er så openberr synleg. Denne viktige vegen må inn att på NTP ved komande rullering.

 ____________________________________________________________

FAKTA:

Sidan NTP-vedtak i 2017, har ikkje Vikafjellstunnelen vore inne i Nasjonal Transportplan. Heller ikkje ved NTP-vedtak hausten 2021 kom tunellen med. Sjølv om denne NTP’en viser at nordre del av riksveg 13 er lagt inn i portefølgjen til Nye Veier AS (Skare – Sogndal), er løysing for Vikafjellet ikkje nemnt.
Dette er igjen ei stor skuffelse, og Fjordvegen Rute 13 arbeider for at også dette viktige prosjektet pga rassikringsbehovet må inn i neste NTP.
I forslaget frå Statens Vegvesen pr hausten 2020 låg ikkje Vikafjellstunnelen inne, men mindre rassikringstiltak på sørsida.

Status:
Vintertilhøva er stabilt uhaldbare med stadig stenging pga uver og fare for snøras. Dette gjev låg oppetid samstundes som arbeidet med å prøva å halda vegen oppe vinterstid kostar svært mykje pr døgn. Høg rasfaktor på fleire punkt gjer av vegen raskt blir stengt utfrå prinsippet om føre-var.
Det blir no vinteren 2022 frå Statens vegvesen arbeidd med å betre dokumentera og visa reelt stengt tid over Vikafjellet.

Riksveg 13 over Vikafjellet er ein heilårsveg som i prinsippet skal vera open tilnærma kvar dag året rundt. Det er han ikkje men tvertom den mest stengde heilårsvegen i Noreg. Det er ein lang, smal, bratt og svingete veg i ope landskap som raskt snør eller bles igjen. Snøen som brøytemannskapa må fresa vekk kan vera opptil seks meter i høgda. Dessutan kostar det storsamfunnet dyrt å halda vegen vinteropen. Berre i desember 2013 kosta vinterdrifta over Vikafjellet om lag 2,2 millionar kroner.

Den dårlege vinterregulariteten fører i dag til store utfordringar for næringslivet og innbyggjarane i regionen. Grunna vêrtilhøva om vinteren er vegen ofte stengt eller berre open for kolonnekjøring. I åra 2007-2012 var det i snitt 1.500 timar kvart år der vegen over Vikafjellet anten var nattestengt, mellombels stengt eller berre open for kolonnekjøring. Frå 2013 har stengt tid pr vinter vore mellom 1.500 – 2.000 timar.
Vinteren 2019-20 hadde svært mange døgn stengt veg.

Dessutan fører vegen til unormalt stor slitasje på materiell og sjåførar. I tillegg skapar den utrygge forhold for alle som ferdast der – ikkje minst møtande trafikk når eit 50 tonns vogntog skal takast opp og ned slike høgder på speilblankt vinterføre. Norske transportørar som opererer vogntoga sine året rundt føler dette som ekstra slitande.

Ein semitrailer eller vogntog som kjører dagens veg bruker om lag 9,5 liter diesel per mil. Med ny Vikafjellstunnel vil ein ikkje berre få kortare veg, mindre stigningar og jamnare fart, men ein vil òg redusera drivstofforbruket per mil til 6,0 liter. Det betyr at ein trailer, berre éin veg gjennom Vikafjellstunellen, vil spara heile 45 liter diesel, noko som betyr både billegare transport men òg mindre skadeleg for miljøet.

Dersom vegen skal vera eit reelt vinterope alternativ for tungtransport til og frå nordsida av Sognefjorden, må det veljast ei veg- og tunneløysing som fjernar dagens stigningsproblematikk. Vikafjellstunnelen – med trygg veg mellom Vik i Sogn og Voss  – er viktig for heile regionen og som indre samanbindingsveg av storfylket Vestland. Ein får då ein vinteropen, sikker veg med moderat stigning, noko som igjen vil gje store innsparingar i direkte transportkostnader og kjøretid, men òg for miljøet.

Frå 2020 går Riksveg 13 inn på nordsida av Sognefjorden til Sogndal som avslutningspunkt og Vikafjellet er blitt enno viktigare for samanbindinga av regionen.
Les om nye Fjordvegen og kor viktig vegen er for Vestland fylke.

Vik Næringssamskipnad jobbar kontinuerleg for betra samferdsel og tunnel gjennom Vikafjellet.

Myrkdalen Fjellandsby nord for Voss er og svært opptekne av å få på plass tunnel gjennom Vikafjellet.