Smal veg – eit stort hinder for utvikling og vekst

 

Ullensvang Reiseliv skal ivareta interessene til reiselivet i Ullensvang. Næringslivet vårt er, som alle andre stader, avhengige av effektive og pålitelege transportårer, der varer og personar kan fraktast raskt og trygt gjennom heile året.

Styreleiar Lars Inge Thorset, Ullensvang Reiseliv har i oktober 2020 skrive eit velpoengtert lesarinnlegg: Finnes det verkeleg værre riksvegar i Norge? om dei prekære tilhøva kring Rv 13 Kinsarvik – Bu og manglande forslag til finansiering av nødvendig utbetring i regjeringa sitt forslag til Statsbudsjett 2021.
Situasjonen er alvorleg  for tryggleik og framkomst gjennom sumaren, skriv han, noko trafikktala som Fjordvegen Rute 13 har sett på viser klart. Aukt trafikk og korkdanningar dei siste åra gjer det uforståeleg at dette strekket ikkje er høgare prioritert.

 

Riksveg 13 langs Sørfjorden går gjennom vakkert landskap, med fjord, fjell, fossar og fonn. Dette er Nasjonal turistveg Hardanger.

Men me som lever og produserer langs riksveg 13 ser ikkje alltid idyllen. Me køyrer på ei smal berghylle, med bratt fjellvegg på ei side, og fjorden langt under oss. Vegbanen er smal, svingete og uoversiktleg. Me fryktar snøskred og steinsprang.

Men me har berre denne vegen. Her reiser skuleborn, pendlarar, yrkessjåførar, turistbussar og bubilar. Kvar dag heile året. Bedriftene våre har ingen anna veg dei kan få inn varer til butikkane sine, arbeidsfolk på jobb, varer ut frå produksjonslokala. Dette er vegen kundane våre skal reisa, for koma til oss.

 

Det kostar pengar

Det er ikkje greitt å vera redd på veg til jobb. Det er ikkje greitt å vera engsteleg for barn på skulebussen. Det er ikkje greitt å vera yrkessjåfør langs riksveg 13. Dette syns heller ikkje kundane våre, som ikkje vil overnatte hos oss, fordi vegen er skremmande.
I tillegg er trafikksituasjonen mellom Kinsarvik og Bu farleg og totalt uhaldbar sommarstid.

Dette kostar også pengar. Når varene kjem for seint fram. Når arbeidstimane går vekk i å køyra ein kort vegsnutt. Når kundane våre ikkje kjem – fordi dei ikkje tør eller fordi reisa kan ta for lang tid.

Me har berre denne vegen.

Status utan innhald?

Det er klart me er stolte over å halda til langs Nasjonal turistveg. Men det kan fort verta ein status utan innhald, om det ikkje vert lagt til rette for økonomisk utvikling ikring dette. Potensialet for drift , og meir heilårsdrift, er heilt avhengig av transportårene.

Gult er meir enn berre kult. Gult kan også hindra ulykker. Gul midtstripe gjer at bedrifter sparar pengar og ikkje minst at bedrifter tenar pengar. Gult er utvikling og vekst!