Fjordvegen Rute 13

Navigation

  • Aktuelt
  • Mål og resultat
  • NTP 2022-2033
  • Reiseliv
  • Næring
  • Medlemmer
  • Organisasjonen
    • Styret
    • Vedtekter
    • Handlingsplan
    • Årsmeldingar og rekneskap
    • Møtebøker frå styret og årsmøte
    • Uttalar frå styret i Fjordvegen Rute 13
    • Personvern
  • Kontakt

NTP 2022 – 2033-prosessen: Aktiv handling for skredsikring og standardheving frå Fjordvegen Rute 13

Korleis er Fjordvegen Rute 13 engasjert i NTP-prosessen:

Styret i Fjordvegen Rute 13 har sett sterkt fokus på prosessen fram til nytt Stortingsvedtak av revidert NTP i juni 2021, og har same fokus og hovudprioriteringar som vart selskapet sin offisielle uttale til sist NTP. Årsmøtet 2020 støtta arbeidet og selskapet sine planar.
Samstundes har det

blitt klart at å heva fokuset på å få på plass ein Nasjonal rassikringsplan er viktigast i kampen om ressursane i prosessen til vedtak i Stortinget i 2021.
Covid-19 situasjonen har mange årlege konferansar og andre gode arenaer blitt avlyste. Ein har heller auka aktiviteten rundt små møte med inviterte Stortings-representantar på synfaringar på Rv 13 eller ved digitale møte, samt samarbeide med Nasjonal Rassikringsgruppe.
(Døme i fotoa: Nettmøte mellom styret/administrasjonen og FrP på Stortinget v/Morten Stordalen, Helge Andre Njåstad og Bård Hogsrud i januar 2021. Omtale i Hardanger Folkeblad).
Sverre Myrli, Ap – Transport- og kommunikasjonskomiteen Stortinget, på synfaring saman med lokale Ap-folk langs riksveg 13 nord for Odda hausten 2020. )

 

Uttalar – fase 1 (2020): Nasjonal rassikringsgruppe viser at ca 70 milliardar er det nasjonale behovet for skredsikring av punkt med høg og middels faktor på både riks- og fylkesvegar. Det høge talet kjem m.a. av betre plangrunnlag og nøyare utrekningar enn for fire år sidan saman med aukt mengde ras på fleire strekningar. I løpet av 12 år må raspunkta vera sikra, seier gruppa. 70 milliardar er ikkje meire enn 6-7 % av heile NTP-budsjettet.

Ansvaret for fylkesvegane er som kjent flytta tilbake til fylka, og midla hit er ikkje lenger øyremerka.

Leiar i Nasjonal rassikringsgruppe, tidlegare fylkesordførar i Sogn & Fjordane Jenny Følling etterlyser til NRK  innsats og krev Nasjonal rassikringsplan.

Fjordvegen Rute 13 støttar kravet om ein slik plan og auka ressursar til dette livsviktige arbeidet.
Fjordvegen Rute 13 har fremja dette kravet i sine presentasjonar og ved uttale til revidert NTP til medlemsfylka Rogaland og Vestland pr april 2020.

Fjordvegen Rute 13 påpeikte vidare at det er uhyre viktig at medlemsfylka samordnar sine uttalar vedk. Riksveg 13 for å få gjennomslag.

Les Uttalen frå Nasjonal Rasikringsgruppe til fylka si høyringsrunde i mars/april 2020. Hovudpunkta i denne er tatt inn i dei politiske behandlingane pr 17.4. i Rogaland og Vestlandsrådet. Vestland fylke har seinare hatt si behandling.

Fjordvegen Rute 13 sin administrasjon saman med styreleiar og fleire styremedlemmer har våren 2020 vore på fleire høyringsmøte med  fylkesadministrasjonane og politikarar tidleg på våren 2020. Me har og før april orientert fylkesordførarar og leiarar i samferdsleutvala i Rogaland og Vestland.
Fjordvegen Rute 13 sin Årskonferanse som var sett til 27.4. på Sola måtte avlysast grunna utbrotet av koronavirus.

Selskapet støttar og opp medlemma sine initiativ. Dessverre er dei fleste av dei planlagte møta med eigarkommunane avlyste dette året.

Vestlandsrådet hadde NTP til behandling i digitalt fjernmøte 20.5.2020 med følgjande saksutgreiing  (vedtatt).

 

Fase 2 – uttale frå fylkeskommunane o.a. til Prioriteringar frå Statens Vegvesen (2020):
Vedtak i medlemsfylka som uttalar om prioriteringar til revidert NTP føreligg pr medio mai 2020. Rogaland fylke i fylkestinget 28. april og Vestland fylke i fylkestinget 12. mai har gitt sine uttalar til NTP til frista 15.5.2020.

Prioriteringane til NTP frå Statens vegvesen: Liste
Alt om NTP-prosessen 2019-2021 og innleverte svar kan du lesa her.
Fjordvegen Rute 13 ga sin uttale til prioriteringane i styremøtet i juni.

Nasjonal rassikringsgruppe har i september 2020 kome med følgjande pressemelding .
Gruppa syner m.a. til ei analyse gjort i Nord Norge av Menon Economics for tidskostnader ved forsinkingar for transport av sjømat frå Nord-Norge.
Kostnader knytt til verditap som følgje av forseinkingar på veg blir i dag ikkje vurdert når staten gjer vurderingar av nye vegprosjekt.
Dette forholdet spelar difor heller ikkje inn i den mer overordna og langsiktige planleggingea av Norges transportinfrastruktur i Nasjonal transportplan (NTP). Dette er problematisk fordi ei rekke strekninger er prega av mykje godstransport der forseinkingar gjev store tap. Ikkje minst gjeld dette frakt av fersk fisk.


Fase 3 – Ytterlegare utrekningar og innspel hausten 2020 og vinteren 2021:

Hausten 2020 er det på bestilling frå Samferdseldepartementet lagt fram nye reviderte rapportar frå Statens Vegvesen. Også Nye Veier AS er komen på banen.
Les meir om NTP her – svarbreva til 15.10: Ytterligere leveranse til Oppdrag 9 Oppdaterte beregninger

Statsbudsjettet for 2021 framlagt av regjeringa som forslag i oktober har og medført politisk debatt om satsing på rassikring.
Frp kom med alternativt Statsbudsjett og forhandla med regjeringa. Frp sitt forslag hadde noko auka satsing på rassikring av fylkes- og riksvegar i 2021, og vedtaket i Statsbudsjettet gav eit tilskot til standardbetring på riksveg 13 mellom Kinsarvik og Hardangerbrua.

Styret i Fjordvegen Rute 13 har i styremøte i november bestemt å visa si bekymring til Statsråd Hareide i brev datert 26.11.2020: brev om Riksveg 13 i ny NTP til Samferdselsdepartementet samt pressemelding om dette. Det har rast fleire større steinras siste halvåret både i Rødsliane flerie gongar, ved Ylvisaker og på strekket Odda – Tyssedal. Sommar en 2020 var trafikksituasjonen sør for Hardangerbrua kaotisk og uforsvarleg i høve beredskapen. Vinterstid er Vikafjellet uberekneleg og får låg oppetid då vegen blir stengt på kort varsel som eit føre-var tiltak  i høve snøras og dårleg ver.

Avveging av risiko for ras  samt låg standard sett i høve samfunnsøkonomi og ÅDT er eit kjernepunkt i dei politiske prioriteringane vidare i prosessen til Stortingsvedtaket i juni 2021. Det er grunn til å spørje om vektlegginga av bruk av Samfunnsøkonomisk nytte som einaste hovudkriterium og eindel av faktorane som er lagt til grunn i dette begrepet. 

 

_________________________________

Bakgrunnsrapportar til NTP-prosessen 2019-2021:

Statens Vegvesen la i desember 2019 fram ein svært viktig revidert rapport som eit av grunnlaga for prioriteringane i ny NTP: Skredsikringsbehov for riks- og fylkesvegar i Region vest. 
Sidan sist Stortingsvedtak om NTP i 2017, har fleira av dei strekka som styret og medlemma utpeikte langs Rv 13 fått forverra situasjon. Ma. er skredfaktor no for delar av Vikafjellet 5,3 (foto øvst), medan høgaste faktor for noko strekk i Region vest er 6.0. Rødsliane på Riksveg 13 gjennmo Suldal har hatt 2-3 støre steinras sommaren 2020, og nm.a. NAF avd Stavanger og omeign har hatt aksjon i Suldal 18.9.

Rv 13 har ca 16 skredpunkt med høg skredfaktor (3,5-6,0), men fleire av desse ligg samla på same strekningane som på og nær Vikafjellet, Odda – Tyssedal, Brattlandsdalen og Rødsliane. (Foto oppe til høgre, Suldalsposten: steinras over riksveg 13 ved Suldalsvatnet hausten 2019)
Statens vegvesen har fått no rekna på fleire av skredpunkta som er definert som problematiske punkt. Det er no tal for alle punkt med høg og middels skredfaktor, men med usikkerheit på 25% der det finst eit plangrunnlag, og 40 % usikkerheit der det ikkje finst plan.
Delfaktoren Omkøyringstid er noko endra til meir reell tilleggstid for omkøyring.

Frå rapporten:
Faktiske forhold på strekninga gir kvar einskild faktor ein verdi frå 0 til 10. Kvar faktor vert vekta som vist under. Skredfaktoren er summen av dei vekta faktorane.
Nr Faktor                                                                                                                                     Vekttal
F1 Trafikkmengdefaktor (basert på vegens trafikkmengde – ÅDT1)                                             0,20
F2 Skredfarefaktor (basert på skredfrekvens * skredets gjennomsnittlegebreidde på veg)      0,20
F3 Omkøyringsfaktor (basert på ekstra køyretid grunna venting og omkøyring)                       0,15
F4 Stengingsfaktor (basert på tal gonger vegen er stengd på grunn av skred)                             0,15
F5 Skredfarestengingsfaktor (basert på tal døgn vegen er stengd på grunn av skredfare)        0,10
F6 Naboskredfaktor (basert på fare for nye skred i område kor trafikken ventar/oppheld seg etter at skred har gått)  0,10

Skredpunkta vert delte inn i følgjande skredfaktorkategori:
Skredfaktorkategori    Skredfaktor
Høg                                        3,5 og høgare
Middels                                 2,5 – 3,49
Låg                                         2,49 og lågare

 

17. mars 2020 (korrigert 26.3.) var dokumentet med prioriteringane frå Statens Vegvesen til revidert NTP lagt fram. I tillegg er det utarbeida ei liste over prioriteringar.
Prioriteringane følgjer dei overordna premissane og bestillinga frå regjeringa som er Samfunnsøkonomisk nytte. Dette omgrepet innbefattar ikkje vektlegging av rassikring utfrå liv og helse, men hovudsakleg netto nytte pr budsjettkrone (NNB). Det er difor prioritert store vegprosjekt og lite til rassikringsprosjekt generelt og Rv 13 spesielt i forslaget i 1. periode av ny NTP 2022-2033. Dette er svært urovekkande for Fjordveg-regionen.

Statens vegvesen har og utarbeida ein rapport om Samfunnssikkerheit for samferdselsdepartementet.  Her er riksveg 13 sin rolle omtalt i avgrensa omfang knytt til korridor 4 og 5. Det er grunn til i sjå på sikkerheit for lokalsamfunna i større breidde enn det som står i denne rapporten.

Seinare har departementet bedt om ytterlegare svar som kan lesast på departementet sine samlesider for NTP.

Fjordvegen Rute 13 sitt arbeide skjer vanlegvis både gjennom Årskonferansen, støtte til og deltaking i lokale engasjement frå medlemskommunar, møte med Stortingsbenkane, møte og oppfølging med fylkeskommunar og byane.
Selskapet har og kontakt med Statens Vegvesen, Nye veier AS og andre fagmiljø og gått gjennom uttalar, presse og mediaarbeide og samarbeide med t.d. Nasjonal Rassikringsgruppe og næringsliv. Utålmodige lokalmiljø og næringsaktørar som kjenner problema på kroppen dagleg, held trykket på.

Ettersom klimautfordringane aukar, er behovet for rassikring stadig aukande. Dette saman med den krevjande, seinkande og trafikkfarlege situasjonen med sterk standardvariasjon på Rv 13 over lange strekk, gjer arbeidet svært viktig.

Kategori: Aktuelt, NTP 2022-2033 og vedtatt NTP 2018-2029
Merka:
ntp, rassikring, Riksveg13, samferdsel, uttale

Sist oppdatert: 18.01.2021

Tidlegare nyheitsbrev

Nyheitsbrevet Fjordveg-drøsen nr 4/2020

Nyheitsbrevet Fjordveg-drøsen nr 3/2020

Nyheitsbrevet Fjordveg-drøsen nr 2/2020

1 day ago

Viktig styremøte på nett: Grundig drøfting av arbeidet fram mot framlegging av NTP-forslaget i mars.
Kva for Stortings-parti vil jobba med oss for auka rassikring, liv og helse?
Kven deler synet på verdiane i dei indre fjordar og den viktige pulsåre-rolla som riksveg 13 har?
Her skal det jobbast med politikarar og saman med næringslivet.
... See more

Personvernerklæring - Copyright © 2021 Fjordvegen Rute 13 – Utforma og drifta av Glynt

MENY
  • Aktuelt
  • Mål og resultat
  • NTP 2022-2033
  • Reiseliv
  • Næring
  • Medlemmer
  • Organisasjonen
    • Styret
    • Vedtekter
    • Handlingsplan
    • Årsmeldingar og rekneskap
    • Møtebøker frå styret og årsmøte
    • Uttalar frå styret i Fjordvegen Rute 13
    • Personvern
  • Kontakt
We use cookies to ensure that we give you the best experience on our website. If you continue to use this site we will assume that you are happy with it.Ok